«Holmen Gard minutt for minutt» – dette ville ha vore dårleg fjernsyn i dei åra vi har sett av denne fine garden inst i Gjerstad, med unntak av Husflid-laget og Haldis Landsverk, som visste korleis dette kunne gjerast. No er det berre uvissa som rår – endå ein gong. Eit positivt trekk er at kommunens inkompetanse er borte frå augesyna slik vi no ser det. Kan hende er det best at det er slik. Om Gjerstad sine innbyggjarar vil, kan vi sjølve ta hand om denne viktige kulturperla – den viktigaste kultureininga i vår kommune. For nokre år sidan kasta eg fram tanken om ei folkeaksje for Holmen Gard. Vi kan tenkje oss at det samlast inn kapital frå næringsliv og private. Det er det første steget. Vi hugsar alle som er vaksne at det var dugnadsvilja som fekk denne staden på beina i den første tida. Slik eg ser det er denne tida komen att, dugnadsvilja må opp att. Holmen Gårds vener har synt at kjærleiken aldri har bleikna, – eit prov på at vilja framleis er til stades.
Tidlegare har vi sett at Historielaget er interesserte i den gamle delen av Garden. Om det framleis er slik er dette eit problem mindre å handsama. Så trengs det ein person som kan vere forvaltar av delar av resten. Sjølv har eg heile tida hatt tanken om eit kurs/kompetansesenter for tradisjonshandverk og kultur. Mykje av drifta på garden må drivast på idealisme, slik at ein «hovudforpaktar» kunne ha eit bra utkomme og eit leveleg liv av dette.
Det er mange som seier at Brokelandsheia vil overta som sentrum etter kvart. Dette er mykje truleg, men Brokelandsheia vil aldri klare å etablere ein slik tung tradisjonsbunden kulturinstitusjon som Holmen Gard. Då må vi vere trygge på at desse ikkje vert konkurrentar, men variablar som gjer kvarandre sterkare som kulturelle drivarar – i positiv retning for kommunen.
Er Holmen Gard ei sak som bygdas eigne – og kan hende idealistar som har flytta ut – kan ta tak i på eiga hand? Etablere kapital, ein drivar eller fleire – og hindre at det vert fleire omgangar med draumevevarar som set denne staden endå nokre steg attende?
Min tanke med dette skrivet er å finne potensielle forvaltarar, næringsliv og private som kan delta på ei tankesmie på AbelSenteret og ta opp dette temaet og freiste å finna ei løysing.
Kom med innspel så kan vi treffast i auditoriet på AbelSenteret for å finne ei løysing.
Beste Helsing
Oskar T Brendalsmo