iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Høyre-kommuner snur underskudd til overskudd

    10. mars 2026

    Arbeidet med ny kryssløsning er i gang

    8. mars 2026

    Har du sett denne katten i øvre Gjerstad?

    5. mars 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Illustrasjonsbilde: Depositphotos.com
    Artikkel

    – Då eg vandra ut i den store verda…

    By Rune Hagestrand19. mars 2017

    Illustrasjonsbilde: Depositphotos.com

    «Dykkon ska ikkje tru noke av det dykkon høyre, og bare halvparten av det dykkon ser.»
    Halvor Røylen

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Då eg vandra ut i den store verda, fekk eg med meg eit råd og ei formaning frå far min. Den store verda opna seg det kom veg frå Felle til Gjerstad i byrginga 1960- talet. Eg var då med mine to brør og min far, og arbeide vegar i områda i og rundt Gjerstad. Me “låg på nista” og me budde i kjellaretasjen hjå Harry Jørgensen på Løyte, på loftet i huset til Arild Ultveit Mo, på Vestøl, og på loftet og i løa hjå Tutti og Olav Fjærbu på Ultveit. Harry kom ned til oss kvar morgon før me reiste på arbeid. Det blei store diskusjonar og mange historier, så me hadde ein fleksibel start på arbeidsdagen. Min far var samfunnsengasjert, og han hadde tankar og meiningar om det meste. Det var i slike stunder, då han hadde heile avhandlingane, at han sa til oss oppveksande slekt. «Dykkon ska ikkje tru noke av det dykkon høyre, og bare halvparten av det dykkon ser.»

     

    Hjå Tutti og Olav var det også mykje leven og moro. Då me budde hjå dei, var det lageleg og ligge over i helgene i staden for å reise heim til Felle. Me var då enten på Fjordheim eller på Egdehall på fest. Det var den fyrste helga min yngre bror og eg skulle ligge over, at far min kom med ei formaning, ein mann till mann prat. “Hugs at som mann har du eit ansvar overfor kvinna”, sa han. Meir var det ikkje å sei om det, men han fekk vel sagt det meste med dei få orda.

     

    Det blir etter kvart vårluft, småfuglane syng, og ikkje minst, kattane startar sin vårlege formeringskamp. Revira blir markera med illeluktande stoff. Det kjennest i trappeoppgangen, ved utgangsdøra og terassedøra. Ja, er det noke som blir liggande ute, så har ein katt markera sitt område på tingen. For oss menneske, er ikkje dette lukt som pirrar våre sansar, tvert om, men kattane, bevare meg vel, for dei pirrar det til kamp, og det pirrar til formeiring!! Slik er naturen.

     

    Etter kvart blandar den illeluktande markeringa til kattane seg med lukta av gras, tre, lauv og andre ting som rotnar. Inga god lukt det heller. Ei  formeiring er i gang også her, «nytt liv av daude gror».

     

    Solljoset set i gang ein prosess i heile naturen. Det pirrar, det spirer. Naturen formerar seg, planteslekta, så vel som dyrelekta. Den fyrste planteveksten som kjem med godlukt er liljekonvallen, eggande lukt. Så får me hegg, og omlag samtidig veks det fram kvite og fiolette syrinar. Eggande, pirrande lukt. Hegg og syrin blir avløyst av kaprifolen, den også med pirrande og eggande lukt, og som er best mot kvelden av ein eller annan grunn.

    Og tenk på det fantastiske; alle desse godluktande vekstane veks vilt! Tru om dei ikkje også er her for oss menneske si skuld? Deira lukt pirrar og egger alle våre sansar-, ja til og med luktesansen! Gud hjelpe meg, kor mykje betre me har det enn dei stakkars kattane!!

     

    På garden heime, der eg voks opp, fekk me traktor då eg var seks – sju år. Den var laga i Tyskland av den kjente bilprodusenten Porche, og merke namnet var Allgaier. Clutchen på denne traktoren var hard og tung å få trødd inn, slik at ein kunne få gire. Like eins var bremsa hard. Den hadde fem gir, og i femte gjekk den fort, sett i den tidas målestokk. Den var også tung å styre, spesielt når ein skulle rette den opp etter ein skarp sving. For min del køyrde eg traktoren da eg var i elleve års alderen.

     

    Ottar Løyte, som var eit par år eldre enn meg, hadde fenge seg moped. Han var god til å herme etter onkelen min, som dreiv med  reparasjon av bilar. Når noken kom å spurde om han kunne reparere bilen, kremta han fleire gonger før han svara han: (kremt, kremt) «Jau det finst mogleghetar.»

