Havrefjell turlag innbyr til tur over Ormfjell (625 moh) og Havrefjell (638 moh) onsdag 18. september. Turen går på veg og blåmerka sti i skog og fjell. Havrefjell er vel kjend for dei fleste. Ormfjell ligg nordafør Havrefjell, og er eit fint område med fjell, skog og myr. Ved å kombinere desse to, får vi ein fin og variert tur.
Vidt utsyn. Ca 10 km. Ta med niste. Start frå Sandtjønn kl. 11.00.
Arr. Havrefjell Turlag.