iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Løkki Athene vant på Klosterskogen

    16. april 2026

    Spinn og uro om overtidsbetaling

    16. april 2026

    Velkommen til vårfest med Gjerstad skolekorps

    16. april 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Artikkel

    Laurdagstankar frå ein gjerstubar

    By Rune Hagestrand11. april 2020

    - Eg har kome i ein alder som det bare er håret i nakken, håret i øyrene, håra i naseborene, målet rundt magen og sjølvaste prostataen som veks.
    //Halvor Røylen, Gjerstubar

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    I nokre år var eg med i koret Bare for gøy. Eg song bass, men eg var ikkje så stø på tonen, så eg passa på å få ein plass nær Tore Jacobsen, for han var stø som fjell. Eg lytta til han. Det medførte at eg blei hengande litt etter heile tida, så det blei som eit litt forsiktig ekko. Tidvis blei bassen av den grunn mykje fyldigare. Nå fortida legg dei til ekko elektronisk, men det er bare juks og fanteri.

     

    Me hadde fleire gilde turar og sosiale samlingar, blant anna var me til Felle. Det var ikkje alle som hadde vore der, så det var ei hugnadsam oppleving for dei. Eg var kjentmann, og fortalte om Gres som budde i Uvdalen, og som var i slåsskamp med fellefolka, Steffan som var fredlaus og budde i Steffanstoga med to kvinnfolk. Den eine av dei to var hardmynt. Havrefjellhola og Spjotvassklova la eg også ut om. Me hadde eit godt måltid i ei hytte som låg ved eit lite tjern som heiter Kyrtjønn. Eg sa til dei at dei ikkje måtte uttale Kyrtjønn på bokmål, og det gjekk greitt.

     

    Me var utanlands også. Til Arles i Frankrike. Der budde me i eit gjestgiveri som eit ektepar dreiv, men dei kunne ikkje eit ord norsk! Det ordna seg fint, for Agneta Nilson og Jørgen Halvorsen hadde studera i Frankrike, så dei snakka betre fransk enn franskmennene. Ja, og ikkje minst, Torill Jonas kunne også fransk, så eg klarte meg veldig godt så lenge eg heldt meg nær ein av dei. Torill var ekspert på Vincent Willem van Gogh, så ho tok oss med til eit van Gogh museum. Han var visst ikkje heilt god i nervane, for han skar av seg det høgre øyra med eit barberblad etter ein krangel med ein annan kunstmålar. Han har måla eit skilderi som han kalla for ”Ved evighetens port”, der personen sit framoverbøygd med olbogane på knea og hovudet i hendene. Ja kven har ikkje gjort det frå tid til annan.

     

    Me var sjølvsagt på restaurant og åt fransk middag, og med fransk vin til, så stemninga blei god. Etterpå gjekk me på ein uterestaurant, og me blei sitjande ved eit langbord. Samtalene gjekk godt og livleg, så det ble ein god del latter, men det var då bare skøy og moro. Trur du søren meg ikkje at me blei snakka til, det blei for mykje latter for franskmennene!! Så då fant eg ut at i staden for å helse bonjour, så skulle me helse bonn sur.

     

    Ein dag var me på ein marknad. Der var ei rekke med bor og boder som var om lag like lang som frå Den lille dyrehage til Byggmakker. Der drog eg til med å kjøpe forskjellige krydder, to flasker olivenolje og ei lita ugle som eg kunne blåse i, og lage uglelyd med. Ugla hadde eg stor suksess med på gjestgiveriet ut over natta, trudde eg sjølv i alle fall. Då eg kom ned til morgonmat, så kikka vertinna på meg og truta munnen; uuu uuu. Ergo, ho måtte ha sett meg i aksjon med ugla i løpet av natta.

     

    Olivenoljen var ikkje noken suksess. Då eg kom heim viste det seg at flaskene hadde knust, og all oljen hadde runne ut blant kleda. Buksene hadde mista pressen, så eg fant ut at olivenoljen måtte vere kaldpressa. Alt, inklusive kofferten, var øydelagt og måtte kastast.

     

    Ei tid seinare skulle koret ha ein festleg samankomst i forsamlingshuset på Laget. Eg var litt usikker på om eg skulle melde meg og min frue, Bjørg, på festen, så då fristen for påmelding godt og vel var omme, sendte Ylva Hope ein sms til meg, der ho skreiv; ta med deg ugla å kom Halvor!

     

    Bjørg, leste denne sms-en, men ho hugsa ikkje på at det var ugla eg hadde med frå Frankrike som Ylva meinte, så då blei det i alle fall ikkje til at me meldte oss på!!!

     

     

    Eg har kome i ein alder som det bare er håret i nakken, håret i øyrene, håra i naseborene, målet rundt magen og sjølvaste prostataen som veks. Lengda på kroppen minkar, kjakane blir sie, augneloka heng, musklane minkar og huda rundt omkring på heile kroppen blir romsleg og slapp. Når prostataen veks, og huda blir slapp, då blir noken av oss mannfolk breibeina når me skal drenere kroppen. Det har seg slik, for dei som ikkje har greie på det, at når prostaten veks, så kverker den på den indre delen av dreneringsrøyret. Og når huda er slapp rundt den ytre delen av dreneringsrøyret, så renn det ikkje akkurat strålande, for å sei det på den måten. Dreneringsvatnet får eit loddrett fall, og difor blir mange av oss mannfolk ståande breibeina. Ein bør det i alle fall, for elles kan det bli mykje skopuss.

