BARNESINN
Skal tru kva som hender i barnesinn
gut eller jente, din eller min,
når tårer renn ned etter kinn
som dråpar på doggvåte roser.
Kva føler den vesle menneskekropp
når mor eller far av og til seier stopp?
Han kavar og strevar og gjev ikkje opp.
Forstår -kje at nei er å verne.
Tru om han føler ei avmakt stor
for alle dei teiken og alle de ord,
som brukast som vern for små på jord.
Avmakt, – han forstår ikkje kvifor.
Den vesle skal vite -kor vrangt rett og slett!!
Har eg gjort galt eller har eg gjort rett?
Kva føler mitt hjarte, kva seier mitt vett?
Kan sjøl føle trong til å gråte.
Så hugs då på når du ungar får.
Vis kjærleik for barnet, at rettferd du trår.
Et ja er så lett – er det ansvar som rår?
Tenk tilbake, det gjev deg røynsle.
Halvor Skåli