NRK.no:
23. oktober får det populære NRK-programmet ny pianist: Lars Andreas Aspesæter, utdanna ved Norges Musikkhøgskole og tidlegare kjent frå NRKs Julemorgen.
– Å få denne jobben er ein barndomsdraum, så det er litt surrealistisk at det no skal skje. Som liten leika eg faktisk Beat for beat heime, seier Aspesæter.Han har spelt piano sidan han var fire år gammal, vore frilansmusikar i ei årrekke og spelar i band med Frøydis Grorud, som er saksofonist i Beat for beat.
– Yngre og penare utgåve av meg
No erstattar han Gisle Børge Styve, som har vore med i programmet dei siste 16 åra. Styve går god for etterfølgjaren:
– Eg likar alt han står for. Han er ei yngre og penare utgåve av meg. Men musikkfagleg er han kome mykje lenger enn eg hadde då eg byrja, seier han til NRK.no