iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    17. mars 2026

    Katten er kommet hjem i god behold

    16. mars 2026

    Travet inn 100 000 i Jacob Meyers pokalløp

    14. mars 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Ole Jakob Bråten er klar på å beholde Gjerstad som egen kommune
    Artikkel

    Skal Gjerstad bli ei grend i «Stor-Arendal»?

    By Rune Hagestrand5. april 2016

    Ole Jakob Bråten er klar på å beholde Gjerstad som egen kommune

    "Dersom Gjerstad og Risør saman med Tvedestrand og Vegårshei i praksis skal bli ein del av eit «Stor-Arendal», er nok dette det minst ynskjelege alternativet for ein framtidig kommune."
    Ole Jakob Bråten

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Etter massivt press frå regjeringa er kommunane pålagt å utreide forslag til ny kommunestruktur. Kva er det beste for framtida? Stor eller liten kommune? Innbyggjarundersøkinga i Østre Agder frå hausten 2015 viste at eit fleirtal i Gjerstad var i mot kommunesamanslåing, at bare 18 % var positive til ein samla storkommune for Østre Agder, og bare 2 % ynskja ei samanslåing med Arendal. Dersom Gjerstad og Risør saman med Tvedestrand og Vegårshei i praksis skal bli ein del av eit «Stor-Arendal», er nok dette det minst ynskjelege alternativet for ein framtidig kommune. Skulle ein slik kommune bli oppretta på tross av at folket er i mot, kan dette bli ei svært dårleg løysing for framtida.
    Intensjonsavtalen som nå er under utarbeiding har mange gode formuleringar, men er tross alt i stor grad bare ei meir eller mindre uforpliktande ynskjeliste over korleis dagens politikarar håpar at ein framtidig storkommune kan bli.

    Svekka folkestyre
    Uansett kommunenamn, planar og fine formuleringar i ein intensjonsavtale ligg makta i ein slik storkommune i det nye kommunestyret på 59 personar som skal veljast før oppstart i 2020. Dersom det nye kommunestyret fordeler seg etter folketalet, vil Arendal få inn heile 42 representantar, Risør 7, Tvedestrand 6, Vegårshei 2 og Gjerstad 2 representantar.
    I praksis er det ved kommuneval vanleg at veljarane kumulerer opp naboar og kjente på listene, og at dei store folkesentra av den grunn blir overrepresentert. Det er ingen automatikk i at for eksempel Gjerstad vil få ein einaste representant i det nye kommunestyret som skal forme vår framtid. Uavhengig av ny kommunestruktur vil det nok alltid bli eit press om rasjonalisering og innsparing. Kor vil det bli lettast for eit slikt «Stor-Arendal» å kutte eller legge ned tenestar? I Arendal der 72 % av folka bur? Eller i Gjerstad med bare 4 % av folketalet? Kor vil næringsutviklinga bli prioritert, på Brokelandsheia eller på Stoa? Svaret er enkelt. Den politikaren som vil bli vald må tilfredstille den største veljargruppa.

    Felles identitet
    Eit av problema med eit «Stor-Arendal» er at vi har lite felles identitet og svært sprikande behov for framtida. Området samla dekkast dårleg av media. Både Agderposten og NRK Sørlandet prioriterer vår region svært lågt. Det som skjer hos oss er i stor grad ukjent i Arendal.

    Sentralisering
    Eit av måla med ein storkommune vil naturlegvis snart bli å sentralisere administrasjonen. Når fleire offentlege arbeidsplassar og fagmiljø forsvinner frå bygda, vil mange unge med utdanning flytte etter.
    Professor i økonomi Bjarne Jensen, som tidlegare har vore rådmann både i Kristiansand og i Bergen, ser store negative konsekvensar av ei storstilt kommunesamanslåing. «Når disse arbeidsplassene og fagmiljøene forsvinner, så forsvinner banken i neste omgang, deretter NAV-kontorene og til slutt de private tjenestene som blant annet handelen representerer», sa han til NRK.

    Eigen kommune
    Framtidas løysing må vere den som er den beste for bygdas innbyggarar. Fleire undersøkingar viser klart at det er folk i dei mindre kommunane som er mest tilfredse med bl.a. skule, helse og omsorg.
    I små kommunar er det kort avstand mellom politikarar, administrasjon og bygdefolk. Bygda blir styrt av dei som bur der. Og har du spørsmål får du vanlegvis raskare svar frå lokalkjende i mindre kommunar enn i storkommunanes sentrale byråkrati.
    Gjerstad bør ikkje sjå mørkt på framtida. Vi blir aldri den mest urbane, men har gode bustadmiljø, rikt kulturliv og ein natur som stadig fleire søker. Vi kan forvente stor vekst og nye arbeidsplassar på Brokelandsheia i åra framover, og det er gledeleg å sjå at mange unge etablerer seg og trivast godt sjølv i utkantane av bygda.
    Det har generelt vore mange søknader til nøkkelstillingar i kommunen. Vår region har vore flinke til å hauste stordriftsfordelar gjennom vellukka interkommunale samarbeid for å løyse felles oppgåver og bygge fagmiljø. Vi ligg sentralt ved E18, med jernbanestasjon, midt mellom Arendal og Grenland, og har store mogelegheiter som eigen kommune i åra framover. Vi har ingen grunn til å snakke ned bygda vår.  

