SØTOST-KLING
Søtosten lagar ein slik:
- Ha all mjølka i ein kjele og varm opp, heilt til det nesten koker.
- Ta kjelen av plata, og ha i kefir.
- Sett kjelen til avkjøling med loket på.
- Når denne er avkjølt tar du massen over eit dørslag, slik at du får vekk all væske.
- Smak til med salt, kremfløyte og bland godt med sleiv. (Nokon likar lite fløyte andre mykje)
Så kan du reisa til ein av dei lokale lefsebakarane og få tak i fersk lefse – leggja eit tjukt lag med søtost inni den og bretta saman.
Bestefar min lengta heile året til 1-juledagsmorgon då han fekk dette til frukost med kaffi til!
Sjølv likar eg dette best til ettermiddagskaffien.
Denne retten kan – for somme – vera litt vanskeleg å venda seg på, men har du fyrst fått smaken på han – kan ein rett og slett ikkje klara seg utan. Dette er min personlege Julematfavoritt.
God Jul frå
Oskar T Brendalsmo