Laurdagstankar frå ein Gjerstubar
Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

- Ein skikkeleg husstand hadde utedass med to hol, ja noken tre au!

// Halvor Røylen

Kvar gong eg køyrer forbi skulen på Byholt så ser eg med nostalgi på utedassen som endå står der. Sagt på ein litt annan måte; kvar gong eg køyrer forbi utedassen på Byholt så ser eg med sentimental lengt attende til ein tidlegare del av livet. Lengt og lengt. Nei eg kan ikkje sei at eg lengtar etter å måtte setje meg på ein utedass, men det er nå ei oppleving å ha fenge med seg i oppveksten det au.

 

Der var reine arkivet av gamle aviser og vekeblad, og fekk ein ei side av eit vekeblad, så kan ein sei det gjekk glatt føre seg. Eg trur ikkje eg tek mykje feil dersom eg seier at det om lag på kvar einast dass, så låg avisa For fattig og rik der. Det var eit norsk kristent «oppbyggelsesblad». Det kunne vere greitt å få lest nokre oppbyggeleg ord, slik at ein kunne få lette samvitet også mens ein sat der, ikkje bare lette på trykket.

 

Ein skikkeleg husstand hadde utedass med to hol, ja noken tre au! To for vaksne og eitt for smårollingane. Eg har ikkje opplevd det sjølv, men eg har meir enn ei gong prøva å førestille meg når det sit to vaksne samstundes. Det er lite truleg at likestillinga hadde kome så langt på den tida at der sat mann og kvinne, nei det var nok mann og mann eller kvinne og kvinne vil eg tru.

 

Mannfolk. 

-(Støn!) I går (støn!) skal eg sei (støn!) Gerhardsen heldt ei god tale om Kings Bay ulykka.

-Jaaa (støn!), men det spørst nok om ikkje dessa borgarlege(støn!!) kjem til å stiii—le miiiiistillitsforslag.

-Deeet blei saaaaagt på radioen i dag at dessa to (støn!) frå Sosialistisk (støn!) folkeparti kjem til å stytte dei borgarlege (støn!).

-Då er det vel Lyng som blir statsminister dååååå (støn!).

-Han trur eg at ikkje blir sitjande meir enn (støn!) fire veker.

-Får håpe du (støn!) får rett, dååå får me tilbakeGeeerhardseeen (støn!) får eg håpe.

-Åt du kvitlauk i går?

-Ja, kan du sende meg eit tørk?

 

Kvinnfolk.

-(Stille forsiktig støn) Det var ein nydeleg blautkake (stille forsiktig støn) du hadde baka.

-Takk for det du (stille forsiktig støn), du synets ikkje den var for blauuuut?

-Nei, nei, den var så god (stille forsiktig støn), kan eg få oppskrifta?

-Jau det kaaaan du, men eg har oppi noke meeeiir en det som står (stille forsiktig støn) der.

-Hå då?

-Det (stille forsiktig støn) er hemmeleg.

-Så fin du er på håret iiiiii dag.

-Takk, skal eg sende deg eit tørk?

 

Utedassen kan vere ein stad som ein kan få inspirasjon. Ja, ein dag tok eg med meg blyant og papir, og her er resultatet.

 

Vil ein ha ro, så er detta plassen,

Eit lite hus, det er utedassen.

Her kan ein mens trykket letnar

Gruble og tenke på kongar og knektar.

 

 

Men makta til kongen og knekten

den er nok borte og vekk den.

Makt nyttar lite på denne plassen,

det er ikkje slottet, men dassen.

 

Eg hugsar au læra frå skuleåra

at ingen som sat her vart banesåra.

Her herska den salige trygge freden

når andre slost og fekk av seg vreden.

 

Det som denne fred kan truge

er at folk ikkje lenger or hus vil fluge,

men inne, mest i stoga site,

der er ingen fred må vite.

 

Då er ikkje namnet lenger dass, men klosett,

kan du skjønne denne endringa med ett?

Med vatn lorten ned ein skyller,

lort som bekkar, tjønnar, sjøar fyller!

 

Er det rett at dette som gjev jorda grøde

og som gjer at me får føde,

skal for oss bli reine pesten.

Kan det øydelegge heilt eller bare nesten?

 

Det beste er nok med fall i grunnen

men-, denne tid den er nok svunnen.

For den som føler seg trøtt og jaga

er utedassen som til den laga.

 

For øvrig, store dramatiske dikt som blant anna Per Gynt, Brann og Terjevigen blir framført på norske teater. I Junaitensitt største teater, Senatet, framfører dei nå, med stor teatralsk dramatikk, teaterstykket Riksrett.

 

Halvor Røylen

Gjerstubar

Flere saker

Illustrasjon: Depositphotos.com

Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

Denne helgen kan du få kjøpt verdens mest eksklusive kjøtt på Brokelandsheia - på tilbud til KUN 2900,- pr. kilo...

Eurospar frister med verdens mest eksklusive biffkjøtt denne helgen

Gjerstad har til nå fått tildelt 190 doser koronavaksine. Illustrasjonsbilde: Depositphotos.com

139 personer i Gjerstad har fått sin første vaksinedose

Ågot Johanne Aasbø. Foto: Facebook

Ågot Johanne Aasbø ville bli slaktebilsjåfør som 4-åring. Hør hvordan det gikk på P1

Ordfører Inger Løite

Covid 19 og munnbind eller ikke munnbind

Illustrasjonsbilde: Depositphotos.com

Skyteprøven for storviltjegere gjennomføres som normalt i 2021

Illustrasjon: Depositphotos.com

Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

Kommunen anbefaler alle å laste ned Smittestopp-appen. Foto: FHI

Gjerstad kommune oppfordrer alle til å laste ned Smittestopp-appen