– Ei overskrift på nettet får meg til å reflektere litt over utviklinga i samfunnet:
«Musikken si framtid er i kunstig intelligens, mener den franske hitliste-toppende DJ-en David Guetta.»
Han opnar for kunstig intelligens i musikken. Men kor går grensa? Min gamle bestefar tok av seg hatten og klødde seg i hovudet, då han såg far min vinsja inn 5-6 stor stokkar inn til traktoren; ein liten Agria drabant, – i ei vending. Sjølv ville han brukt minst fem gonger så lang tid med hesten, endå denne traktoren var mindre enn ein hest. Her såg han noko som skulle gje samfunnet meir pengar og at det skulle bli betre kår for arbeidsmannen.
Arbeidsoppgåvene blir meir og meir tekne over av maskiner og teknologi. Den franske DJ-en David Guetta, har sagt at framtida til musikken ligg i den kunstige intelligensen. Vi har sett at den kunstige intelligensen blir brukt meir og meir. Då tenkjer eg: Kor går grensa – kva for rolle har menneska, korleis vil dei utvikla seg når dei ikkje kan bryna seg på kvarandre? Skapa kulturar for utviklinga.
Vil tru at kunstig intelligens kan vera eit godt verktøy på somme felt, men at det på andre felt kan vera hemmande for menneska. Ein vil kan hende tape kampgløden på vandringa vidare, om ein får alt på eit fat frå dette kunstige. Det har sjeldan blitt slik at dette gjer betre kår for arbeidsmannen. Det ein kan sjå er at dei som eig nyutviklingane, fyller opp pengebingane sine og stikk av til Sveits – for å sleppe å yte skatt til statskassa.
Eg er redd for ei framtid der innhaldet i vår kvardag, i fjernsyn og i media er erstatta med kunstig intelligens – kan hende òg vil erstatta psykologteneste, prest, lærar, politikarar – ja, «you name it» som dei seier i Setesdal.
Det er vel ikkje stort ein sjølv kan gjere med denne utviklinga av nedbygging av åndsverk.
Sjølv vil eg gå inn i den verkelege sfære av åndsverk ved å låne ei god bok på biblioteket, møte levande menneske, vel vitande om at kunstig intelligens ikkje kan erstatte ekte åndsverk, – ja så lenge vi har bibliotek då. Biblioteket blir vel etter kvart berre å finna på internettet med ferdig sensurert tekst, slik dei no gjer med Roald Dahl sine forteljingar.
Så, liggjande i sofaen – i ei kapittelpause, vil eg truleg lytte til og nyte Peter Green (Fleetwood mac) sitt store åndsverk: Albatross – og på denne fantastiske gitarlåtenvil sveva høgt over alt dette kunstige, og – kan hende finne menneskeleg, musikalsk inspirasjon.
Oskar Brendalsmo