iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Bjørnis til Gjerstad for å åpne brannstasjon

    6. juni 2025

    Åpent aktivitetshus for alle på tirsdag

    6. juni 2025

    Bli med på årets Hestival på Krokheia travbane

    6. juni 2025
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Illustrasjon: Depositphotos.com
    Artikkel

    Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

    By Rune Hagestrand20. februar 2021

    Illustrasjon: Depositphotos.com

    - Kom inn, sa ho, i dag fyller eg taans alder!  Og opp på loftet bar det...

    // Halvor Røylen

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Aasmund Olavson Vinje ga for eitt hundre og seksti eitt år sidan ut boka Ferdaminne. Det er ei reiseskildring som han skreiv etter ei ferd han hadde. Hundre og fem, seks år etter at han ga ut reiseskildringa si, var eg saman med far min, Tore, og brørne mine Torleiv og Arne, og utførte anleggsarbeid i Gjerstad. Det var i sommarhalvåra nitten sekstifem, sekstiseks. Nå legg eg ikkje opp til å skrive ferdaminne, men eg prøvar meg på Gjerstadminne. Minne for meg er det eg hugsar, eg har ingenting nedskrive. Og då er det slik at hugsen til tider kan vere unøyaktig, men som eg seier når eg fortel; det er slik eg hugsar det.

     

    Sommaren sekstifem var eg nykonfirmert (på den tida var ein i grunnen vaksen etter konfirmasjonen), eg hadde klart opptaksprøva for å kome inn på Statsrealskulen i Åmli, og eg var i mitt fyrste betalte arbeid. Når sommaren var over, og det lei til at skulen skulle starte opp, hadde lysta på å arbeide blitt større en lysta til å gå på skule. Det enda opp med at eg skulle ta realskulen som privatist, og det blei NKS brevkurs. Kombinasjonen arbeid, brevkurs og ungdomstid viste seg å bli ei utfordring, så det blei ingen eksamen, men noko fekk eg då inn i knollen likevel.

     

    Me arbeide veg frå Ulltveit og opp til Skaldrop og Kalvåsen. Litt ovanfor jordene på Ulltveit var der eit militært lager. Ein dag kom det ein offiser som skulle sjå om bygningen var passeleg skjult av vegetasjon med tanke på å bli oppdaga frå fly. Nokre dagar seinare kom det ein annan offiser som skulle sjå til at det var lett å kome til med utstyr og mannskap. Då måtte noka tre fellast, så då var ikkje kamuflasjen så nøye lenger.

     

    Gunnar Hagelia stikka vegen, og var oppsynsmann. Georg Lie og Kjell Bråten hogg veglina. Eg meiner det var Kjetil Eskeland som køyrde ut tømmeret, i alle fall var han å køyrde tømmer på same tid som me bygde vegen. Olav Fjærbu hadde ei tømmerdrift oppe ved Skaldrop, og han både felte og køyrde fram tømmer.

     

    Far til Olav var der mange tider og inspiserte, og eg hugsar han gjekk i svarte støvlar av lær. Harry, som blei kalla både Jørgensen, Diplemyrane og Morka, bora og sprengte der det var fjell og store steinar. Far til Olav var ein rettrygga kar, han var skalla, og som sagt, han gjekk i svarte høgskafta støvlar. Harry kalla han for «Stormfyreren» (utan å meine noke vondt med det).

     

    Det skulle ha blitt gjort opptak på lydband av skrollen i matpausene. Gunnar, Harry, Kjetil, Olav, Georg, Kjell, alle glimrande forteljarar, og med eit hav av historier. Det kunne bli lange matstunder av og til. Dessverre hugsar eg bare ei av forteljingane. Det var snakk om hestekrefter, og Olav fortalte om ein som hadde ein motorsykkel som det var dugeleg med hestekrefter i . Det va det feleste e har sett, sa han, det va bare ein to-tre meder, så va han opp i hundråtjue kilomedder.

     

    Då vegen hadde blitt bygd opp til husa på Skaldrop, blei det etter ei stund arrangert skogdag. Det kom fleire bussar med interesserte skogfolk, og blant dei også kvinner, noko som ikkje var så vanleg på den tida. Fylkesskogmeister Schinnes var der, og han var glad for at det kom kvinner også, men sa han, det er så lidderlig vanskelig å få pisset.

     

    Borgar Åsbø var med å køyrde grus då vegen til slutt skulle grusast toppdekke på. Han hadde ein Mercedes lastebil som var fin, blank og rein. Det seiste lasset før kvelden, skulle han dra ut eit tynt lag med grus, så han køyrde mens han lyfte tippen. Ein stad helte vegen ein del til den eine kanten, og dermed vrei lastekassa seg sidelengs på ramma, så den la segut på sida av ramma på bilen. Borgar stoppa, stilte seg roleg på stigbrettet utan å foreta ei mine, kikka på lastekassa og sa; det va som feen.

