På Kunstnernes hus i Oslo i 1998; ein kar kommer bort og lurer på om eg er frå Gjerstad? Det kunne eg svare bekreftande på og vi kom inn i ein samtale som drog seg over eit par timar. Han kunne fortelje om planar som var i gong på Holmen gård.
Det var ei flott forteljarevne som kom for dagen, Risørmannen Jens Petter Nilssen var djupt engasjert og hadde ei lang liste av idéar for å heidre Niels Henrik Abel.
Nye idéar? I avisa ser eg ei liste over idéar for å lyfte N H Abel opp og gjere han meir synleg i kommunen. – Eg kunne notert ideane frå Jens Petter Nilssen og lagt desse på denne «nye» lista og sett at Jens Petter hadde dei same ideane, og meir til. Desse ideane brukte vi seinare for å meisle ut saker å arbeide med.
Å meisle ut idéar Då eg reiste heimfrå hovudstaden i 2000, krinsa eg ikring stiftelsen Abelsenteret og blei ein kunstnarleg kontakt i opprettinga av Abelutstillinga – ein idè geologen Per Hagelia drog fram i dagen. Per Hagelia, ein eldsjel som tok Sørlandsbanen til frå Oslo til Gjerstad, (for eiga rekning) for å vere med å byggje opp «Abelsenteret», han var opphavsmannen til Abelseminaret. Abelseminaret har blitt eit flott innslag i kommunen. Mange politikarar har sola seg i glansen av dette seminaret.
Niels Henrik Abels veg Ein av ideane til Jens Petter var Niels Henrik Abels veg. Som ha sa: «tenk deg kommunehuset som har adresse: Niels Henrik Abels vei 1, med passende brevheading med Abel-logo». Vegen blei opna – med pomp og prakt – sjølv om han blei nedstemt (av Venstre) i fyrste handsaminga i kommunestyret, gjekk saka igjennom andre gongen. Namnet vart seinare ikkje verdsett av vegnamn komitéen.
Ei fin tid Ein ting, som diverre er borte – er Abelfesten – rosina i pølsa –denne var eit høgdepunkt i arbeidet med Abel. Denne tilstellinga sette Gjerstad på det akademiske kartet.Her hadde vi Abelforedraget, og ymse andre forelesingar var å finne her. Forelesarar frå land i Europa. Flotte kulturinnslag og ein arena der dei ymse fagfolk kunne ha samtalar i gode omgivnadar.(På Holmen Gård) Dette var òg idéar Jens Petter var innom. Sommarskule i matematikk var ein idé som blei arbeidd mykje med , men som aldri kom heilt i gong.
Vi må ikkje gløyme at Abelsatsinga i Gjerstad – var det Jens Petter Nilssen som sto føre, ideane hans ligg framleis i papira til stiftelsen Abelsenteret. Jens Petter gjekk bort så alt for tidleg.
Oskar Brendalsmo