Det er nyleg lagt fram planar om over 80 kjempestore vindturbinar i heiane mellom Drangedal og Lunde. Dei blir opptil 220 meter høge. Dette vil legge beslag på tusenvis av mål med relativt urørt natur. Resultatet dersom ei slik nedbygging blir gjennomført, er at store delar av vår viktigaste natur blir omgjort til industrifelt.
Slike store vindturbinar må stå spreidd utover eit stort område for å unngå vindskugge og is-kast frå andre vindturbinar. For at dei store rotorblada skal kunne fraktast ut med lange trailerar, vil det vere nødvendig å bygge mange mil med svært breie vegar og slake svingar. Kvar vindturbin må stå på ei flate som er stor som ein fotballbane for å gi plass nok til montering og drift. Slike enorme terrenginngrep er spesielt omfattande i kupert terreng der det må sprengast djupt, og landskapet blir endra for all framtid.
Oslo Plaza er med sine 110 meter den høgaste bygningen i Oslo. Kvar enkelt vindturbin blir opptil dobbelt så høg og vil bli synleg med blinkande lys frå mange stader i Telemark, Vestfold og Agder.
Drift av vindturbinar medfører også betydeleg støy, forureining og mange fuglar blir slått ned og dør. Det er også eit stort problem at dei store rotorblada er laga av glasfiber som ikkje kan resirkulerast, men berre blir deponert eller grave ned.
Heldigvis oppdager stadig fleire det store naturtapet som vi her kan risikere, og seier derfor eit klart nei til desse planane! Skal vi klare å ta vare på naturen for framtidas generasjonar må vi sei klart i frå nå. Dette blir derfor eit viktig spørsmål i årets kommune- og fylkestingsval.
Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp slike viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.
Ole Jakob Bråten.