Sosialistisk teori oppstod i Europa tidleg på 1800-talet, i kjølvatnet til industrialiseringa. Det er såleis ein teori som er nært knytt til framveksten av arbeidarklassa.
Vi må sjølvsagt i dag erkjenne at verda er industrialisert, og at det er arbeidarar knytt til denne. Arbeidarklassa voks fram nettopp i kjølvatnet av industrialiseringa i byrjinga av 1800-talet. Det var stor naud blant mange og bedriftseigarane såg høve til å utnytte folk nærast som slavar i verksemdene sine. Mange bedriftseigarar var så kyniske at dei selde varer og tenestar til dei tilsette med så høg pris at dei etter kvart fekk stor gjeld til arbeidsgivaren – og på den måten vart ein «slave» for han. Då arbeidarane vart klar over dette oppstod omgrepet sosialisme. Eit ord som kjem frå det latinske ordet socius tyder følgjesvenn/kamerat. Ja, det var mange som trengte ein kamerat og ein følgjesvenn når bedriftseigarane på det grovaste utnytta arbeidarane sine etter den industrielle revolusjonen.
Europa og den vestlege kultur – bygt på den kristne kulturarven – har i stor grad, vokse fram nettopp på grunn av samspelet mellom industrien og følgjesvenn/kamerat-rørsla. I dag kallar vi denne rørsla for fagrørsla. Hovudstammen i arbeidarrørsla er LO. Den andre hovudstammen er for arbeidsgjevarane/bedriftseigarane og kallast NHO. Eit samspel som har gitt oss den norske modellen.
I Skandinavia hadde vi noko vi kalla den Skandinaviske velferdsmodellen. I Danmark og
Sverige har denne kvarva vekk med tida, takk vera eit styre av høgresida i politikken. Men her heime i landet vårt, har vi klart å halda på denne – enn så lenge.
Takk vere eit sosialistisk/sosialdemokratisk styre i brorparten av tida frå den 2 verdskrigen og fram til nå, har vi fått velferdsgode som jamnar ut forskjellane mellom oss. Mange som har falt utanfor av ymse grunnar har fått høve til å kome inn i arbeid eller anna som kan gje ein eit verdifullt liv. Mange har òg fått hjelp til å starte små verksemder og kan halda på med til som dei har lyst og hjarta for. Dette har vorte den norske modellen
Om ikkje fylgjesvenn/kamerat-rørsla hadde vunne på slutten av 1800-talet hadde vi nok ikkje hatt dei goda vi alle har i dag. Kan hende ville vi hatt nokre kaksar som ville ha svara som Warren Buffet, Amerikas nest rikaste mann: «Det går heilt klårt føre seg ein klassekrig, men det er mi klasse, den rike klassa, som driv krigføringa, og vi vinn.»
Om vi tenker at vi alle skal vere følgjesvenner/kameratar, veit vi i alle fall at denne tenkjemåten ikkje gjer oss usosiale – men tvert om ynskjer at alle skal ha det godt..
Oskar T Brendalsmo