Oskar Tore Brendalsmo
Oskar Tore Brendalsmo

Den femte statsmakt?

" Blir demokratiet tynna ut av dette «knefallet» for Facebook, Instagram og Twitter? "
Oskar T. Brendalsmo

Lovgjevande, utøvande og dømmande makt, - det seiast det at pressa er den fjerde statsmakt, - då som opinionsformidlar og opinionsskapar. I våre dagar er dei sosiale media komen inn på den politiske arenaen, dei gravande sanningssøkjande journalistane i den solide pressa er sett litt til side, i ein viss grad. Brukarar av Twitter, Facebook, Instagram og  - kan hende endå fleir, får meldingane sine rett inn i lomma og IPhonen til dei styrande organa. Denne plattforma av sosiale media – slik den breier om seg, kan då sjå ut som om dei vert ei lovgjevande, utøvande og dømande makt i seg sjølv. Det kjem an på kor gode dei er til å utnytte denne plattforma.

Sjølv er eg ingen brukar av sosiale media, men eg er samfunnsinteressert og les mykje politisk og anna samfunnsstoff og kan sjå at personar frå styresmaktene somme tider kan la seg påverke av desse nye media. Blir demokratiet tynna ut av dette «knefallet» for Facebook, Instagram og Twitter?  Kan interessegrupper køyre målretta kampanjar i desse media for å få gjennom sine saker? Eg meiner ein kan sjå teikn på det.

Årsaka til at eg er ute med dette nå, er at det er stortingsval til måndag. Stortinget: Det regellagande organet. Før var Stortinget fylt opp av ideologisk styrde kvinner og menn. No er det ikkje lett å få auga på parti-ideologien lenger – utanom dei ytste fløyene, brorparten har samla seg i midten – kan hende i «Facebook-tåka», medan verdas miljøskute har stø kurs mot stupet. Det eg bed veljarane om no er: Tenk ideologi, og - om du har gløymt eller ikkje veit kva ideologi er; søk på google.

Oskar T Brendalsmo

Flere saker

Mette E. Sveinungsen (innfelt)  inviterer til sommerfest på idylliske Holmen Gård i Gjerstad.

Ønsker velkommen til sommerfest på Holmen Gård

Wenche Fresvik, Avdelingsleder for Virkemidler og entreprenørskap i Agder fylkeskommune. Foto: AFK

Dette får Agderkommunene i statlige tilskudd i forbindelse med korona-pandemien

Det er rundt 70 år siden sist det var beitedyr i Melaaslia. Foto: Torgrim Landsverk

Driver sauedrift i Gjerstad fra USA

Per Vetle Kals kunne fredag styre sin søsters hest til en fin 2. plass på Jarlsberg Travbane. Skjermdump: Norsk Rikstoto.

V.M.K. Diana debuterte med 2.plass på Jarlsberg Travbane

Kommunehuset i Gjerstad. Arkivfoto.

Svake resultater for Gjerstad i årets kommunebarometer

Arcturus fra en tidligere konsert i Chile. Foto: Facebook.

Arcturus til Møllafestivalen 14. og 15. august

Bankbygget på Brokelandsheia skal skrapes og males i neste uke.

Gjerstad idrettslag skal male bankbygget i sommer

10. oktober blir det Rosa sløyfe-løp på Brokelandsheia. Foto: Kreftforeningen.

Forbereder Rosa sløyfe-løp på Brokelandsheia