iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Seks fartssyndere tatt i Gjerstad tirsdag ettermiddag

    18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    18. august 2026

    Overleverte ny tomannsbolig i øvrebygda til Gjerstad kommune

    18. august 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Illustrasjon: Depositphotos.com
    Meninger

    – På tide å ta ME-sjuke på alvor

    By Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre5. desember 2022

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    ME er ein sjukdom som påfører dei som vert råka og deira næraste store lidingar – og ein sjukdom samfunnet har forsømt å møte på ein god måte. Historiene om ME-ramma som har blitt svikta og mistenkeleggjort av det offentlege Noreg er mange og vonde.

    Torsdag 24. november var ME tema på Stortinget. Venstre utgjorde saman med Ap, SV, Sp, Raudt, MDG og Krf fleirtaletsom no slår krystallklart fast at ME-sjuke ikkje lenger skal bli diskriminert i trygdesystemet, og ikkje bli pålagt behandling som anten ikkje finst eller i verste fall gjer sjukdomen endåverre.

    ME råkar barn, unge og vaksne – nokre så hardt at dei blir sengeliggjande i årevis. Andre, særleg unge, kan bli friske etter ei tids sjukdom viss sjukdomen blir møtt på riktig måte.

    Den mest omfattande kunnskapsrapporten som er laga om ME, finn vi i USA. Her blir det synleggjort at ME er einalvorleg fysisk sjukdom, og vi får stadig meir kunnskap om kva som verkar, og kva som ikkje verkar.

    Det er ikkje rolla til politikarane å finne dei medisinske løysingane, men det vi som politikarar kan og bør gjere, er etter Venstres syn i alle fall følgjande:

    1: Å legge til rette for at ME-råka blir møtte med respekt og fagleg innsats frå første stund der det er mistanke om ME, og gjennom heile sjukdomsforløpet. Det gjeld både i helsevesenet, i skulesystemet og i Nav-systemet.

    2: Å få på plass eit behandlingssystem der det er plass til deialler sjukaste utan unødvendig ventetid. Det krev både ressursar, fysiske behandlingsplassar og kompetanse.

    3: Å styrke innsatsen for forsking på ME-feltet og legge til rette for utveksling av erfaring og resultat innanforinternasjonal forsking.

    Dei som blir råka av ME, er ofte så alvorleg råka at all energi går med til å handtere sjukdomen. Dei må sleppe å ta kampen for å bli høyrde og forstått åleine. Det veit alle dei som har vore nær pasientar med ME. No må samfunnet stille opp for dei ME-råka.

    Difor er Venstre glad for vedtaket som no er gjort i Stortinget. Venstre stiller seg bak dei heilt rettmessige vedtaka som no er gjort om å gjennomgå regelverk og praksis for å sikre likebehandling ved søknad om uføretrygd og at ME-sjuke ikkje blir underlagt krav om behandling som er utilgjengelegeller får avslag i det offentlege helsevesenet.

    Eg håper regjeringa set eit høgt tempo i arbeidet med å hjelpe dei ME-sjuke betre enn i dag. Det er ikkkje berre på tide, men langt på overtid.

    Alfred Bjørlo
    stortingsrepresentant (V)

    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre

    More Cases

    Artikkel 18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    Kommunale saker 11. august 2026

    Fortalte om boligprosjekt på Brokelandsheia

    Kronikk 29. juli 2026

    – Bompenger er en moderne form for landeveisrøveri som må avskaffes

    Kronikk 21. juli 2026

    – Sammen er vi mindre aleine

    Kronikk 13. juli 2026

    Norge trenger strengere straffer for dyremishandling!

    Kronikk 3. juli 2026

    – Når vi satser på bredden, vinner hele Norge

    Kronikk 3. juli 2026

    – Det er sluttsummen på kassalappen som teller

    Kommunale saker 30. juni 2026

    Ordførerangrep på Facebok

    Artikkel 29. juni 2026

    – Fjerning av skattefritak på hyttesalg er ingen god idé

    Kronikk 25. juni 2026

    – Skattene må ned!

    Kronikk 19. juni 2026

    – Nå skal bakmennene tas

    Kommunale saker 18. juni 2026

    Sa ja til Gjerstad Vekst AS med knappest mulig margin

    Kronikk 15. juni 2026

    Meninger: -Tillit krever like spilleregler

    Kronikk 12. juni 2026

    Senterpartiet stoppet gebyrsmellen for lovlydige våpeneiere

    Kronikk 8. juni 2026

    Sps bygg- og anleggspakke bygger hele Norge

    Kommunale saker 31. mai 2026

    Møteplassen er åpen fra 12-16 mandag

    Kommunale saker 9. mai 2026

    – Det er ingen som har bedt om å betale mindre – bortsett fra Arendal

    Meninger 16. april 2026

    Spinn og uro om overtidsbetaling

    Kronikk 13. april 2026

    Samfunnssikkerhet krever samarbeid – nå mer enn noen gang

    Kultur 12. april 2026

    NORSK SKANDALE: 22.000 flasker god vin går rett i vasken!

    Meninger 2. april 2026

    – Innfør maxpris på diesel og bensin

    Kronikk 2. april 2026

    Tillit og kontroll i kulturminnevernet

    Kronikk 31. mars 2026

    Fra skateboardforbud til formuesskatt

    Kronikk 30. mars 2026

    – Drivstoffavgiftene må ned!

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Seks fartssyndere tatt i Gjerstad tirsdag ettermiddag

    18. august 2026

    Boligmarkedet i Gjerstad: Dette bør du vite før du kjøper eller selger

    18. august 2026

    Overleverte ny tomannsbolig i øvrebygda til Gjerstad kommune

    18. august 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up