Havrefjell Turlag melde mandag om flotte forhold i skiløypene i øvrebygda:
Måndag 8. januar kl. 10.50:
Velkommen til sol, snø i trea, flott vinter og topp forhold! Stabil kulde sikrar også i dag fine forhold i løypene som Gjerstad IL preparerte på fredag:
Kleivvann – Oterstjenn (5 km tur-retur), over heia via Huken på Eldstemyr til Vestølheia skiarena (6 km), med rundløype rundt Allmenningsvann (3,9 km), i rundløype Tjennane – Vedlagmyra (3,6 km) og gjennom lysløypa på Vestølheia skiarena (3 km).
Det er også belta gjennom laus snø, (utan samanhengande spor), fram til Vestøl. I dag er det ca 1 meter med snø i terrenget. Drivheiløypa vil truleg ikkje bli preparert før vi får litt høgare temperatur og litt fastare snø, melder Havrefjell Turlag.