Bestefar min (farfar), søkte 25. juni i 1946 det Kongelige Forsynings- og Gjenreisningsdepartement om kjøpe- og brukstillatelse for bygningsmaterialer og bygningsartikler. Søknaden blei fremma på fastsett skjema nr. 585 a, blankett A. På skjemaet måtte det opplysast kva arbeidskraft det trongst på arbeidsplassen. Det skulle opplysast om kor mange murarar, tømmermenn og bygningssnikkerar, betongarbeidarar, anleggsarbeidarar, hjelpearbeidarar og andre arbeidarar som skulle nyttast.
Han måtte skrive under på at han var kjent med ”gjeldende rasjoneringsbestemmelser for bygningsmaterialer og bygningsartikler, og at overtredelse av bestemmelsene er straffbar og kan medføre inndragning.” Vidare står det at; ”Skjemaet må nøyaktig utfylles og alle bilag 1-5 vedlegges, elles blir søknaden ikkje behandlet.”
Bilag som skulle leggjast med skulle innehalde opplysningar om arbeidet, teikningar, ”brev med utførlig begrunnelse for nødvendigheten av arbeidets utførelse og andre opplysningar av interesse for bedømmelse av søknaden”, og nøyaktig detaljberekning over sement og trelast.
Han har etter beste evne gjeve desse opplysningane, men han har nok ikkje vore heilt i godlage når han har bala med denne søknaden. Det kan sjå ut som han har prøva på ein litt enklare søknad tidlegare, for i brevet som fylgjer søknaden til husnemnda i Nissedal, skriv han nemleg dette:
”Vedlagt fylgjer ein del nye papir som vedlegg til byggesøknaden. Dersom det enno ikkje skulle vere bra nok, må årsaken vere rein kranglevorenhet. Det som her er framhalde er ”den rene råbarkede sannhet” og eg er takksam for um De vil framhalde dette for Fylkesforsyningsnemda.”
Han gjer så greie for kva materialar som skal nyttast, og at det nye huset skal erstatte det gamle huset som er gamalt og skralt. Han skriv:
”Om nødvendigheten av å bygge nytt hus kan der diskuterast, derom levner ingen tvil. Kongen for eksempel, vilde ganske sikkert ikkje bu her, men ein farande fant derimot, som ikkje er so nøye på det, han vilde sikkert synes at våningen på Skåli var nokså bra saker. Det er ikkje alle som set like store krav til tilvære. No kjem me her ikkje under nokon av nemnde kategoriar, heldigvis, men derfor skulde me vel ha eit hus som var litt likare. Kor mykje yver 200 år det er, kan ikkje seiast i farten, men um det skulde vere nødvendig med tillegglegitimasjon om alderen på det, so let det seg sikkert ordne.”
Han greier vidare ut om tilstanden huset er i, og skriv blant anna at grunnmuren er den vanlege for slike gamle hus, tjukk røysemur, som rottene i si tid har grave all mold ut or.
Til avslutning skriv han: ”At det finst familiar i vårt land i dag som hev dårlegare hus en dette er eg heilt viss på. Men all den tid det ikkje hjelper dei um eg let vere å bygge eit skikkeleg hus, er det inga trøyst i det. Derimot hev eg sett døme på at folk som ikkje hev det so serleg vanskeleg med rom, dei hev fenge byggelov, medan andre som utvilsomt burde ha nytt hus er blitt lei av heile administrasjonen og flutt or grenda.”
Søknaden vart sendt 25.06.1946, stempla motteke 6. januar 1947. Den 1. mars 1947 fekk han brev frå Telemark fylkesforsyningsnemnd om at arbeidsutvalget hadde handsama søknaden i møtet 28. februar, men at den ikkje kunne imøtekomast. Søknad blei derfor sendt tilbake til den kommunale byggenemnda, med oppmoding om å få den med på innstillingslista for andre kvartal.
Korleis saksgangen var etter dette, har eg ikkje opplysningar om, men bestefar og besta flytte inn i det nye huset i sommaren 1953. Så frå han byrja arbeidet med søknaden til dei flytte inn, gjekk det om lag sju år. Leo Tolstoj har sagt at dei sterkaste av alle krigarar er desse to: tid og tolmod. Bestefar var ein tolmodig mann, og han hadde på eitt vis god tid, for han var 68 år då han byrja arbeidet med søknaden. Han blei 75 år då dei flytte inn i det nye huset, og han fekk leve i det til han blei 82 år – sju år.
Me som lever i dette århundret, klagar på byråkrati og langsakshandsamingstid, men med bakgrunn i denne hendinga, ser det ut til at me har lite å klage over.
For øvrig, gratulere med kulturprisen Bjørn Urfjell, den har du fortent!!!! Eg kjem i farten til å hugse tilbake på ein gong me var saman i eit lag. Bjørn, meg og nokre andre mannfolk kom til å snakke om tømmerdrifter som me hadde vore med på. Dette blei den kvinnelege delen av selskapet lei av å høyre på, så dei sa at nå måtte me heller snakke om andre drifter.
Halvor Røylen