I ein album med gamle utklypp frå sekstitalet, fann eg ein artikkel om kommunen sin omsut for dei besøkande på kommunehuset; ein lokal Kafé . Ja, ja – kafé og kafé – det var berre ei kaffikanne, ei stor kaffikanne var det visst. Og somme av dei kvinnelege tilsette hadde med ymse kakeslag, når dei kom om morgonen. På dette viset vart det ein dialog mellom dei ymse etatane, men òg mellom publikum og dei tilsette. Så var det namnet då: Barselona, tidlegare hadde dette vore fødestaua i kommunen: Barselstova.
Sjølv kom eg visst til verda i dette romet. Så, – på kva for tid forsvann denne fellesskapstanken? Ein fin kultur for interaksjon mellom tilsette og den einskilde borgar er borte. Ingen uformelle møtestader er attende i den delen av kommunen som ein voterte for som den kulturelle delen av kommunen. Færre dagar til å treffa dei tilsette i kommunen. Til og med benkane er borte. Vi kan berre drøyme om slike møtestader som – Barselona Kafé.
Oskar Tore Brendalsmo