«Gjerstad skal bli ein vekstkommune»
Dette er vel ord som meir eller mindre har kome frå alle politikarar med hjarte for bygda vår. Knut Ulltveit, Arthur Løite, Sveinung Høstfet, Torleif Dalane – den sist nemnde tala mykje om kor viktig det var å vere litt framskotne i tida, kjenne på kva som var viktig for lokalsamfunna, – men òg heilskapen i samfunnet. Alle desse kom tidleg i tale om ei utvikling på Brokelandsheia. Ein idé som – etter det eg har forstått – kom frå Knut Ulltveit. Ja, Gjerstad skulle bli ein vekstkommune. Dei hadde rett; tradisjonane i arbeidarrørsla borga for utvikling.
Eg kan sjå i nokre artiklar at det vert skriven om den Norske modellen. Dette var tidlegare den nordiske modellen – som vart bygt opp av sosialdemokratiske verdiar frå den andre verdskrigs, slutt og fram til 80 talet. I Sverige og Danmark har denne modellen blitt tynna ut valdsamt og norsk velferdsmodell vrir seg i sterke krampar under blå – blått styre. Når høgrerepresentantar snakkar om ta vare på den norske velferdsmodellen blir det litt – ja, fargelaust.
Vi har i dei siste åra sett ordførarar av ymse fargar smykke seg med det blanke kjede, med mange slags symbol kring halsen. Symbol på bygda si historie og kultur. For å få på plass ein ordførar som kan representere verdiane frå alle symbola i ordførarkjede, trur eg det er naudsynt å finna den som sit mellom dei to føregåande. Kan hende denne har dei same samfunnskriterier som dei gamle sosialdemokratiske kjempene, som hadde motet til å stå i oppbygginga av det samfunnet vi har i dag.
Det er skriven om at samfunnet lyt byggjast nedanfrå. Kva anna enn den sosialistiske ideologien kan gjere det mogeleg for små arbeidsfolk å reisa seg opp. Sjølv ser eg at denne verdien er under press, arbeidsplassane er under press, det er fleire arbeidsledige enn det var for kort tid sidan. Ja, ja, no kom eg visst inn på det store biletet, – men, det store biletet er ikkje komplett utan dei små penselstroka – les: lokaldemokratiet.
Eg er overtydd om at ein ordførar frå venstresida i politikken, vil vere den som kan samle, lyfta og gjere kommunepolitikken transparent og føreseieleg. Nær i kontakt med veljarane.
Oskar T Brendalsmo