iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Valdorf Rubin lekte med konkurrentene på Klosterskogen

    6. juni 2026

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien

    3. juni 2026

    – Nå setter vi foten ned for sosiale medier

    2. juni 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Fra en konsert i Gjerstad kirke
    Artikkel

    – Vi treng ei tidleg kulturforståing.

    By Rune Hagestrand24. oktober 2016

    Fra en konsert i Gjerstad kirke

    "Om vi skal kunne klare all den informasjonsflyten vi utsetjast for i dag, treng vi å ha nokre oasar der vi blir utfordra på anna vis."
    Oskar Tore Brendalsmo

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Identitetbyggjing er språk, kultur, estetiske kulturretningar, arkitektur og mykje anna. Desse omgrepa skapar mellommenneskeleg forståing, kreativitet, sosiale ferdighetar, danning, og er essensielle i utviklinga både for individ og samfunn. Mange ser at kunst og kultur er noko som ein nyttar til hygge og hobby, men som elles ikkje er særleg viktig. Kan dette ha samanheng med skulen sin prioritering av viktig ikkje viktig med kunst og kultur? Kulturforbundet meiner at kunst er viktig for å styrka elevane si evne til læring. Deltaking i kunst og kulturfag gjer ein skilnad i læreprosessane og med det verka inn på eksamensresultata.

    Ein kultursekretær kunne vore sentral i arbeid med å laga samarbeidsmodellar mellom kultur og skulesektor lokalt. Det er kommunane som skal vera den viktigaste bidragsytar til utvikling av lokalt kulturliv. Det er viktig å sjå samanhengen mellom skulen som arena for kunst og kultur, men samstundes ei kjerne for kulturaktivitet i fritida. Kulturskulen har – på relativt kort tid – synt at elevar har fått kjennskap til og utvikla dugleik på fleire område. Estetiske fag lyt ha sin plass i skulen, slik at fag som: Musikk, formgjeving, drama, foto/film og skapande skriving stillast likt.  Den kommunale kulturadministrasjonen – om ein kan seie at Gjerstad har noko slikt – må vera sentral i koordineringa lokalt og i det politiske for dette arbeidet.

    Tidlegare tok eg opp dette med det helsebringande aspektet ved den estetiske kulturen, på bakgrunn av ein dansk studie. Jens Jakob Aasbø i sitt innlegg på førre kommunestyremøte den 20 oktober, snakka og om kor viktig dette var: «Dette er positivt for folkehelsa». I Danmark er det forska på dette: «Kunst og kultur, utført av ikkje-profesjonelle, er på mange måtar ei oversett og viktig ressurs i det danske samfunnet.» skriv ei av forfattarane av boka: «Amateur kultur», Denne boka er eit resultat av eit samarbeid mellom organisasjonane AKKS – amatørmusikarar ‘Arts and Cultural Konsultasjon og DATS – The National Association of Dramatic Company. Denne forfattaren – peikar på dei positive effektane som estetisk kultur har på folkehelsa. Ho kan lett kjenne att nokre av effektane, til dømes som musikk framkallar i mange menneske. «Det er viktig at det i eit individualistisk og stressande samfunn, kan finnast oasar der ein kan lade opp batteria og slappe av på samstundes . Vi druknar i kunnskapsmengda i dag», seier ho. Om vi skal kunne klare all den informasjonsflyten vi utsetjast for i dag, treng vi å ha nokre oasar der vi blir utfordra på anna vis.

    Ein mot-debattant i denne kultursekretærdebatten i kommunen, vil heller nytte pengane til ei årleg godtgjering til personar som kan driva på prosjektbasis. – Kva vil henda då? Mykje truleg vil det bli ei fragmentering av kulturen jamvel om det er fleire til å ta seg av dette. Det vil alltid vera nokon som er framfusne og får mest av kaka. Då er det betre å løne ein kultursekretær, denne vil kunne jamne resursane ut i breiare lag. Mot-debattanten meiner og at det må reknast med ein pott til formålet. Sjølvsagt må det vera ein pott og, men dei som såg på kommunestyremøtet fekk høyra Inger Hommefoss sin forelesing, om korleis ein kunne nytte segmentet av fond og instansar som ein fekk pengar av. Ho åleine har «hanka» inn over 1.000.000.- kroner til sitt lag. Eit slikt oversiktsbilete måtte kultursekretæren ha: Ei omfattande liste over instansar og fond som ho/han kunne formidla til dei einskilde lag og foreiningar, og hjelpa til med søknad.