     

    Me hadde ein traktor av typa Fordson Major. På den var ei stor skuffe bakpå trepunkten, som det blei kalle. Skuffa blei for øvrig laga hjå Stiansen og Øya. Den blei lasta fyllmassemasse i med gravemaskin, så rygga me traktoren inn på tippen, og ved hjelp av ein sylinder kunne skuffa tømast. Far min stod på tippen og jamna massa for hand med krafse. Når skuffa blei for full, steila traktoren, slik at framhjula var i lause lufta. Då styrte me den med sidebremsene. Folk som fekk sjå dette, trudde me var galne som køyrde traktoren på bare to hjul. Me hadde teke av luftfilteret på innsuginga på Majoren. Då var det ingen regulering av turtalet på motoren, så den gjekk noko vederstyggeleg fort når me gassa på den. At ikkje de motoren klovna er eit under.

     

    I løpet av arbeidsdagen var det vanlegvis ikkje så mange andre menneske å sjå enn me som var der og arbeide. På det øvre jordet, der som det militære lageret var, hadde det blitt køyrd ut møkk som låg i haugar. Ein dag kom det gåande noka smellfine jenter frå bygda. Det var som nemnt ikkje kvar dag me såg folk, og då visst ikkje kvinnfolk! Eg køyrde den traktoren med skuffa bakpå, og heldt på med å manøvrere den bakover. Då skal ein også helst sjå bakover, men eg måtte sjølvsagt kikke på jentene, så eg såg framover i staden for bakover. I og med mi ukonsentrerte styring, gjekk det ikkje betre enn at traktoren for ned ein liten skråning og ut på jordet, og sjølvsagt, rett i ein møkkhaug. Det er i slike stunder ein føler at ein har gjort eit godt inntrykk på damene.

     

    Me hadde også ein tysk produsert traktor av merket Fahr. Den kunne vere vanskeleg å starte når det var kjølig i veret. I staden for å dra den i gang eller bruke hjelpebatteri, fyra me bål under botnpanna på den for å varme oljen og motoren. Kjell Bråten var nokre gonger med på å fyre, og me har i ettertid hatt moro av at me har fyra opp under far.

     

    På denne tida budde me på Ulltveit, hjå Olav og Tutti Fjærbu. Det var snille og herlege gjestfrie folk. Me budde i eit rom på loftet. Der laga me mat, og der sov far min. Me andre låg på låven, og det blei heller noke kjøleg når det lei utpå hausten.På den tida hadde Tutti og Olav to småjentene, Thorild og Ingebjørg. Thorhild har fortalt meg at dei endå kallar romet for «Skåliromet». Me var stort sett ned kvar kveld og sågDagsrevyen. Tutti varta opp med kaffi og kake. Når eg tenker på det nå; tenk å få tre mannfolk inn i stoga om lag kvar kveld.

     

    På den tida var der kiosk nede ved jernbanestasjonen, og ein mørk haustkveld skulle eg ned til kiosken og få meg noke søtsaker. I det eg skulle gå forbi nabohuset, kom ei av jentene, som eg nok var på hels med, men ikkje noke meir, ut på tunet. Kom inn, sa ho, i dag fyller eg taans alder! Og opp på loftet bar det, og der var romet fullt av jenter. Tenk ein blyg sekstenåring som meg, åleine med bare jenter! Kake fekk eg, og det blei etter kvart livleg skroll når bare raudfargen i kjakane hadde falma.

     

    Sommaren 2018 tok eg meg ein tur til Olav. Kaffien var på bordet med ein gong, og me rippa opp i gamle minne. Han tok meg med i bilen sin og køyrde meg opp til Skaldrop der han hadde ståande eit svært utstyr til å sage og kløyve ved med. Det var hobbyen han hadde. Så viste han meg huset på Skaldrop som han og familien hadde halde i god hevd. Olav hadde teke over garden då han var fyrst i trettiåra, men han hadde ingen bakgrunn som skogeigar, han hadde drevet sagbruk og høvleri. «Du verden så mye e lærte av dere», sa Olav medan me køyrde rundt på vegane.

     

    Ja, dette var litt om den tida me bygde veg til Skaldrop og Kalvåsen.

     

    For øvrig, på Eurospar Brokelandsheia har dei introdusertslankepølser. Det heiter at pølsene kan anbefales for alle pølse-elskere som kanskje trenger å holde vekta litt under oppsikt. Kva med å lage slanke pølser?

     

    For øvrig ein gong til, USA er tilbake, sa Biden i kveld. Eg har vel ikkje akkurat oppfatta det som at USA har vore borte vekk. USA har vel aldri vore så omtala som i dei seiste fire åra, i alle fall ikkje i mi levetid. Mi levetid er ikkje så lenge som Biden si levetid, men likevel.

