Så er det denne krafta då – som skal bere samfunnet vårt på sterke armar inn i framtida; berekrafta. Mange snakkar om berekraft og ser berre tal, debet og kredit, med strekar under. I mange år har eg laga innlegg i lokalavisa og igjerstad.no, der eg skriv om kor viktig kulturinstitusjonane og kulturen er for samfunnet. Men endå ein gong: Det kjennast som om kommunestyringa har ein brytar som sjaltar ut forstanden i kultursamanheng.
Skal ikkje kommunesektoren vere bandet mellom innbyggjarane og beslutningstakarane? – Det var rein flaks at eg merka meg det som ikkje stod i kommuneplanen, det stod; «med meir» der biblioteket absolutt skulle vore nemnt. No veit vi alle at ei utgreiing ikring biblioteket alt var i gong.
Kulturen i seg sjølv er ei plattform for det å finne kunnskap, å vurdere seg sjølv, streve seg fram mot eit mål. Ein arena for samspel og å finna fram til noko som er større enn ein sjølv. Omgrepet kultur set oss på prøve i det å nytte sanseapparatet; visuelt, taktilt, det auditive o.s.b. Alt dette gjer oss i stand til å ta til oss verdsbiletet med større visse. Ikkje berre tal på eit papir.
Biblioteket er eit viktig nav i kulturutviklinga og eit døme på ein open og gratis arena, der dørstokken alltid er låg. Biblioteket kan formidle fagleg og politisk nøytral kunnskap og kan leggja til rette for debatt der vi kan bryne oss på kvarandre. At skuleelevane vil slite ut hengslene til bibliotekdørene, har eg inga tru på.
Ein ressurs. Når vi syter for ein velutvikla kulturell infrastruktur der vi kan oppleve, produsere, drive opplæring og formidling, ja – då tar vi kulturfeltet inn som ein ressurs i ein kommunal berekraftig politikk.
Inne på ei god låm: Det er positivt at kommunen bed lag og foreiningar inn i det gamle administrasjonsbygget. Det er starten på noko som kan bli eit fint kulturhus. Å ta biblioteket vekk frå dette er ein stor feil. Nokon vil utgreie om biblioteket skal flyttast til Abel skule, Eg er einig med Kåre Dalane i at dette vil gjera dørstokken høgare for å kome til biblioteket. Mi meining er at dette er ei oppsplitting av kulturtilbodet i kommunen og ei nedbygging av kulturen og nedbygging av kulturbygda. Utan den kulturelle berekrafta er det knapt puls i kommunen i det heile. Slagordet for Gjerstad kommune er: Best når det gjelder. Nå har de sjansen til å syne oss at det er noko i dette – ikkje berre skryt på eit brevark.
Oskar Brendalsmo