    Tvang
    Regjeringas svar på den store skepsisen til kommunesamanslåing rundt i landet har vore truslar om tvang og økonomisk straff av små kommunar. Dersom maktarrogansen skulle bli så stor at det lokale folkestyret blir overkjørt må vi stå i mot.
    Spørsmålet om Gjerstad skal vere eigen kommune får enorme konsekvensar for utviklinga av bygda i generasjonar, og her må vi ikkje la det vere avgjerande om vi må takle ei kortsiktig økonomisk straff. Det ser nå ut til at eit klart fleirtal av kommunane i landet vil sei nei til samanslåing. Ingen regjering kan overleve dersom den skulle ignorere så store delar av folket. Neste år er det stortingsval og vi får nytt storting og snart nye statsbudsjett.
    I Gjerstad har kommunestyret nekta folket å delta i avstemming om ny kommunestruktur, men i Risør skal folket få stemme. All honnør til kommunestyret i Risør som tar sjansen på å høre folket, sjølv om vi kan risikere at forslaget om ny kommunestruktur er så dårleg at det vil bli nedstemt. Gjerstad skal ha såkalla innbyggarundersøkingar, (der bare ein del av innbyggarane blir kontakta). Her er det viktig at vi svarer klart på spørsmåla om vår framtid.

    Ole Jacob Bråten

    Leserinnlegg Politikk
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Artikkel 31. oktober 2025

    Tilbyr studie i montering og installasjon av solkraftanlegg

    Artikkel 30. oktober 2025

    Så mye billigere ble Norgespris i oktober i Gjerstad

    Artikkel 18. oktober 2025

    Sammen om å utvikle jakt og jaktskyteferdigheter.

    Artikkel 10. oktober 2025

    – Alle barn fortjener en trygg hjemmebane

    Artikkel 9. oktober 2025

    – Hjelpen kommer for sent

    Artikkel 26. september 2025

    Husk fotokonkurransen for september

    Artikkel 3. august 2025

    Meninger: Arvesynden

    Artikkel 31. juli 2025

    Kjøpeguide – Hvordan velge riktige bremseklosser for bilen din

    Artikkel 7. juli 2025

    Norsk Tipping har gjort det igjen

    Artikkel 11. juni 2025

    Hvordan oppnå optimal isolasjon og energieffektivitet i hjemmet

    Artikkel 30. mai 2025

    Si farvel til ujevne plener: Hvordan hagemaskiner håndterer utfordrende plener

    Artikkel 26. mai 2025

    Husk å sende inn dine maibilder innen lørdag

    Artikkel 26. mai 2025

    Nettkasinoer og Norge i 2025: Mellom DNS-blokkering og lisensdebatt

    Artikkel 23. mai 2025

    Vanlige feil på EU-kontroll i Norge – og hvilke bildeler du bør sjekke først

    Artikkel 16. mai 2025

    Nå er våren her – møt den nye årstiden med flotte sommersko

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    17. mars 2026

    Katten er kommet hjem i god behold

    16. mars 2026

    Travet inn 100 000 i Jacob Meyers pokalløp

    14. mars 2026
    6,306

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/arbeidet-med-ny-krysslosning-er-i-gang/ ... See MoreSee Less

    Arbeidet med ny kryssløsning er i gang - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Denne uka startet GS Maskin AS arbeidet med ny kryssløsning på Brokelandsheia. Det nye veisystemet vil gjøre hele trafikksystemet på Brokelandsheia Øst mer trafikksikkert, og samtidig åpne opp f...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    2 weeks ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/har-du-sett-denne-katten-i-ovre-gjerstad/ ... See MoreSee Less

    Har du sett denne katten i øvre Gjerstad? - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    En katt er meldt savnet siden søndag 1. mars. Katten er korthåret og helt grå, bortsett fra noe hvitt ytterst på på framlabbene. Den ble sist sett i området Kveim/Apland/Klokkargården. Har du s...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    2 weeks ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/bli-med-pa-friluftstrimmen/ ... See MoreSee Less

    Bli med på Friluftstrimmen! - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Kom i form med Friluftstrimmen! Du vil møte andre turglade mennesker samtidig som du enkelt får trent hele kroppen – UTE! Dette er et gratis tilbud, for menn og damer i alle aldre. Ta med en venn,...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    2 weeks ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/neste-uke-starter-demenskoret-sine-ovelser/ ... See MoreSee Less

    Neste uke starter demenskoret sine øvelser - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Det mye omtalte demenskoret for Gjerstad og Vegårshei starter opp mandag om en uke. Initiativtaker Tone H. Strat ønsker sammen med dirigent Heidi Christine Larsen velkommen til den første øvelsen,...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    2 weeks ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/moteplassen-pa-brokelandsheia-er-apen-fra-12-17/ ... See MoreSee Less

    Møteplassen på Brokelandsheia er åpen mandag fra 12-17 - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Mandag 2. mars er det igjen anledning til å treffe ordfører og næringssjef i kommunens lokaler på Brokelandsheia. Er det noe du lurer på, vil klage på eller skryte av er det anledning til å gj�...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up