«Det er mer skattepolitikken enn næringspolitikken. Jeg opplever at næringspolitikken har vært mer fremoverlent og aktiv enn på lang, lang tid.»
Slik svarer vår nye næringsminister Cecilie Myrseth (Ap), når ho blir konfrontert med at regjeringa blir skulda for å føre ein «næringsfiendtleg» politikk (nettstaden Altinget, 8/5).
Slik demonstrerer også Næringsministeren hovudproblemet med Ap/Sp-regjeringa for norsk næringsliv: Det er ei regjering der kvar statsråd styrer med sitt. Og omsynet til næringsliv og arbeidsplassar landet rundt står langt nede på dagsorden for dei fleste av dei – herunder Finansministeren.
For skattepolitikk ER næringspolitikk. Når denne regjeringa i praksis har dobla eigarbeskattinga for norske private bedriftseigarar, har innført uforståelege og heilt uventa nye straffeskattar på tilsetjing av arbeidstakarar med høgutdanning (ekstra AGA på høge lønningar) og no også varslarein ny exit-skatt for å stoppe den dramatiske kapitalflukta ut av Noreg som regjeringa sin øvrige skattepolitikk har ført til – så ER det næringspolitikk. Uansett om det er Finansministeren som formelt sett har ansvaret, ikkje Næringsministeren.
På same måte er det næringspolitikk når Arbeids- og sosialministeren strammar inn Innleigereglane slik at tusenvis av sjølvstendige konsulentar misser jobben og må legge ned einmanns-bedriftene sine, eller når Helseministeren kastar private og ideelle aktørar ut av velferden.
No – i Revidert Nasjonalbudsjett 2024 – ser vi at regjeringa sin næringsfiendtlege politikk virkar. For eitt år sidan spådde Finansdepartementet at investeringane i norske bedrifter på fastlandet skulle auke med 2% i 2024. No er prognosen snudd på hovudet: Finansdepartementet varslar no eit fall i bedriftsinvesteringar på fastlandet på 2,6%. Og eit endå større fall neste år, med 3,4%.
Det er aller mest dramatisk for distrikts-Noreg – der mange lokalsamfunn står og fell på lokale bedrifter med lokalt eigarskap – eit distrikts-næringsliv som no mange stader må trekke i bremsene.
Så ja: Regjeringa sin politikk virkar. Og skattepolitikk er næringspolitikk. Og så lenge dagens regjering ikkje skiftarskattepolitikk, er det beste svaret for norsk næringsliv ei ny regjering og eit sterkast mulig Venstre på Stortinget etter valet i 2025.
Alfred Bjørlo,
stortingsrepresentant for Venstre