iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Gjersdøling spiller på store konsertscener i Asia

    26. september 2026

    Hele det regionale samarbeidet er i spill

    26. september 2026

    Ordføreren reagerer: Vy dropper busstopp på Brokelandsheia

    24. september 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Artikkel

    – Indignasjon over byråkratiet

    By Rune Hagestrand12. desember 2016

    "På byrjinga av 1960-talet, kjøpte John seg ein, for han, ny lastebil. Det var ein Ford, med merkenamn F-600. Han blei spurd om kva F-600 stod for, og då svara han at lastebilen var av merket Ford Fuball sekshondre"
    Halvor Røylen

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Det er vel slik at mange er overgjevne over byråkratiet, om det nå er rett eller galt tenkt. Det er nok avhengig av auga som ser. John Felle, far til Ragnhild som bur på Lunde, dreiv med lastebil, tømmerkøyring og han var også med i ei familiær entreprenørverksemd. Han var ein godmodig mann, og han kunne kome med gode kommentarar. Eit uttrykk som John mykje bruka i si daglegtale var; gut-ta-deg.

     

    Etter kvart blei det ein del maskiner og utstyr i samband med verksemda, og det ble trong for å byggje eit verkstadbygg. Bygget blei oppførd etter eigen godkjenning, om ein kan sei det på den måten. Etter ei tid blei kommunens byggesaksavdeling merksam på byggverket som hadde blitt oppførd. For å få dette inn på rette sporet i det kommunale sakssystemet, tok ein kommunal sakshandsamar kontakt med John, og dei gjorde avtale om ei synfaring.

     

    På denne tida arbeide eg med framføring av ein skogsbilveg nær Felle, og eg var saman med blant andre John. Dagen kom då han skulle møte den kommunale byråkraten, og han køyrde av stad for å møte vedkomande. Det var ein mann, han var høg, og han kom køyrande i ein Morris mini. Då han steig ut av bilen, stod han og kikka på bygget, og så hadde han kome med ein litt syrleg kommentar som John syntes lite om. Han blei rett ut sagt temmeleg ergeleg, ja truleg litt fornærma også.

     

    Da John kom tilbake på vegarbeidet, hadde me andre matpausa. John sette seg ned, tok fram nista og fylte seg ein kopp kaffi. Han rista litt på hendene mens han fylte i koppen, då forarginga etter møte sat i kroppen endå. Han sette seg til rette, og fortalde oss om møtet. Han byrja forteljinga med fylgjande kraftsalve: ”Gut-ta-deg, så kom det et langt rækel av et menneske ut av ein ende av ein bil, og stod der å glodde og trudde han eigde heile verden!!!” Ja slik kan det kommunale byråkratiet opplevast.

     

    Den same John bygde ein skogsveg, som skogsteknikkar Olav Hardeberg hadde stikka, og som han også var byggjeleiar for. Hardeberg hadde markera der det skulle leggjast ned stikkrenner. På ein av stadane hadde ikkje John lagt ned stikkrenna som Hardberg hadde planlagt skulle vere der. Grunnen var at John meinte stikkrenna var plassera på ein stad det ikkje var trong for ei stikkrenne. Vurderinga hans var at det ikkje kom til å renne vatn der. Ein dag dei hadde ein gjennomgang av arbeidet som var utført, fekk Hardeberg sjå at stikkrenna ikkje var lagd, og han kommentera dette overfor John. Han svara Hardeberg på fylgjande måte: ”Gut-ta-deg, kan du skaffe vatn, så skal eg skaffe røyr.”

     

    På byrjinga av 1960-talet, kjøpte John seg ein, for han, ny lastebil. Det var ein Ford, med merkenamn F-600. Han blei spurd om kva F-600 stod for, og då svara han at lastebilen var av merket Ford Fuball sekshondre.

     

    For øvrig. Samanslåing av kommunar har vore, og er endå, eit heitt tema. Nå ser eg føre meg ei verkeleg stor samanslåing, og den ser ut til å vere mykje betre planlagd enn det Sanner fekk til. Putin skal ha hakka seg inn på nettet og fiffa litt på valresultatet til Trump. Nå har Trump utnemnd ein utanriksminister som har blitt tildelt den russiske Vennskapsordenen. Det blir spennande å sjå kva plan dei to har vidare, om det blir samanslåing eller om dei kjem til å nøye seg med å hakke på nettet for kvarandre. Eitt er klart for min del, dei bør bli tildelt Nobels fredspris, for dette kan ikkje føre til anna enn forsoning mellom dei to landa etter min oppfatning.

     

    Halvor Røylen

    Leserinnlegg
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 7. september 2026

    Trender i miljøvennlig oppvarming i norske hjem

    Artikkel 31. august 2026

    Her kan du signere kommunens kondolanseprotokoller

    Artikkel 18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    Artikkel 7. august 2026

    Konstant kø for «pota» frå Hardanger

    Artikkel 4. august 2026

    Kan jeg refinansiere gjeld med en betalingsanmerkning?

    Artikkel 4. august 2026

    De mest populære gadgetene i 2026 – hva kjøper nordmenn?

    Artikkel 24. juli 2026

    Høy skogbrannfare – vær ekstra forsiktig

    Artikkel 9. juli 2026

    Oppslagstavler til kontor gir bedre oversikt i hverdagen

    Artikkel 29. juni 2026

    – Fjerning av skattefritak på hyttesalg er ingen god idé

    Artikkel 3. juni 2026

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien

    Artikkel 21. april 2026

    Hva betyr det å samle smålån i ett lån?

    Artikkel 12. april 2026

    Vegårshei og Gjerstad demenskor: Sang, fellesskap og en god kaffekopp

    Artikkel 10. april 2026

    Bli med på jegerprøvekurs i april!

    Artikkel 8. april 2026

    Over 4000 HV-soldater har øvelse

    Artikkel 30. mars 2026

    Knallsesong for Gjerstads skiskyttere

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Gjersdøling spiller på store konsertscener i Asia

    26. september 2026

    Hele det regionale samarbeidet er i spill

    26. september 2026

    Ordføreren reagerer: Vy dropper busstopp på Brokelandsheia

    24. september 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up