     

    Halvor Røylen

    Gjerstubar

    Kultur Leserinnlegg Lokal Nyhet
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 30. mai 2025

    Si farvel til ujevne plener: Hvordan hagemaskiner håndterer utfordrende plener

    Artikkel 26. mai 2025

    Husk å sende inn dine maibilder innen lørdag

    Artikkel 26. mai 2025

    Nettkasinoer og Norge i 2025: Mellom DNS-blokkering og lisensdebatt

    Artikkel 23. mai 2025

    Vanlige feil på EU-kontroll i Norge – og hvilke bildeler du bør sjekke først

    Artikkel 16. mai 2025

    Nå er våren her – møt den nye årstiden med flotte sommersko

    Artikkel 5. februar 2025

    Skap sterke lokale forbindelser med skreddersydde profilprodukter

    Artikkel 23. desember 2024

    Irske puber – et viktig kulturinnslag verden over

    Artikkel 19. desember 2024

    Hva du bør vite om inkasso

    Artikkel 18. desember 2024

    Blir det deg som skyter blinkskuddet i desember?

    Artikkel 16. desember 2024

    Hvordan velge riktige dører og vinduer til hjemmet ditt

    Artikkel 14. desember 2024

    Så mye tjener journalistene i Aust Agder Blad

    Artikkel 10. desember 2024

    Agder Sparebank har åpnet for Apple Pay

    Artikkel 18. november 2024

    Utforsk GR221 Mallorca for vandring og naturopplevelser

    Artikkel 18. november 2024

    Transformasjonen med skyvedørterrasse

    Artikkel 6. november 2024

    Årets «Før i tida» snart i handelen

    Artikkel 8. oktober 2024

    20. oktober: Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen

    Artikkel 25. september 2024

    Hvem fortjener kulturprisen i Gjerstad for 2024?

    Artikkel 12. september 2024

    Folkemøte: – Er det en menneskerett å få bo hvor man vil når man blir pleietrengende?

    Artikkel 8. september 2024

    Hvordan velge riktige firmagaver for effektiv markedsføring

    Artikkel 22. august 2024

    Brokelandsheiadagene: Nye matutstillere kommer

    Artikkel 15. august 2024

    Høyres fire løfter til skolestartere

    Artikkel 19. juli 2024

    Slik går du aldri glipp av en Manchester United-kamp

    Artikkel 4. juli 2024

    Færre unge til mekling i Konfliktrådet

    Artikkel 21. juni 2024

    Skal finne ut hvorfor elgkalver blir syke og dør

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Bjørnis til Gjerstad for å åpne brannstasjon

    6. juni 2025

    Åpent aktivitetshus for alle på tirsdag

    6. juni 2025

    Bli med på årets Hestival på Krokheia travbane

    6. juni 2025
    6,202

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)

    igjerstad.no

    5 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/tor-bork-seiret-pa-sorlandet/ ... See MoreSee Less

    Tor Bork seiret på Sørlandet - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Per Vetle Kals vinner nesten daglig for tida. I kveld ble det en ny seier, denne gang på Sørlandet med Tor Bork, som ikke var veldig betrodd i løpet. Hesten overtok teten en drøy runde før mål, ...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    5 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/nye-eurospar-brokelandsheia-er-apen/ ... See MoreSee Less

    «Nye» Eurospar Brokelandsheia har åpnet - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Brokelandsheia er i dag preget av at Eurospar Brokelandsheia nyåpner sin butikk. Ordfører Steinar Pedersen fikk oppdraget med å åpne butikken torsdag formiddag. Han kunne gi Eurospar Brokelandshei...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    6 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/dette-er-vinnerbildet-for-mai-maned/ ... See MoreSee Less

    Dette er vinnerbildet for mai måned - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Månedens bilde for mai måned er tatt av Turid Helen Lunde Bildet fra Gjerstad stasjon er et flott stemningsbilde av to små togreisende, på vei til familiebesøk til bestemor. Bildet er nå med i k...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    7 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/gjerstadhester-med-dobbeltseier-pa-momarken/ ... See MoreSee Less

    Gjerstadhester med dobbeltseier på Momarken - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Per Vetle Kals stilte med to stallhester i samme løp på Momarken mandag kveld. Det endte på best tenkelig vis, da hestene ble nr. 1 og 2 i løpet. Per Vetles egen treåring Løkki Athene ledet løp...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/nyapning-av-eurospar-brokelandsheia-pa-onsdag/ ... See MoreSee Less

    Nyåpning av Eurospar Brokelandsheia på onsdag - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Eurospar Brokelandsheia nyåpner butikken etter den omfattende ombyggingen onsdag 4. juni. Kl. 10.00 foretar ordfører Steinar Pedersen åpningen av de nye fasilitetetene, som bl.a. inkluderer et helt...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2025 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up