iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Seks fartssyndere tatt i Gjerstad tirsdag ettermiddag

    18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    18. august 2026

    Overleverte ny tomannsbolig i øvrebygda til Gjerstad kommune

    18. august 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Kåre Dalane. Arkivbilde
    Meninger

    Meninger: Einvegskøyring på Gjerstadvegen?

    By Kåre Dalane2. mars 2023

    "Dersom det skal vere noko i at det skal satsast på kultur i Kjørkebygda så må biblioteket bli verande der". //Kåre Dalane
    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    «Vi bygger ikke ned kirkebygda. Vi gjør faktisk det motsatte». Dette uttaler ordførar Steinar Pedersen på nettstaden iGjerstad.

    Det høyrest ut som ein festtale for velvillige tilhøyrar, eller kanskje ein tale til Høgres årsmøte. For dei flest av oss andre synes det som at han er angripen av tunellsyn, med smalast mogeleg synsvinkel. Ja, det er bra det som skjer på kommunehuset. Kommunen gjev eit generøst tilbod til lag og foreiningar og andre som treng eit lokale. Og skapar plass til eit livssynsnøytralt seremonirom, som kommunen er pålagt å tilby.

    Men dersom synsvinkelen blir auka litt, kva ser vi då? Eg skal ikkje liste opp alle dei funksjonar og institusjonar som er flytta frå øvre Gjerstad til ytre del av bygda, men nøyer meg med å nemne skule, legekontor og lensmann. Lista kunne vere mykje lengre. Noko av det har kommunen hatt kontroll over, anna følger med i dragsuget. Når det blir protestert mot dette får me høyre at det er utviklinga, me kan ikkje strete imot. Men skal det vere slik at utviklinga er einvegskøyrd? Me er då bare ei lita bygd, seier nokon! Me må slutte å snakke om øvre- og ytre. Det er ikkje så lett når me opplever at alt bare blir flytta ein veg. Eg meiner ikkje at alt som har skjedd i bygda er feil og negativt, men når totalinntrykket så tydeleg, og viser det at det går bare ein veg, er det vanskeleg å se at heile bygda er likeverdig.

    Det er i gong ei utgreiing om barnehagestrukturen i Gjerstad. Og no skal biblioteksdrifta utgreiast. Ordføraren har rekna ut at det koster kommunen kr 340 pr utlånt bok å oppfylle denne lovbestemte tenesta. Kanskje burde me gjøre tilsvarande utrekningar for alle tenestene i kommunen, og finne ut kva som løner seg og ikkje?  Men biblioteket er så mykje meir enn utlån av bøker.

    Eg er innom biblioteket fleire gonger kvar månad, og eg ser noko av det som føregår der. Dersom ein ønsker bøker som ikkje finst der, låner dei inn frå andre bibliotek. Det er ein møteplass der folk kan kome inn og sitte ned, og sjå i blader og bøker. Det er forfattarkveldar, der ein kan møte interessante folk. Der er diskusjonskveldar, og det er informasjonsmateriell om ting som føregår i bygda. Eg registrerer at folk kjem dit med mobiltelefonar og PCar som har slått seg vrange, og får god og kyndig hjelp, og biblioteket driv med arbeidstrening for folk som treng det. Der står PCar som blir brukt av folk som ikkje har tilgang til eigne maskiner. Bibliotekaren har dessutan andre oppgåver i kultursektoren utanom biblioteket. Ettersom biblioteket ligg på ein offentleg plass med andre tilbod rundt, er det ein låg terskel for å kome dit.

    Eg høyrer at det blir tenkt på å flytte biblioteket til Abel skole. Det vil bli ein mykje høgare terskel å kome over for å gå inn der, anten det er i eller utanfor skuletida. Det vil fort feste seg ei kjensle av at dette er noko som høyrer til skulen, og ikkje så mykje for folk flest.

    Eg meiner ikkje at alt må vere som det er. Me må ta vare på dei gode tilboda me har, og bygge vidare på dei. Dersom det skal vere noko i at det skal satsast på kultur i Kjørkebygda så må biblioteket bli verande der. Tilbodet bør vere minst like stort som det er i dag. Bruk utgreiinga som er i gong til å tenke på nye oppgåver biblioteket kan få for å styrke denne viktige servicen til innbyggarane i Gjerstad. La biblioteket bli ein viktig møteplass for alle!

     

    Kåre Dalane

    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Kåre Dalane

    More Cases

    Artikkel 18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    Kronikk 29. juli 2026

    – Bompenger er en moderne form for landeveisrøveri som må avskaffes

    Kronikk 21. juli 2026

    – Sammen er vi mindre aleine

    Kronikk 13. juli 2026

    Norge trenger strengere straffer for dyremishandling!

    Artikkel 29. juni 2026

    – Fjerning av skattefritak på hyttesalg er ingen god idé

    Kronikk 25. juni 2026

    – Skattene må ned!

    Kronikk 19. juni 2026

    – Nå skal bakmennene tas

    Kronikk 15. juni 2026

    Meninger: -Tillit krever like spilleregler

    Kronikk 12. juni 2026

    Senterpartiet stoppet gebyrsmellen for lovlydige våpeneiere

    Kronikk 8. juni 2026

    Sps bygg- og anleggspakke bygger hele Norge

    Kommunale saker 31. mai 2026

    Møteplassen er åpen fra 12-16 mandag

    Meninger 16. april 2026

    Spinn og uro om overtidsbetaling

    Kronikk 13. april 2026

    Samfunnssikkerhet krever samarbeid – nå mer enn noen gang

    Kultur 12. april 2026

    NORSK SKANDALE: 22.000 flasker god vin går rett i vasken!

    Meninger 2. april 2026

    – Innfør maxpris på diesel og bensin

    Kronikk 2. april 2026

    Tillit og kontroll i kulturminnevernet

    Kronikk 31. mars 2026

    Fra skateboardforbud til formuesskatt

    Kronikk 30. mars 2026

    – Drivstoffavgiftene må ned!

    Kronikk 20. mars 2026

    – Når staten svikter dem som flykter for livet

    Meninger 19. mars 2026

    – Monsterlønns-galoppen i Equinor må stoppes!

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Kommunale saker 10. mars 2026

    Høyre-kommuner snur underskudd til overskudd

    Meninger 26. februar 2026

    – Det er da ingen menneskerett å få opphold i Norge?

    Helse 19. februar 2026

    – Pass på husdyrene i vinterkulda!

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Seks fartssyndere tatt i Gjerstad tirsdag ettermiddag

    18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    18. august 2026

    Overleverte ny tomannsbolig i øvrebygda til Gjerstad kommune

    18. august 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up