Jan Olav Olsen skriv i AAB 30. juli at dei fire konservative partia i Gjerstad opna samarbeidsdøra på vidt gap. Eg vil snarare samanlikne denne invitasjonen med eit overgangsvindu, slik vi kjenner det frå fotballverda. Medan vinduet hos fotballfolket er 28 dagar, meinte dei fire partileiarane at det var nok med 24 dagar for SP til å bestemma seg. I intervjuet i AAB med leiar i Gjerstad SP, Odvar Voie Eikeland, svarar han korkje ja eller nei på invitasjonen. Når tidsfristen som dei konservative har sett er ute, konkluderer dei freidig med at SP har sagt nei til samarbeid. Seinare har både Rune Hagestrand (18/7) og Jan Olav Olsen (30/7) gjentatt at Senterpartiet har valgt, men det blir ikkje meir sant av den grunn. Som Odvar Voie Eikeland uttalte, er det vel ikkje urimeleg å vente til ein har sett valgprogramma til dei andre partia før ein tar stilling til samarbeid. Innhaldet i politikken er vel viktigare enn namna på blokkene. Sanninga er at dei fire konservative partia har utelukka Senterpartiet frå samarbeid, fordi dei ikkje har fått svar innan ein frist dei sjølve har sett.
Når det gjeld mitt standpunktet mitt i denne saka, så har eg skrive det som er mi meining. Eg veit ikkje korleis det er i andre parti, men i Senterpartiet er det stor takhøgde for at kvar person kan ha si eiga meining. Lokallagsleiar og ordførarkandidat uttalar seg om det som er partiet sitt standpunkt. Eg trudde det gjekk tydeleg fram av innlegget mitt 23. juli at det var mitt personlege standpunkt eg gjorde greie for. Andre i partiet kan ha andre syn og meir pragmatiske grunngjevingar for det.
Kåre Dalane
Listekandidat Gjerstad SP