Ordførar Steinar Pedersen meiner tydelegvis at eg vil tviholde på alt som det er. Det minner meg om dei åra eg sat i kommunestyret, då me stadig fekk høyre frå Høgrefolk at Senterpartiet generelt, og eg spesielt var gamaldagse og bakstreverske. Det er ikkje den mest fruktbare måten å diskutere på, og heller ikkje den beste måten å omtale politiske motstandarar på.
Det er kanskje interessant å vite kva folk i bygda meiner om utviklinga. Eit teikn kan vere at dei siste 15 åra har Senterpartiet hatt ein høg og stigande oppslutning i bygda, medan Høgres oppslutning den same perioden har vore i fritt fall.