     

    Ei kvelding kom Ottar på mopeden sin, og me blei einige om å bytte køyretøy. Eg skulle få køyre mopeden og han skulle får køyre traktoren. Me bytta eit stykke unna huset heime, så ikkje ein eldre bror av meg og mine foreldre skulle sjå det. Han lova å køyre forsiktig, for som tidlegare fortalt, var traktoren vanskeleg å køyre. Eg må legge til, at bak på traktoren var ei skuffe, som bråka litt når ein køyrde. Jau, han tok av stad, seint i fyrstninga, men det gjekk ikkje lange stunda før gassen var i botn, og han svinga frå vegside til vegside. Det enda med at han ikkje klara å rette opp etter ein sving, og der for traktoren og han over nokre små eiketre, over tuver og stein, for til slutt å stoppe mot ei fure. Farten var så stor, og stoppen så brå, at han slo rattet av eikene, men det gjekk bra med han.

     

    Min eldre bror høyrde larmen som oppstod då dette skjedde, han tenkte sjølvsagt at det verste hadde skjedd, og kom springande bort til oss. “Hot hi skjedd, hossen hi det gjenge med dykkon!?, spurte han. “(kremt, kremt) Jau, der finst mogleghetar, svara Ottar, der han stod med rattet i nevane.

     

    For øvrig, her for ei tid sidan hadde me ein del vener til middag. Alle åt godt. Då dei fleste hadde reist, kom eg til å sei at eg håpa på at dei hadde blitt mette. Bjørg svara at det trudde ho ikkje, for alle hadde sete med tresikker å pirka ut av tennene matrestar.

     

    Halvor Røylen

    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Artikkel 31. oktober 2025

    Tilbyr studie i montering og installasjon av solkraftanlegg

    Artikkel 30. oktober 2025

    Så mye billigere ble Norgespris i oktober i Gjerstad

    Artikkel 18. oktober 2025

    Sammen om å utvikle jakt og jaktskyteferdigheter.

    Artikkel 10. oktober 2025

    – Alle barn fortjener en trygg hjemmebane

    Artikkel 9. oktober 2025

    – Hjelpen kommer for sent

    Artikkel 26. september 2025

    Husk fotokonkurransen for september

    Artikkel 3. august 2025

    Meninger: Arvesynden

    Artikkel 31. juli 2025

    Kjøpeguide – Hvordan velge riktige bremseklosser for bilen din

    Artikkel 7. juli 2025

    Norsk Tipping har gjort det igjen

    Artikkel 11. juni 2025

    Hvordan oppnå optimal isolasjon og energieffektivitet i hjemmet

    Artikkel 30. mai 2025

    Si farvel til ujevne plener: Hvordan hagemaskiner håndterer utfordrende plener

    Artikkel 26. mai 2025

    Husk å sende inn dine maibilder innen lørdag

    Artikkel 26. mai 2025

    Nettkasinoer og Norge i 2025: Mellom DNS-blokkering og lisensdebatt

    Artikkel 23. mai 2025

    Vanlige feil på EU-kontroll i Norge – og hvilke bildeler du bør sjekke først

    Artikkel 16. mai 2025

    Nå er våren her – møt den nye årstiden med flotte sommersko

    Artikkel 5. februar 2025

    Skap sterke lokale forbindelser med skreddersydde profilprodukter

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Høyre-kommuner snur underskudd til overskudd

    10. mars 2026

    Arbeidet med ny kryssløsning er i gang

    8. mars 2026

    Har du sett denne katten i øvre Gjerstad?

    5. mars 2026
    6,310

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)

    igjerstad.no

    5 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/har-du-sett-denne-katten-i-ovre-gjerstad/ ... See MoreSee Less

    Har du sett denne katten i øvre Gjerstad? - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    En katt er meldt savnet siden søndag 1. mars. Katten er korthåret og helt grå, bortsett fra noe hvitt ytterst på på framlabbene. Den ble sist sett i området Kveim/Apland/Klokkargården. Har du s...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/bli-med-pa-friluftstrimmen/ ... See MoreSee Less

    Bli med på Friluftstrimmen! - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Kom i form med Friluftstrimmen! Du vil møte andre turglade mennesker samtidig som du enkelt får trent hele kroppen – UTE! Dette er et gratis tilbud, for menn og damer i alle aldre. Ta med en venn,...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/neste-uke-starter-demenskoret-sine-ovelser/ ... See MoreSee Less

    Neste uke starter demenskoret sine øvelser - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Det mye omtalte demenskoret for Gjerstad og Vegårshei starter opp mandag om en uke. Initiativtaker Tone H. Strat ønsker sammen med dirigent Heidi Christine Larsen velkommen til den første øvelsen,...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/moteplassen-pa-brokelandsheia-er-apen-fra-12-17/ ... See MoreSee Less

    Møteplassen på Brokelandsheia er åpen mandag fra 12-17 - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Mandag 2. mars er det igjen anledning til å treffe ordfører og næringssjef i kommunens lokaler på Brokelandsheia. Er det noe du lurer på, vil klage på eller skryte av er det anledning til å gj�...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    Siste oppdatering søndag kl. 12.58 ... See MoreSee Less

    Photo

    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up