Først; Takk til Rødt for sitt innlegg. Samstundes som de forfatta dette, eit knakande godt innlegg, – har eg sjølv laga eit motinnlegg til ordføraren.
Samfunnsoppdraget
Om ikkje biblioteka er staden der ytringsfridom der ulike stemmer slepp til – kva for andre arenaer har vi?
Biblioteket sitt samfunnsoppdrag er formidling av kunnskap, kultur og bidrag til eigenutvikling, læring osb. Ikkje berre utlån av bøker. Etter at utlåns-rutinane er automatisert imest alle bibliotek, kan bibliotektilsette gjeformidling og undervisningsaktiviteter både i og utanfor bibliotek–lokala, retta mot innbyggjarane i alle aldrar.
Når eg les ordføraren sitt svar på innlegget mitt, meiner eg å sjå at den høgaste redsla er pengebruken. Men om ein skal sjå på fortenesta av dei einskilde institusjonar, gløymer styresmakta fort det kulturelle verdet. Krafta i dei kulturelle verdiane har i seg det mange, for ikkje å seie alle – treng for å ha god balanse i livet. Biblioteket har mange av desse verdiane.
I svaret på innlegget mitt står det til slutt: «Jeg vil heller lete etter nye løsninger vi tror kan ha en positiv effekt enn å satse enda mer på det som ikke virker.» Som om biblioteket ikkje har ein positiv effekt! Eg tenker; har du snakka med brukarene? Har biblioteket ein god verknad på dei? Snakk med publikum ordførar, snakk med publikum – når det er forelesingar, konsertar, lesekrinsar og anna. Vil meine at det er viktig for alle desse. Og, at det «virker».
I våre dagar med elektroniske «bokbål» må vi alle hegne om denne barrikaden for ytringsfridom. Det går føre seg ei utstrekt form for sensur; til og med Donald Duck slepp ikkje unna, James Bond bøkene har òg blitt utsett for den svarte merkepennen – kor går grensa?
I ei tid der meir og meir kunstig intelligens blir nytta, er det viktig at biblioteka står fram som vaktbikkjer. Vi ser alt no at ChatGPT syner til bøker i biblioteket som ikkje finnast, forfattarar ingen veit om. – Det er biblioteketsom har åtvara om dette.
Til sist vil eg oppmode politikarane om å ta biblioteket med i partiprogrammet – med ein lovnad om at biblioteket vårt skal vere der det er.
Oskar Brendalsmo