For fire år sidan skreiv Gjerstad SP i kommunevalgprogrammet at Gjerstad skulle vere ein eigen kommune. Det er framleis vårt primære standpunkt. I programmet vårt i år står det at vi ønskar ein kommunestruktur som er til det beste for innbyggarane. Det skyldast ikkje at Senterpartiet har fått eit nytt syn på saka, men verda rundt oss har forandra seg. Den blå-blå regjeringa har sett igong ei reform som ikkje har starta i grasrota, slik gode reformer gjør, men derimot i parti- og regjeringskontora. Mange undersøkingar viser at det er dei små kommunane som gir dei beste tenestene til innbyggarane. Trass i det er alle kommunane pålagde å utgreie kva dei vil i framtida, og sterke signal tyder at samanslåing må til.
Det er som å famle rundt i mørket. Kven har vi lyst til å slå oss saman med? Vil dei leike med oss? Kor store må vi bli for at det er stort nok? Det blir ei likning med mange ukjende. Gjerstad kommunestyre har vedtatt at Risør, Tvedestrand, Vegårshei, Åmli og Kragerø er aktuelle kommunar å snakke med. Bare med desse partnarane ser vi fort 3-4 ulike alternativ.
Kva er det som er viktig for oss? Først og fremst gode tenester til innbyggarane. Det er den viktigaste oppgåva til ein kommune. Skule, barnehage og omsorgsfunksjonar. For ein liten kommune med varierande arbeidsløyse er arbeidsplassar i kommunen viktig. Kommunen er ein stor og viktig arbeidsgjevar og vi treng dei arbeidsplassane.
Noko som er lett å gløyme er at me har ein identitet som gjersdølingar å ta vare på. Den identiteten er sterk i dag, og det skal meir enn ein kommunereform til for å ta den bort. Kva skal vi heite i framtida? Kling «østreegder» noko særleg, eller for ikkje å snakke om dersom me skulle bli påtvungne namn frå ein av byane i området her.
Kommunereformen omfattar meir enn samanslåing av kommunar. Nye oppgåver skal overførast til kommunane. For å kunne ha ansvar for videregåande skular må det vere ein stor kommune. På mange områder trengst det større fagmiljø enn det ein liten kommune kan ha. Løysinga blir ofte interkommunalt samarbeid eller kjøp av tenester frå større kommunar. Dette kan fort bli eit demokratisk problem, for ein liten kommune får lite påvirkning i slike samarbeid, og ein må bare ta det dei store bestemmer.
Dessutan ligg det eit tvangsris bak speilet. Kommunalministaren har uttala at det kan bli aktuelt å bruke tvang dersom små kommunar blir liggande aleine att. Alt dette gjør at det er vanskeleg å vite i dag kva som blir det beste for Gjerstad. Me må vurdere kva som kjem ut av sonderingane, og ta ei heilhetsvurdering på kva som er best for bygda. For Senterpartiet har det alltid vore viktig å ta vare på distrikta, og arbeide for desentralisering. Det vil alltid ligge som ein premiss når denne saka skal vurderast. Men vi kan ikkje konkludere med kva som er best for Gjerstad før vi veit meir enn det me gjør i dag.
Dette valget blir ikkje noko valg mellom ulike alternativ til samanslåing. Det kommunestyret som blir vald no blir kanskje det siste for Gjerstad som eigen kommune, og i verste fall skal det skipe til gravøl for kommunen. Vi ønskar at Senterpartiet skal få ein viktig rolle i det som no skjer. Uansett kva reforma fører med seg vil me arbeide for gode, desentraliserte løysingar, og gode tenester for alle.
Kåre Dalane
Listekandidat for Senterpartiet