iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    – Bompenger er en moderne form for landeveisrøveri som må avskaffes

    29. juli 2026

    Bli med på Friluftstrimmen tirsdag 1. september

    26. juli 2026

    Høy skogbrannfare – vær ekstra forsiktig

    24. juli 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Illustrasjon: Depositphotos.com
    Artikkel

    Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

    By Rune Hagestrand6. mars 2021

    Illustrasjon: Depositphotos.com

    -  Der er likevel ei oppfinning som eg ikkje har stort til overs for. Den gjer oss alle sløve, likeglade og slappe i hovudet.
    // Halvor Røylen

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Dei fleste oppfinningane har gjort mange ting lettare, me kan gjere ting fortare, billigare og ting blir laga betre. Der er likevel ei oppfinning som eg ikkje har stort til overs for. Den gjer oss alle sløve, likeglade og slappe i hovudet. Den er den minst nyttige, eller for å sei det på ein annan måte, det er den mest unyttige oppfinninga som er laga. Likevel har den vore i bruk i mange år. Kor blir den bruka?

     

     

    Fyrst og fremst i offentlege bygningar, helst på stader der mange ungar og ungdomar ferdast, det vil sei på skulane. Eg kan ikkje tru det finst ein skule utan at denne styggedomen, ja eg vil kalle det styggedom, blir bruka. Er der ein bygning der mange menneske gjeng inn og ut, eller motsett, så er den der. Ei dør er ei gamal oppfinning. Heilt frå yngre steinalder veit ein at døra har blitt bruka. Då kalla dei henne dyrr, og det passar med det eg seier på min dialekt, for eg seier dynn.

     

     

    Vel, – nå stiller eg eit spørsmål. Den gonga dei laga den fyrste døra, var det for å kome ut og inn av eit hus på ein grei og lettvint måte, eller var det for å tette att, slik at ikkje varmen som var inne skulle sleppe ut; det me i dag kallar å fyre for kråkene? Dette kan ein sikkert filosofere over i lengre tid, men det kan vel ikkje vere nokon tvil om at i den tida me lever i, så vil det vere utenkjeleg ikkje å ha ei dør, og at ho er der for å halde varmen inne i huset. Dei innvendige dørene reknar eg med er til det same.

     

     

    Ei skåpdør er truleg tenkt til å skjule det som er innanfor. Ja mange av dei er til og med pynta med rosemåling, eller fine utskjeringar. Ei dobbel ytterdør med glas i, blir kalla Fransk dør, og me har vel alle sett kor mange fine ytterdører som finnast rundt om kring. Forskjellige treslag blir bruka, og mange av dei blir også utsmykka med fine fargar, speglar, og med utskjering, så som midgardsormen, og rosemåla med dei fine “Telemarkrosune”.

     

     

    For mange er ei dør meir enn ei dør, for nokon er det eit statussymbol, for andre er det kunst, men for all del, for nokon er ei dør ei dør. Noko til å halde varmen inne, til å halde kulde og våryre illeluktande hannkattar ute. Dører, spesielt ytterdører, er så viktig, at EU (ei avkorting for Den Europeiske Unionen, for den som ikkje kjenner til det) har stilt krav til utførselen av dei. Dei må ha såkalla Samsvarerklæring, og det er vel fordi me skal vere sikre på at dei er tette og gode, og ikkje ha for stort varmetap når dei er att. Ja heile huset er underlagt krav frå EU (ei avkorting for Den Europeiske Unionen, dersom du ikkje hugsar det), og krava er stort sett grunngjevne med at varmetapet ikkje skal vere større enn høgst nødvendig. Ressursbruk er i dag eit nøkkelord.

     

     

    Brundtlandkommisjonen skapte omgrepet, “Lokal Agenda 21”, og skapte slagorda: “Tenke globalt, og handle lokalt”. Likevel blir denne styggedomen bruka. Har du skjøna kva styggedom eg vil fram til? Det er den idiotiske greia som er montera øvst på døra, som mange tider gjer døra så tung å opne at ein lurar på om ho er låst, og som gjer til at døra gjeng att med ein smell så høg, at ein lurar på om ein blir skoten etter! Denne styggedomen er på dørene, blant anna i alle skulane i heile landet. Eit par generasjonar har nå fenge den oppfatninga at ei dør gjeng att av seg sjølv, det vere seg ytterdør, innerdør, eller skåpdør. Dette har ført til at fleire dører står opne enn att!

     

    Før øvrig, her om dagen gjekk eg meg ein tur, og eg kom fram til ei hytte som låg fint til nede ved sjøkanten, men det var bratt terreng bak hytta. Rundt tretti meter oppe i den bratte lia hadde dei plassera utedoen. Då tenkte eg med meg sjølv; her er det viktig å disponere tid og muskelkrafta rektig.

     

    Halvor Røylen

    Gjerstubar

    Kultur Leserinnlegg Lokal Nyhet
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 24. juli 2026

    Høy skogbrannfare – vær ekstra forsiktig

    Artikkel 9. juli 2026

    Oppslagstavler til kontor gir bedre oversikt i hverdagen

    Artikkel 29. juni 2026

    – Fjerning av skattefritak på hyttesalg er ingen god idé

    Artikkel 3. juni 2026

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien

    Artikkel 21. april 2026

    Hva betyr det å samle smålån i ett lån?

    Artikkel 12. april 2026

    Vegårshei og Gjerstad demenskor: Sang, fellesskap og en god kaffekopp

    Artikkel 10. april 2026

    Bli med på jegerprøvekurs i april!

    Artikkel 8. april 2026

    Over 4000 HV-soldater har øvelse

    Artikkel 30. mars 2026

    Knallsesong for Gjerstads skiskyttere

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Artikkel 31. oktober 2025

    Tilbyr studie i montering og installasjon av solkraftanlegg

    Artikkel 30. oktober 2025

    Så mye billigere ble Norgespris i oktober i Gjerstad

    Artikkel 18. oktober 2025

    Sammen om å utvikle jakt og jaktskyteferdigheter.

    Artikkel 10. oktober 2025

    – Alle barn fortjener en trygg hjemmebane

    Artikkel 9. oktober 2025

    – Hjelpen kommer for sent

    Artikkel 26. september 2025

    Husk fotokonkurransen for september

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    – Bompenger er en moderne form for landeveisrøveri som må avskaffes

    29. juli 2026

    Bli med på Friluftstrimmen tirsdag 1. september

    26. juli 2026

    Høy skogbrannfare – vær ekstra forsiktig

    24. juli 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up