Litt bibliotekhistorikk:
I Aril Stubhaug si bok: «Et foranskutt lyn,» kan vi lese at Hans Mathias Abel (Niels Henrik Abel sin bestefar) likte sonen sin idé om eit leseselskap i Gjerstad. Ein inspirasjon frå studietida i København.
Kjelder i Gjerstad historielag seier at i 1792 vart det oppretta eit leseselksap i Gjerstad og Vegårshei. I stiftingsprotokollen står det 9. april 1796. Det var 38 medlemer frå Gjerstad og 18 frå Vegårshei – så det tok vel litt tid å få folk med. Søndeled fekk leseselskap kort tid etter – men medlemstalet var ikkje så høgt som i Gjerstad og Vegårshei.
I alle fall så har Gjerstad ein gamal og rik tradisjon for folkebibliotek.
Nedbygging av Kyrkjebygda
Kjelder eg har vore i kontakt med, seier at biblioteket no er planlagt å flytte til Abel skule.
Øvrebygda er under press og utsett for nedbygging – det som skulle vere kommunens sitt kulturelle alibi, blir ribba for dei viktigaste kulturelle samlingsplassane: Posten gjekk først så banken, minibanken, Holmen Gard – som var kjend og høgt akta over heile landet, – og barneskulen på Kamperhaug. No er det nokon som ynskjer å slå siste spikaren i kista; ved å flytte biblioteket. Biblioteket er sjølve hjarta i den kulturell sfæren. Går spikaren inn her – blir det gravøl for estetisk kultur i den delen av bygda: «Kjørkebygda», som politikarane vedtok skulle bli den kulturelle senteret i kommunen.
«Dette skulle ikkje du ha visst»
Utgangspunktet mitt for dette innlegget, er at ei saumfaring av kommuneplanen synte at biblioteket ikkje var nemnt med ein bokstav. Dette fekk meg til å nemne dette for politikarar på høgresida som eg kjenner. Blant desse var flyttinga av biblioteket snakka om og kjend blant likesinna..
Er det kjent blant opposisjonen? Denne teiinga av ei sak, minner meg på då eg sjølv var i kommunestyret: Då tok eg opp ei sak som kom fram under ein samtale eg hadde med kunstnaren Knut Odden; Mannen bak «paraskateellipsen». Han kunne fortelja om at han sakna eit honorar for denne skulpturen – det var sluttsummen det var snakk om. Eg lova å ta dette opp i kommunestyret. Då eg la fram denne saka i kommunestyret seier ordføraren: «Dette skulle ikkje du ha visst». Så lurer eg på; er dette med biblioteket ei slik sak? Som helst skulle «gå under radaren»?
For dei som ikkje veit kva kulturen har i seg og betyr:
Kultur er identitetsbygging, språk, estetiske kulturretningar, arkitektur, litteratur og mykje anna. Desse omgrepa skapar mellommenneskeleg forståing, kreativitet, sosial dugleik og danning. Og er difor det essensielle i utviklinga, både for individ og samfunn.
Oskar Brendalsmo