iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Gjerstadbakeren legger ned

    21. oktober 2026

    Per Vetle tok årets 48. seier

    20. oktober 2026

    Gjennomsnittlig innsamlingsresultat i Gjerstad

    19. oktober 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Kronikk

    Redd eit kulturminne i 2025

    By Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet30. desember 2024

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email
    Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

    Nyttårsforsetta kjem ofte og går utan at dei får den effekten vi ønskjer oss. Men kva om du i 2025 bestemmer deg for å gjere noko som gir varig verdi – både for deg sjølv og for samfunnet? Kva om du reddar eit kulturminne? Ved å ta vare på eit kulturminne bidreg du til å styrkje vår felles historie, kulturarv og berekraft. Her er korleis du kan gå fram.

    Kvifor redde eit kulturminne?
    Kulturminne fortel oss kven vi er og kvar vi kjem frå. Dei representerer minna frå tidlegare generasjonar, kunnskap om byggjeskikk, tradisjonar og samfunnsutvikling. Mange kulturminne er truga av forfall, manglande kunnskap og ressursar. Når du tek ansvar for eit kulturminne, bidreg du ikkje berre til å ta vare på historia, men også til å styrkje lokal identitet og berekraftige samfunn.

    Å redde eit kulturminne kan vere alt frå å setje i stand eit gammalt naust ved kysten, restaurere ei stølsbu i fjellet eller ta vare på ein steingard. Uansett kva kulturminne du ønskjer å redde, er prosessen gjevande og lærerik.

    Korleis gå fram

    Finn kulturminnet
    Start med å finne eit kulturminne du ønskjer å ta vare på. Det kan vere noko du eig sjølv, eller noko som finst i nærmiljøet ditt. Kulturminnet må vere i dårleg stand, men framleis ha potensial for bevaring.

    Kartlegg behovet
    Kva må gjerast for å redde kulturminnet? Dette kan krevje hjelp frå fagfolk, som bygningsvernarar eller arkitektar. Sørg for å vurdere kva som er realistisk å gjennomføre.

    Søk kunnskap
    Mange synest det er vanskeleg å vite kor dei skal starte. Heldigvis finst det mange ressursar: Kulturminnefondet, lokale historielag, museum og fagmiljø kan gi rettleiing og råd.

    Søk støtte
    Restaurering av kulturminne kan koste både tid og pengar, men du treng ikkje gjere det åleine. I Kulturminnefondet ønskjer vi å hjelpe folk med å ta vare på kulturminne. Du kan søkje økonomisk støtte til tiltaka dine gjennom våre søknadsordningar. Søknadene blir behandla fortløpande, og vi støttar både mindre og større prosjekt.

    Involver lokalsamfunnet
    Mange kulturminneprosjekt lukkast fordi fleire er involverte. Spør naboar, vener eller frivillige organisasjonar om dei vil bidra. Saman kan de dele på arbeidsoppgåver, kostnader og kunnskap.

    Kor kan du søkje støtte?
    Kulturminnefondet finst det fleire moglegheiter

    Sparebankar, stiftingar og fond: Mange bankar har gåvefond som støttar lokale tiltak.

    Frivillige organisasjonar: Nokre tilbyr økonomisk eller praktisk hjelp.

    Kommunen og fylkeskommunen:
    Lokale kulturminneplanar kan òg inkludere støtteordningar.

    Sørg for å ha ei tydeleg prosjektbeskriving, inkludert kva du skal gjere, kvifor det er viktig, og korleis du skal gjennomføre det.

    Tips for å lukkast

    • Ver tolmodig: Kulturminne er gamle og treng tid for å bli bevart på rett måte. Unngå raske løysingar som ikkje varer.
    • Bruk lokale ressursar: Handverkarar og materiale frå nærområdet bidreg til autentisitet og reduserer transportkostnader.
    • Lær av andre: Sjå på vellukka prosjekt som inspirasjon. Mange deler erfaringar gjennom lokale historielag eller Kulturminnefondet sine nettsider.
    • Dokumenter arbeidet: Ta bilete undervegs, og del prosessen. Slik kan andre lære av det du gjer, og kulturminnet får ekstra merksemd.

    Ein innsats som gjev meining
    Å redde eit kulturminne handlar ikkje berre om å ta vare på gamle bygg eller gjenstandar – det handlar om å ta vare på noko som er større enn oss sjølve. Det handlar om å gi noko tilbake til kommande generasjonar, styrkje identiteten vår og skape tilhøyrsle.

    Så kvifor ikkje gjere 2025 til året du skriv deg inn i historia – ved å bevare ho? Vi i Kulturminnefondet står klare til å hjelpe deg på vegen. Saman kan vi sørgje for at kulturminne ikkje berre blir ståande som minne frå fortida, men som levande delar av framtida vår.

    Godt nytt år – og lukke til!

    Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

    More Cases

    Kultur 18. oktober 2026

    Nytt foredrag på Eikelands verk

    Kultur 16. oktober 2026

    Korpsstafett 24. oktober markerer 55-årsjubileum

    Kronikk 10. oktober 2026

    – Oljerikdommen vår burde styrket norsk økonomi og folks lommebøker

    Kultur 8. oktober 2026

    – Vi øver på beredskap, men hva med det viktigste?

    Meninger 4. oktober 2026

    – Arbeiderpartiet sin store rentebløff

    Artikkel 2. oktober 2026

    Et nytt kapittel i ditt liv kan bli et viktig kapittel i andres liv

    Kronikk 1. oktober 2026

    Så mye kan du spare på Norgespris i 2027

    Kommunale saker 29. september 2026

    – En bønn om fakta

    Kultur 26. september 2026

    Gjersdøling spiller på store konsertscener i Asia

    Kommunale saker 26. september 2026

    Hele det regionale samarbeidet er i spill

    Kronikk 20. september 2026

    – Skal Brokelandsheia bli et hvilket som helst sted?

    Kommunale saker 18. september 2026

    Kommunestyret sa ja til å iverksette grunnarbeider for Brokelandsheia Park

    Meninger 17. september 2026

    – Ærlig talt, Gjerstad!

    Kommunale saker 12. september 2026

    Mer info om Brokelandsheia Nord kommer på torsdag

    Nyhet 12. september 2026

    Små sjanser for FrP-kandidatene fra østregionen

    Kultur 11. september 2026

    Bli med på Gjerstadmarsj nr. 46 på søndag!

    Nyhet 10. september 2026

    Sara Veivåg (18) nominert til sikker plass i fylkestinget

    Fritid 2. september 2026

    Agder Sparebank sørger for folkefest i dyrehagen

    Helse 2. september 2026

    Mandag 7.sept. starter demenskoret opp igjen

    Meninger 31. august 2026

    – Trist at Høyre dramatisk øker priser på diesel og bensin

    Kultur 26. august 2026

    Velkommen til en travdag for små og store

    Kultur 24. august 2026

    Bli med til dagsturhytta på tirsdag

    Kommunale saker 11. august 2026

    Fortalte om boligprosjekt på Brokelandsheia

    Kultur 6. august 2026

    Gratis musikkverksted for barn 7-15 år

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Gjerstadbakeren legger ned

    21. oktober 2026

    Per Vetle tok årets 48. seier

    20. oktober 2026

    Gjennomsnittlig innsamlingsresultat i Gjerstad

    19. oktober 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up