Folk tenker så nå for tida. I løpet av ei relativt kort samtale har dei tenkt opp til fleire gonger. Dei har inga meining, inga tru, lurar på noke eller for den saks skuld, har ikkje ei meining om noke som helst. Likevel, dei tenker.
Det har til og med blitt stifta ein institusjon som blir kalla Tenke tanken!! Det er då eg for min del tenker at eg blir inspirert av Jan Erik Vold, som tenkte fram diktet; Kulturuke. Det begynner slik:
ulturkuke
tulkuruke
ultkuruke
ukturulke
tlukuruke
Nå har eg tenkt å la meg inspirere til at eg skal tenke fram eit dikt om å tenke. Ja tenke tanken.
tenke tanken
enket tanken
nkete tanken
keten tanken
etenk tanken
eknet tanken
eknte tanken
ktene tanken
nkeet tanken
eeknt tanken
tkene tanken
tekne tanken
tneke tanken
teenk tanken
Halvor Røylen tenker eg.