iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Seks fartssyndere tatt i Gjerstad tirsdag ettermiddag

    18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    18. august 2026

    Overleverte ny tomannsbolig i øvrebygda til Gjerstad kommune

    18. august 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Illustrasjon: Depositphotos.com
    Meninger

    Laurdagstankar frå ein gjerstubar

    By Halvor Røylen8. oktober 2022

    - Det er så rart, eg trur eg har omgang med ein god del menneske som ikkje er som «folk flest», men eg klarer ikkje å sjå forskjell. //Halvor Røylen.
    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Det er budsjettider. Mykje er som det er i samband med «slepp» av budsjettet. Finansministeren blir møtt av ein skare av journalistar i det han gjeng ut av statsrådbustaden. Nåverande finansminister kunne fortelje at han hadde ete egg og drukke mjølk til morgonmat. Det er det som kallast snikreklame, men det skal eigentleg bare mangle om ein kar som driv ein gard ikkje skulle slå eit slag for landbruket.

    Frå statsrådbustaden er det ikkje lengre avstand til stortinget enn at heile kobbelet kunne gå. Alle var ute etter å lure ut av statsråden eitt eller anna, men det einaste som dei fekk ut av han var at pengebruken må ned. Det vil sei bruken av pensjonsfondets avkastning. Meir bruk av dei pengane, renta rett opp!

    Auka skattar frå dei rike, næringsliv, oljeselskap, kraftselskap og fiskeoppdretterar, det er ein garanti for at renta ikkje gjeng rett opp, men held seg så tilnærma lik. Eg ergrar meg så inne hole heia over at eg ikkje kan forstå at bruk av pengar frå avkastninga av pensjonsfondet fører til auka rente, men bruk av skattar gjer ikkje det. Eg føler meg rett og slett dum!

    Det som eg er glad for, dersom ein kan uttrykke seg slik, er at nå har me fenge greie på kven «folk flest er. At det skulle kome fram i samband med budsjettet i staden for i valkampen er nok ikkje tilfeldig, så styggtenkt er eg. «Folk flest» er dei som ikkje har ei inntekt på over sjuhundre og femtitusen. Til mi glede kan eg kalle meg «folk flest»!! Eg legg til to utropsteiken! Tre av naboane mine veit eg er «folk flest» for dei har pensjonistlønn. Dei andre er eg usikker på, så eg ser med spenning fram til at skattelistene kjem. Då skal eg saumfare dei – eller kanskje ikkje.

    Det er så rart, eg trur eg har omgang med ein god del menneske som ikkje er som «folk flest», men eg klarer ikkje å sjå forskjell. Ja nokre av dei er leiarar i verksemder, andre har arbeid i Nordsjøen, nokon har ansvarsfull stilling i kommunar, staten, fylket og nokon driv eigen verksemd. For meg er dei som «folk flest», men dei er det ikkje, dei har inntekt på over sjuhundre og femtitusen.

    Nå er ikkje eg i mot at dei som ikkje er som «folk flest» må betale meir skatt en oss som er som «folk flest», det er viktig å omfordele. Det er eit godt prinsipp å ta frå dei rike og gje til, ja kven til? Jau, noke av det til «folk flest», men også til det som i budsjettforslaget blir uttrykt som «et situasjonstilpasset tiltak som skal bidra til inndekning av ekstraordinært store utgifter i statsbudsjettet for 2023».

    Stort sett har uttrykk på bokmål og nynorsk lik meining. Jordeple og potet, hugnadsamt og morsomt, kjærleik og kjærlighet, for å nemne noka få eksempel. Kjærleik ja. Når kjærleiken er sterk nok vil personar som er glad i kvarandre markere det med ein ring. På nynorsk seier me at dei har trulova seg. Sagt på ein annan måte, dei lovar å vere tru mot kvarandre. På bokmål blir det sagt at dei forlovar seg. Sagt på ein annan måte, dei har lova kvarandre meir en dei kan halde.

    Når eg fyrst er inne på målføre. Arnulf Øverland var ein ihuga riksmålsmann, og han deltok med stor tyngde i den store målstriden som var i gang i byrjinga av 1900-talet. Han uttrykte seg mellom anna slik: «Det er ikke landsmålet som er vår fiende, (selv om enkelte landsmålsfolk nok kan være det) det er bokmålet vi må værge oss mot – denne vanskapning, som er undfanget i synd og født med tang!!»

    For øvrig, eg trur med tryggleik eg er undfanget i kjærleik, og eg blei ikkje født med tang, men i fylgje mor mi, mednavlesnora rundt halsen. Til verda kom eg i alle fall. Takk for det mor og far, det har vore hugnadsamt.

    Halvor Røylen

    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Halvor Røylen

    More Cases

    Artikkel 18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    Kommunale saker 11. august 2026

    Fortalte om boligprosjekt på Brokelandsheia

    Kronikk 29. juli 2026

    – Bompenger er en moderne form for landeveisrøveri som må avskaffes

    Kronikk 21. juli 2026

    – Sammen er vi mindre aleine

    Kronikk 13. juli 2026

    Norge trenger strengere straffer for dyremishandling!

    Kronikk 3. juli 2026

    – Når vi satser på bredden, vinner hele Norge

    Kronikk 3. juli 2026

    – Det er sluttsummen på kassalappen som teller

    Kommunale saker 30. juni 2026

    Ordførerangrep på Facebok

    Artikkel 29. juni 2026

    – Fjerning av skattefritak på hyttesalg er ingen god idé

    Kronikk 25. juni 2026

    – Skattene må ned!

    Kronikk 19. juni 2026

    – Nå skal bakmennene tas

    Kommunale saker 18. juni 2026

    Sa ja til Gjerstad Vekst AS med knappest mulig margin

    Kronikk 15. juni 2026

    Meninger: -Tillit krever like spilleregler

    Kronikk 12. juni 2026

    Senterpartiet stoppet gebyrsmellen for lovlydige våpeneiere

    Kronikk 8. juni 2026

    Sps bygg- og anleggspakke bygger hele Norge

    Kommunale saker 31. mai 2026

    Møteplassen er åpen fra 12-16 mandag

    Kommunale saker 9. mai 2026

    – Det er ingen som har bedt om å betale mindre – bortsett fra Arendal

    Meninger 16. april 2026

    Spinn og uro om overtidsbetaling

    Kronikk 13. april 2026

    Samfunnssikkerhet krever samarbeid – nå mer enn noen gang

    Kultur 12. april 2026

    NORSK SKANDALE: 22.000 flasker god vin går rett i vasken!

    Meninger 2. april 2026

    – Innfør maxpris på diesel og bensin

    Kronikk 2. april 2026

    Tillit og kontroll i kulturminnevernet

    Kronikk 31. mars 2026

    Fra skateboardforbud til formuesskatt

    Kronikk 30. mars 2026

    – Drivstoffavgiftene må ned!

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Seks fartssyndere tatt i Gjerstad tirsdag ettermiddag

    18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    18. august 2026

    Overleverte ny tomannsbolig i øvrebygda til Gjerstad kommune

    18. august 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up