I dag, den 5 August året 1802, vart Niels Henrik Abel fødd på Finnøy. Her i Gjerstad veit vi at han voks opp, fekk språket sitt og fòr rundt på gardane og vart kjend med mange av bygda sine innbyggjarar.
Vi vil gjerne bere fram minnet om Niels Henrik Abel som ein ekte Gjersdøling. Kan hende ikkje som ein vanleg Gjersdøling, men ein som vi kan vere kry av – og vita at han var ein av verdas beste i sitt fag.
Dei Gjersdølingane som har lest breva han har skrive, vil sjå at Gjerstad-målet snik seg inn somme stader.
«Det kan du forlate deg på», er eit uttrykk han kunne bruke – eller; «der va`kje meir å hole!».
Gjerstad fostra verdas mest kjende matematiker. Han fekk språket og ei grunnutdanning her. Seinare vart han ein av dei flinkaste av alle metematikkgeni. Spørsmålet mitt blir: Ville det ikkje være på sin plass at Gjerstad kommune markerer fødselsdagen hans på ein eller annan måte? Det treng ikkje vere noko storslått og pompøst, men berre eit teikn på at dei kommunale styresmakter forstår verdien av dette ikonet som voks opp her. Eg tar opp dette i dag, fordi det er den 5. august som er hans fødselsdag.