Eg les i IGjerstad i dag at to listekandidatar på Høgres liste meiner at Steinar Pedersen bør gjenvelgast som ordførar i Gjerstad fordi han har opparbeidet seg erfaring og kontaktnett gjennom ein halv periode, to år, som ordførar.
Er kontinuitet eit viktig kriterium for å gjøre ein god jobb som ordførar?
Historia i Gjerstad seier noko anna. Her er tradisjonen at ordføraren sit i ein periode. Unntaket er Inger Løite som blei vald for ein andre periode, men slutta etter 6 år. Elles må ein tilbake til Jan Olav Olsen som satt som ordførar i to perioder på 1990-talet.
Har så Gjerstad lidd under dette, eller har det vore bra for bygda? Alle ordførar har gjort sitt beste for bygda, utfrå sine føresetnader og erfaring. Nye auger ser ting på nye måtar.
Det som i alle fall er viktig er at ordføraren har ei solid kommunestyregruppe i ryggen. Tradisjonen i Gjerstad er at ordføraren kjem frå eit av dei største partia. Kven det blir får vi vite til måndag.
Kåre Dalane