På folkemøtet hadde eg inntrykk av at det var ei von om at ordstyraren skulle ha all makt. For min eigen del, så forsto eg det då han avbraut meg under innlegget mitt, og bortviste meg. Nei, dette skulle vere ei førelesing i kor fint det skulle bli med 5K. – Slik gjekk det ikkje. Til tross for somme triks for å hindre at salen fekk for mykje taletid, var det salen som etter kvart tok regien, og fekk fram sitt syn. Eg er overtydd om at arrangøranes innleidde hjelp blei overraska over forma i dette møtet: Alle kjende kvarandre, ikkje minst ordføraren som kalla alle ved namn. Dette er eit særs godt døme på lokaldemokrati. Den finaste verdien eit samfunn kan ha. Vi kan lett sjå føre oss frustrasjonen når dette blir teken vekk frå oss. Lokaldemokratiet si makt – den finaste varianten.
Så kom det fram under debatten at vi slettes ikkje var imot kommunesamanslåing; berre den som blir tredd nedover øyra våre, med åtvaringar om at vi veit ikkje vårt eige beste. Vi vanlege folk berre «synser», trur og handlar ut frå kjensler. Nei i dei siste 15 åra veit eg at det har vore mange idear og tankar om ulike fasetter av kommunesamarbeid. Desse kom verkeleg fram på folkemøtet. Tenk deg; folk sine ynskje – dèt er noko å tufta avtalar på, når ein har majoriteten i kommunen med! Men, kommunalministeren har ein plan: Vi må ned på om lag 100 kommunar.
Eg har nemnd verdien i det å ha eit sant lokaldemokrati. Det er mange verdiar i samfunnet vi må ta omsyn til, kvar ein politisk ideologi har sine verdiar og kan hende fell dei saman i somme kantar i partifarga. Menneskeverd til dømes. Er ein kommune; (Arendal), som nektar å tiggerar i gatene, ein kommune som ikkje står opp for dette menneskeverd? Går det an å gå god for dette?
Oskar T Brendalsmo