Illustrasjon: Depositphotos.com
Illustrasjon: Depositphotos.com

Laurdagstankar frå ein Gjerstubar

 Der er likevel ei oppfinning som eg ikkje har stort til overs for. Den gjer oss alle sløve, likeglade og slappe i hovudet.
// Halvor Røylen

Dei fleste oppfinningane har gjort mange ting lettare, me kan gjere ting fortare, billigare og ting blir laga betre. Der er likevel ei oppfinning som eg ikkje har stort til overs for. Den gjer oss alle sløve, likeglade og slappe i hovudet. Den er den minst nyttige, eller for å sei det på ein annan måte, det er den mest unyttige oppfinninga som er laga. Likevel har den vore i bruk i mange år. Kor blir den bruka?

 

 

Fyrst og fremst i offentlege bygningar, helst på stader der mange ungar og ungdomar ferdast, det vil sei på skulane. Eg kan ikkje tru det finst ein skule utan at denne styggedomen, ja eg vil kalle det styggedom, blir bruka. Er der ein bygning der mange menneske gjeng inn og ut, eller motsett, så er den der. Ei dør er ei gamal oppfinning. Heilt frå yngre steinalder veit ein at døra har blitt bruka. Då kalla dei henne dyrr, og det passar med det eg seier på min dialekt, for eg seier dynn.

 

 

Vel, - nå stiller eg eit spørsmål. Den gonga dei laga den fyrste døra, var det for å kome ut og inn av eit hus på ein grei og lettvint måte, eller var det for å tette att, slik at ikkje varmen som var inne skulle sleppe ut; det me i dag kallar å fyre for kråkene? Dette kan ein sikkert filosofere over i lengre tid, men det kan vel ikkje vere nokon tvil om at i den tida me lever i, så vil det vere utenkjeleg ikkje å ha ei dør, og at ho er der for å halde varmen inne i huset. Dei innvendige dørene reknar eg med er til det same.

 

 

Ei skåpdør er truleg tenkt til å skjule det som er innanfor. Ja mange av dei er til og med pynta med rosemåling, eller fine utskjeringar. Ei dobbel ytterdør med glas i, blir kalla Fransk dør, og me har vel alle sett kor mange fine ytterdører som finnast rundt om kring. Forskjellige treslag blir bruka, og mange av dei blir også utsmykka med fine fargar, speglar, og med utskjering, så som midgardsormen, og rosemåla med dei fine “Telemarkrosune”.

 

 

For mange er ei dør meir enn ei dør, for nokon er det eit statussymbol, for andre er det kunst, men for all del, for nokon er ei dør ei dør. Noko til å halde varmen inne, til å halde kulde og våryre illeluktande hannkattar ute. Dører, spesielt ytterdører, er så viktig, at EU (ei avkorting for Den Europeiske Unionen, for den som ikkje kjenner til det) har stilt krav til utførselen av dei. Dei må ha såkalla Samsvarerklæring, og det er vel fordi me skal vere sikre på at dei er tette og gode, og ikkje ha for stort varmetap når dei er att. Ja heile huset er underlagt krav frå EU (ei avkorting for Den Europeiske Unionen, dersom du ikkje hugsar det), og krava er stort sett grunngjevne med at varmetapet ikkje skal vere større enn høgst nødvendig. Ressursbruk er i dag eit nøkkelord.

 

 

Brundtlandkommisjonen skapte omgrepet, “Lokal Agenda 21”, og skapte slagorda: “Tenke globalt, og handle lokalt”. Likevel blir denne styggedomen bruka. Har du skjøna kva styggedom eg vil fram til? Det er den idiotiske greia som er montera øvst på døra, som mange tider gjer døra så tung å opne at ein lurar på om ho er låst, og som gjer til at døra gjeng att med ein smell så høg, at ein lurar på om ein blir skoten etter! Denne styggedomen er på dørene, blant anna i alle skulane i heile landet. Eit par generasjonar har nå fenge den oppfatninga at ei dør gjeng att av seg sjølv, det vere seg ytterdør, innerdør, eller skåpdør. Dette har ført til at fleire dører står opne enn att!

 

Før øvrig, her om dagen gjekk eg meg ein tur, og eg kom fram til ei hytte som låg fint til nede ved sjøkanten, men det var bratt terreng bak hytta. Rundt tretti meter oppe i den bratte lia hadde dei plassera utedoen. Då tenkte eg med meg sjølv; her er det viktig å disponere tid og muskelkrafta rektig.

 

Halvor Røylen

Gjerstubar

Flere saker

Illustrasjon: Aktivtmed.no

Familier i Gjerstad med lav inntekt oppfordres til å søke om støtte

Grenlandsbanens videre skjebne skal avgjøres på Stortinget før sommerferien. Illustrasjonsfoto: Depositphotos.com

- Det er nå eller aldri for Grenlandsbanen

Gjerstad kommune presiserer regler for barnebursdager i Gjerstad. Illustrasjon: Depositphotos.com

Dette er reglene for barnebursdager i Gjerstad

Får du et anrop fra ukjent nummer kan det være kommunen som forsøker å få gjort avtale med deg om vaksinering. Illustrasjonsbilde: Depositphotos.com

Ukjent anrop på telefonen kan gjelde time for vaksinering mot Covid-19

Stortingsrepresentant Svein Harberg (H)

- Mine tre store bekymringer: Jobben, skolen og helsa

Eurospar Brokelandsheia. Arkivbilde

Kjøpte vinnerloddet i Lotto på Eurospar Brokelandsheia

Kommunedirektør Toril Neset. Arkivbilde.

Forventer økning i vaksineringen i Gjerstad de nærmeste ukene

Gjerstad kommune oppfordrer til å holde avstandsreglene også i påsken. Illustrasjon: Depositphotos.com

Ordføreren presiserer covid-reglene i Gjerstad i påsken