iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Konstant kø for «pota» frå Hardanger

    7. august 2026

    Gratis musikkverksted for barn 7-15 år

    6. august 2026

    Disse vil bli Gjerstads neste bibliotekar

    6. august 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Illustrasjon: Depositphotos.com
    Artikkel

    Laurdagstankar frå ein gjerstubar

    By Rune Hagestrand8. mai 2020

    - Eg for min del er ikkje låtskrivar, men eg har med jamne mellomrom slepp av låtar. Dei er i vilkårleg frekvens med varierande varigheit og sjeldan i relasjon til kvarandre"
    // Halvor Røylen, Gjerstubar.

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Eg sit og høyrer på musikk. Har eg roa på meg, kan eg sitje både ein og to timar å lytte. Det slår meg kor mykje bassen utgjer av musikkopplevinga. Utan bassen så blir det noko spinkelt synest eg. Det var eit godt uttrykk i den musikalske litteraturen vil eg tru.

     

    «Musik ska byggas utav glädje. Av glädje bygger man musik. Musik, det får ni ändå medgä, gör glädjen ennu mera glädjerik», syng Lill Lindfors. Godt sagt eller rettare sagt, sunge.

     

    Far min har formulera seg slik:

     

    Tonar er malm som omar,
    malmtung klokkeklang.
    Tonar er lur som ljomar
    frå ungmøy sin Kivlesang.

     

    Tonar er streng som dirrar,
    og song i frå glade born.
    Tonar er luft som svirrar
    frå eggande Hjallarhorn.

     

    Tonar er skjelvingar váre
    i elskande jentebryst.
    Tonar er kjenslune rare
    når auga ser Noregs kyst.

     

    Tonar, som søker sin make
    og stig i mot stjerneglans,
    er elskhugen yr å smake,
    elskhug i resonans.

     

    Tonar kan tolke ei glede,
    og tonar kan tolke ei sorg.
    Tonar kan hugen din frede,
    og tonar kan storme ei borg!

     

    Evnar du tonar og trille
    på seljefløyta ein vår,
    då kunstnaren i deg blir stille,
    du høgstemt i undring står.

     

    For då er du Pan som tryller
    vårlengt i menneskesinn!
    Og hugen med glede fyller,
    og freden i skogstilla finn.

     

    Musikk er ein kunstdisiplin som uttrykker seg gjennom lyd og stillhet disponert over tid. Dei viktigaste elementa i musikk er veksling i tonehøgde, forholdet mellom tonane og forbindelsar av tonar til ein melodi, rytme og lydens tekstur, og sette an tonen (intonasjon). Ja dette er å lese om definisjonen av musikk.

     

    Ein tone er ein lyd av ein gjeven frekvens produsert av ei stemme eller eit instrument. Tonar brukast  innanfor musikk ved å gje dei varigheit og sekvensiere dei i ein komposisjon. Tonar er mange gonger i relasjon med kvarandre i og med at deira frekvens blir gjevne med innbyrdes intervall. Ja dette er å lese om definisjonen av tonar.

     

    Av desse to definisjonane dreg eg den slutninga at det blir ikkje musikk av det, dersom ein ikkje har tonar. Så har me låt. Låt er ein lyd eller tone. Låtskrivar er ein som skriv songtekstar og melodiar. Når denne personen ser seg nøgd med både tekst og tone, så har han slepp av den låten.

     

    Eg for min del er ikkje låtskrivar, men eg har med jamne mellomrom slepp av låtar. Dei er i vilkårleg frekvens med varierande varigheit og sjeldan i relasjon til kvarandre. Det er ein kunstdisiplin som uttrykker seg gjennom lyd disponert over tid, og kan også kombinerast med stillhet. Det er veksling i tonane,  tonehøgde, rytme og lyden som set an tonen.

     

    Eg er imponert over låtskrivarar (eg likar heller å kalle dei komponistar). Ut av sju heiltonar, og truleg like mange halvtonar, komponerar dei musikk av alle slag. Nokre kan nok likne på kvarandre, men i det store og heile så oppfattar me musikkstykka som forskjellige. Det er eigentleg heilt utruleg at det gjeng an.

     

    Når eg høyrer på musikk som eg synes om, så tenker eg stundom slik; kvifor kjem ikkje eg også på dette? Det verkar så sjølvsagt, så lett. Alle fuglar små dei er, og så vidare. Eg ser deg utfor gluggen, du vene jenta mi. Eg kjenner deg på skuggen….. Hu hei kor er det vel så friskt og lett, oppå fjellet! Her leikar vinden i kåte sprett, oppå fjellet. Tonane kjem reint av seg sjølv, men det måtte vere ein annan som kom på dei. Ergerleg!

