Eg brenn inne med så mykje vas om alt og ingenting som eg har ei stor trong til å dele med andre. Difor har eg vurdert om eg skal bli ein youtubar, bloggar, twittrar eller influensar. Eg la denne problemstillinga ut på facen (er der serdu), og der fekk eg ein god del oppfordringar. Ein meinte å bli twittrar var tingen, for det er Trump au. Det slo eg ifrå meg med ein gong, for har eg ikkje vore tapar, så kom eg i alle fall til å bli det nå, i konkurranse med ein så ordrik og ublu kar.
Då var rådet frå Rune Hagestrand betre, han meinte at å meddele mine ”spikkulereri” på iGjerstad.no var eit mykje betre alternativ til både youtubar, bloggar, twittrar og influensar til saman. Slik blei det. Eg har blitt ein gjerstubar! Ikkje å forveklse med ”Gjerstad stubbar”. Der er dei ikkje seriøse, slik som ein ekte gjerstubar må vere.
Det som opptek meg, og som eg ikkje kan sjå at andre er opptekne av, det er blant mange andre ting kroppspress! Då tenker eg ikkje på det presset ungdommar, spesielt jenter, skal vere utsett for; det å vere slank, fiks frisyre, store lepper, sprettfu, struttebryst og lange augevipper. Det er noke som kan gjerast noke med.
Det eg tenker på det er eit heilt anna kroppspress. Kroppspress som fører til at første holet i belte (bukjorda som eg kallar det) må nyttast. For nokre år sidan så måtte eg lage nye hol i bukjorda, men nokre år seinare må fyrste holet nyttast! Då er det kroppspress då!
Eg prøvar å slutte å ete rødt kjøt, for det skal vere ei dødssynd for både klimaet, og motvirke kroppspresset, men ikkje kan eg sjå det virkar inn på klimaet, ei heller på kroppspresset. Som gjerstubar, burde vel eg som andre barar ha eit velmeinade råd, men det blir i så fall som når stømperen hjelper stakkaren.
Nå ser eg fram til Raylee skal synge oss fram til deltakelse i Melodi grand prix. Eg stemmer på henne, for ho syng fint au.
Så er det denna politikken då. Som ein av Ernas disiplar så er eg av den oppfatning at ho står fjellstøtt på både den eine og andre måten. Likevel, politisk står ho kanskje ikkje så støtt etter regjeringas skilsmisse, som ho gjer på det jordiske. Frende er frende verst. Er det ikkje eit ordak som seier noke slikt?
Det som eg grunnar på er kva som skjer dersom Framstegspartiet blir større enn Høgre ved komande stortingsval? Kva har dei oppnådd politisk då? Blir det eit så kalla borgarleg fleirtal medrekna Venstre og Kristeleg folkeparti, så ser eg ikkje føre meg at dei omfamnar kvarandre med kyss og klem, for å sei det på den måten. Så då blir det truleg til at dei dannar ei mindretalsregjering, der dei må søke støtte frå dei partia dei ikkje ville vere saman i regjering med. Det blir det god framstegspolitikk av.
Nå kan ein ikkje sjå vekk i frå at Arbeiderpartiet saman med ”dei andre” får fleirtal på Stortinget, og dannar ei mindretalsregjering. Det blir det god arbeiderpartipolitikk av.
Det er det same kor ein snur seg, så har ein fua bak.
For ein god del år sidan var eg så ivrig i politikken at dei visste om meg frå grensa mot Telemark (Vestfold-Telemark er det vist nå) til grensa mot Vest Agder (nå Agder, den grensa er vekk så nå hadde det blitt til Rogaland). Uten at eg framsnakka meg sjøl på noken måte, så blei eg på nominasjonsmøtet nominera på åttandeplass. Den gonga fekk Høgre inn ein representant på Stortinget, så eg har i alle år skrytt av at eg ble nominera på ein sikker plass på stortingslista.
Når det gjeld lokalpolitiske hendingar, så er me i Risør for tida veldig opptekne av flate tak, det vil sei eitt flatt tak. Der som dei bygde eit halvt bygg. Dei traut for pengar. Ja, og så at det ikkje er gode nok søkerar til to ledige lækjar-stillingar. Dei er vist redde for at dei må til Søndeled eit par dagar i veka.
I Gjerstad, rettare sagt på Brokelandsheia, er Vinmonopolet i ferd med å få forliten plass. Det kan tyde på at det blir drukke forlite, slik at det hopar seg opp på lageret. Då er det noke anna her i Risør, her held me unna!
Så til slutt; skal lure på om Knut frå Solberg har att noke av den gode honningen?
Halvor Røylen
Gjerstubar