     

    Det er ikkje til å unngå at eg blir litt nostalgisk når eg sit her å knattar på tastaturet. Før, spesielt i ungdomsåra, stod eg også breibeina, og med framskoten underkropp, når eg drenerte kroppen. Det var truleg for å framstå som mandig. Då forlot dreneringsvatnet kroppen næmast horisontalt, og minst ein meter framføre dei blankpussa skorne. Stod ein då nokre mannfolk side om side og drenerte kroppen samstundes, så sendte ein eit skråblikk mot sidemannen for å samanlikne om sidemannens stråle nådde lengre eller kortare. Avslutning med litt salutt, eit gys i ryggen, eit kraftig rist av dreneringsrøyret, eit nikk tilbake med fua, inn med drenerings­røyret, og så att med luka.

     

    Nå trur du vel eg sit her og ser svart på det. Nei då, langt i frå! Framføre meg har eg bilete av barn, barnebarn og oldebarn. Eg frydar meg, dei gjer meg så glad, sprudlande glad. Dreneringsrøyret er brukandes til meir enn å drenere kroppen med må vite! Så i takksemd ruskar eg litt ekstra i skinnfilla når eg er ferdig med å drenere, nikkar anerkjennande og kviskrar; du er guten du.

     

     

    Halvor Røylen,
    Gjerstubar

    Kultur Leserinnlegg Lokal Nyhet
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 12. april 2026

    Vegårshei og Gjerstad demenskor: Sang, fellesskap og en god kaffekopp

    Artikkel 10. april 2026

    Bli med på jegerprøvekurs i april!

    Artikkel 8. april 2026

    Over 4000 HV-soldater har øvelse

    Artikkel 30. mars 2026

    Knallsesong for Gjerstads skiskyttere

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Artikkel 31. oktober 2025

    Tilbyr studie i montering og installasjon av solkraftanlegg

    Artikkel 30. oktober 2025

    Så mye billigere ble Norgespris i oktober i Gjerstad

    Artikkel 18. oktober 2025

    Sammen om å utvikle jakt og jaktskyteferdigheter.

    Artikkel 10. oktober 2025

    – Alle barn fortjener en trygg hjemmebane

    Artikkel 9. oktober 2025

    – Hjelpen kommer for sent

    Artikkel 26. september 2025

    Husk fotokonkurransen for september

    Artikkel 3. august 2025

    Meninger: Arvesynden

    Artikkel 31. juli 2025

    Kjøpeguide – Hvordan velge riktige bremseklosser for bilen din

    Artikkel 7. juli 2025

    Norsk Tipping har gjort det igjen

    Artikkel 11. juni 2025

    Hvordan oppnå optimal isolasjon og energieffektivitet i hjemmet

    Artikkel 30. mai 2025

    Si farvel til ujevne plener: Hvordan hagemaskiner håndterer utfordrende plener

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Løkki Athene vant på Klosterskogen

    16. april 2026

    Spinn og uro om overtidsbetaling

    16. april 2026

    Velkommen til vårfest med Gjerstad skolekorps

    16. april 2026
    6,309

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)

    igjerstad.no

    1 day ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/spinn-og-uro-om-overtidsbetaling/ ... See MoreSee Less

    Spinn og uro om overtidsbetaling - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    De siste ukenes debatt om overtidsbetaling for deltidsansatte preges av mye uklarhet, men også bevisst gale uttalelser. Flere av arbeidstakerorganisasjonene gir inntrykk av at Norge allerede har fåt...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    2 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/velkommen-til-varfest-med-gjerstad-skolekorps/ ... See MoreSee Less

    Velkommen til vårfest med Gjerstad skolekorps - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    4 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/fra-mange-sma-til-fa-og-store-femti-ar-med-landbruk-i-gjerstad/ ... See MoreSee Less

    Fra mange små til få og store: Femti år med landbruk i Gjerstad - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Gjerstad har en lang historie knyttet til jorda og skogen. De siste femti årene har landbruksnæringen imidlertid gjennomgått en formidabel transformasjon. Utviklingen i Gjerstad speiler en nasjonal...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    4 days ago

    igjerstad.no
    De beste tilbudene på flagg og vimpler i mange størrelser får du hos www.flaggbutikk.no ... See MoreSee Less

    Photo

    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    4 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/dette-er-de-10-mest-kjente-gjersdolingene-gjennom-tidene/ ... See MoreSee Less

    Dette er de 10 mest kjente gjersdølingene gjennom tidene - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Vi har fått hjelp av kunstig intelligens (KI) til å foreslå en liste over de 10 mest kjente gjersdølingene gjennom tidene. Dagens moderne samfunn med sosiale medier og internett som sprer opplysni...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up