     

    Noko anna som også imponerar meg er musikarar. Eksempelvis ein pianist (ein som spelar piano) eller flyglist (ein som spelar flygel). Ti fingrar blir førd uavhengig av kvarandre over tangentane, ja, og nokre av er ikkje bare på dei kvite tangentane, dei er bort på dei svart au! I tillegg så trakterar beina to pedalar, kva dei nå er til (pedalane altså). Ikkje bare det, men nokre av dei syng samstundes som dei trakterar pianoet eller flygelet au! Toppen på det heile er at pianisten ser på publikum, og til og med smiler. Det er imponerande! Fingrane, beina og smilebanda arbeider uavhenging av kvarandre.

     

    For min del er blokkfløyta det instrumentet som eg har klart å framføre låtar på som uttrykker lyd og stillhet over tid, der dei viktigaste elementa er veksling i tonehøgde, forholdet mellom tonane, forbindelsar av tonane, lydens tekstur og rytme, som blir til ein melodi. Rett nok må fleire fingrar flyttast på samstundes, men det er nå for å få fram enkelt tonar, ikkje fleire tonar samstundes. Det forenklar framføringa, men er det mogleg å smile til publikum samstundes? Nei, då blir det ikkje lyd og stillhet over tid, men bare stillhet. Uansett, eg trur ikkje det vil sjå ut som eit smil heller, om det let seg gjere. Det vil snarare sjå ut som eit grin vil eg tru.

     

    For øvrig, fuglesang er også musikk.

     

    Halvor Røylen

    Gjerstubar

    Kultur Leserinnlegg Lokal Nyhet
    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Artikkel 7. august 2026

    Konstant kø for «pota» frå Hardanger

    Artikkel 4. august 2026

    Kan jeg refinansiere gjeld med en betalingsanmerkning?

    Artikkel 4. august 2026

    De mest populære gadgetene i 2026 – hva kjøper nordmenn?

    Artikkel 24. juli 2026

    Høy skogbrannfare – vær ekstra forsiktig

    Artikkel 9. juli 2026

    Oppslagstavler til kontor gir bedre oversikt i hverdagen

    Artikkel 29. juni 2026

    – Fjerning av skattefritak på hyttesalg er ingen god idé

    Artikkel 3. juni 2026

    Til hytta, jobb eller ferie: Slik unngår du ladeproblemer på veien

    Artikkel 21. april 2026

    Hva betyr det å samle smålån i ett lån?

    Artikkel 12. april 2026

    Vegårshei og Gjerstad demenskor: Sang, fellesskap og en god kaffekopp

    Artikkel 10. april 2026

    Bli med på jegerprøvekurs i april!

    Artikkel 8. april 2026

    Over 4000 HV-soldater har øvelse

    Artikkel 30. mars 2026

    Knallsesong for Gjerstads skiskyttere

    Artikkel 17. mars 2026

    Er det lurt å bake billånet inn i huslånet?

    Artikkel 28. februar 2026

    Ny, egenprodusert serie fra Heim TV

    Artikkel 26. februar 2026

    Lån uten sikkerhet: Fleksibilitet og vilkår

    Artikkel 30. januar 2026

    Digital vekst i distrikts-Norge: Hvorfor one.coms nye nettside er viktig for lokale bedrifter

    Artikkel 19. januar 2026

    Agder Sparebank introduserer mikrosparing

    Artikkel 18. desember 2025

    Alt du trenger å vite om gjerder til eiendommen din

    Artikkel 4. desember 2025

    Næringssjefer fra hele Agder besøkte Gjerstad og Risør

    Artikkel 12. november 2025

    Forstoppelse | Hvorfor oppstår det – og hva kan du selv gjøre?

    Artikkel 3. november 2025

    Bokostnadsindeks: Gunstig å bo i Gjerstad

    Artikkel 31. oktober 2025

    Tilbyr studie i montering og installasjon av solkraftanlegg

    Artikkel 30. oktober 2025

    Så mye billigere ble Norgespris i oktober i Gjerstad

    Artikkel 18. oktober 2025

    Sammen om å utvikle jakt og jaktskyteferdigheter.

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Konstant kø for «pota» frå Hardanger

    7. august 2026

    Gratis musikkverksted for barn 7-15 år

    6. august 2026

    Disse vil bli Gjerstads neste bibliotekar

    6. august 2026
    This message is only visible to admins.
    Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
    Click to show error
    Error: Error validating access token: The session has been invalidated because the user changed their password or Facebook has changed the session for security reasons. Type: OAuthException
    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up