    Ein kultursjef/sekretær i kommunen ville kunne skapa eit skile mellom før og etter denne satsinga. Ein må berre nytta ein betre tilsettingsprosedyre enn før. Finna ein som har kultur som sitt felt. Vi har sett at biblioteksjefane som har tatt kulturoppgåva i fråværet av ein fast kultursjef, har gjort jobben betre enn nokon annan tidlegare kultursjef. Kan hende er det av di dei har eit større og varmare hjarte for kultur? Det er slike hjarte vi treng i kultursjef/sekretærstillinga.

    Oskar T Brendalsmo

    Kultur Leserinnlegg Politikk
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 3. juni 2026

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien

    Artikkel 21. april 2026

    Hva betyr det å samle smålån i ett lån?

    Artikkel 12. april 2026

    Vegårshei og Gjerstad demenskor: Sang, fellesskap og en god kaffekopp

    Artikkel 10. april 2026

    Bli med på jegerprøvekurs i april!

    Artikkel 8. april 2026

    Over 4000 HV-soldater har øvelse

    Artikkel 30. mars 2026

    Knallsesong for Gjerstads skiskyttere

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Artikkel 31. oktober 2025

    Tilbyr studie i montering og installasjon av solkraftanlegg

    Artikkel 30. oktober 2025

    Så mye billigere ble Norgespris i oktober i Gjerstad

    Artikkel 18. oktober 2025

    Sammen om å utvikle jakt og jaktskyteferdigheter.

    Artikkel 10. oktober 2025

    – Alle barn fortjener en trygg hjemmebane

    Artikkel 9. oktober 2025

    – Hjelpen kommer for sent

    Artikkel 26. september 2025

    Husk fotokonkurransen for september

    Artikkel 3. august 2025

    Meninger: Arvesynden

    Artikkel 31. juli 2025

    Kjøpeguide – Hvordan velge riktige bremseklosser for bilen din

    Artikkel 7. juli 2025

    Norsk Tipping har gjort det igjen

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Valdorf Rubin lekte med konkurrentene på Klosterskogen

    6. juni 2026

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien

    3. juni 2026

    – Nå setter vi foten ned for sosiale medier

    2. juni 2026
    6,312

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)

    igjerstad.no

    3 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/til-hytta-jobb-eller-ferie-slik-unngar-du-ladeproblemer-pa-veien/ ... See MoreSee Less

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Norge har et av verdens tetteste ladenettverk for elbiler. Ved utgangen av 2024 utgjorde elektriske personbiler 27 prosent av den totale bilparken, og sommeren 2025 passerte vi 10 000 hurtigladere lan...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    4 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/na-setter-vi-foten-ned-for-sosiale-medier/ ... See MoreSee Less

    - Nå setter vi foten ned for sosiale medier - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    I en verden hvor mobiltelefonen har blitt en stor del avhverdagen vår, og blikket oftere møter skjermen enn folk man passerer på gata, er det bra at det nå tas et oppgjør med skjermbruken vår. F...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    4 days ago

    igjerstad.no

    Photo

    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    6 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/4-plass-i-elitkampen-for-per-vetle-med-grisle-tore-g-l/ ... See MoreSee Less

    4. plass i Elitkampen for Per Vetle med Grisle Tore G.L. - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Det ble til slutt en hederlig 4. plass til Grisle Tore G.L. i Elitkampen for kaldblodshester i på Sovalla i Stockholm. Fine 115 000 svenske kroner ble premien for innsatsen. Fra sitt 5. spor bak star...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    6 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/moteplassen-er-apen-fra-12-16-mandag/ ... See MoreSee Less

    Møteplassen er åpen fra 12-16 mandag - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Kommunens ordfører og næringssjef er tilgjengelige for drop-in på Møteplassen mandag 1. juni fra 12.00-16.00. OBS: Det stenges en time tidligere enn vanlig denne gang pga. flere kollisjoner med an...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up