Ordføraren påstår at biblioteket i Gjerstad ikkje fungerer. Er det rein kunnskapsløyse eller blind tru på statistikk? Eg greier ikkje å la det stå uimotsagt.
Heilt sida eg flytta heimatt til Gjerstad i 2015 har besøka på biblioteket vore til stor glede i livet mitt. Her har eg fått tilbod om å vere med i lesesirkel. Eg får stadig tips om nytt lesestoff og hjelp til å finne kva som helst av bøker,- det er lett å bestille frå andre bibliotek, og med lånekortet mitt kan eg komme inn og hente bøkene når som helst. (Meråpent bibliotek.)
I dei fine lokalene har det vore besøk av mange kjendeforfattarar. Sjølvaste Edvard Hoem kom med toget. Vigdis Hjorth kjørte seg bort på Vegårsheia, men heldt ei sprudlande førestilling då ho kom. Gaute Heivoll er kjent i indre Agder. Han baud på spennande bakgrunnsstoff til dei siste romanane sine, «Sang om 68 forrædere» og «Forklaringen», som begge tar utgangspunkt i lokale hendingar. Kjempefine kveldar var det.
Eg er blitt kjent med nye, aktuelle forfattarar frå Sørlandet. Deriblant Jan Kristoffer Dale som har fått Sørlandets litteraturpris, Linda Skomakerstuen, Bård Nylund, Benedicte Meyer Kronborg og mange fleir. Arne Ivar Kjærland har fortalt om lyrikarane Olav H.Hauge og Anders Hovden. Simen Tveitereid fortalde om boka «Et fritt liv» og om livet som småbrukar på Levang. Kronprinsesse Mette Marit la inn ein stopp på Gjerstad stasjon og besøkte biblioteket her då litteraturtoget kjørte Sørlandsbanen.
Eit foredrag om jernverksdift, historia om Håvard Hedde og eit innføringskurs i slektsgransking har eg fått med meg. Vår lokale kåsør, Jens Jacob Aasbø, har halde ei rekke foredrag med mange interessante emne, og ei filmframsyning med opptak av gamle gjersdølingar som formidla gløymt historie. Olav Ulltveit Moe viste bilete og fortalde om Gjerstad under krigen.
Der har vore konsert med Dapen frå Vegårshei og med Geirr Lystrup. Ulike arrangement i samarbeid med historielag, mållag, frivilligsentral og omsorgssenteret. Spelkveldar i ulik form, språkkafe og sommerles-kampanje. I det heile svært mange gode kulturtilbod som eg har blitt gledeleg overraska over å finne i Gjerstad.
Er ikkje dette å fungere??
Eit bibliotek har og som oppdrag å drive folkeopplysning/hjelp med bruk av data og IKT. Her er PC til utlån og datakurs for pensjonistar. Mange går på biblioteket for å få hjelp med iPad og mobiltelefon som har slått seg vrang. Det er utruleg greitt å ha ein stad der ein kan spøre om hjelp til slikt. Like ved sida av butikken.
Dette tilbodet må det vel vere verdt å ta vare på! For å snu på ordførarens utsegn: Ein behøver ikkje å øydelegge noko som fungerer bare for å prøve å bygge opp noko nytt. Det er faktisk nokså mange ungar og ungdom som bur her oppe. Når den nye ungdomsklubben opnar på aktivitetshuset, kan biblioteket tilpasse opningstida, så tenker eg utlånsstatistikken fyker rett til vers.
Gunvor Landsverk