I forlengelsen av historielagets mimrekrok om butikkdrift i bygda, har Astrid Skaali Wolden, datter til Torstein Skaali, sendt oss følgende gullkorn:
– Mi vekste opp i og rondt butikken te far.
Mi, e Jørund, eldste bror min oppkalt itter ein tippolderfar og farfar Jørgen og Jo, yngstemann, mest ett år yngre enn me, oppkalt itter morfar Johannes. Sjøl e e kalt opp itter mormor Astrid, ho va lærar og temmelig nøye på det.
E hokser de som ein god barndom.
Gamlebutikken hokser e ikkje så mykje frå, bortsett frå at der va ein benk som folk, slike som Gjert og Alv, konne sitte å skrålle me far å hinnanen, å så va der kandissokker hengans i tønt tau opponner take. Gille folk; Gjert og Alv, Gjert mangla teer, hadde frøse de a se, og Alv mangla tenner, men smilte gjorde dei begge to.
Då e va 5 år hadde far bygd den nye butikken med nytt hus oppå. De va spennans. Heilt moderne butikk va de, med disk te å stå bak og mykje forsjellige varer i hyllene. E va nok neppe begynt på skulen før e hadde mine første økter i butikken. E lærte bokstavar og tal samtidi som Jørund då han begynte på skulen, han e to år eldre enn me. E va misunnelig på han som fekk lov te å gå til skulen å være med Lærinden, Ingeborg Lunde, 3 heile daer hver veke.
Sia e konne lese litegranne, konne e au skjele mellom sokker og mjøl og konne sette på plass i hyllene i butikken te far. E følte me nøtti og viktig.
Då e blei litt større fekk e au lov te å stå bak disken å spøre folk hå dei skulle ha, så henta e varene te dei, skreiv opp vareslag å pris på ein lapp og regna sammen. Far sa at en skulle ikkje bruke regnemaskin i butikken, en måtte konne regne i hauet, så det lærte e me så fort e konne, å sia e likte det godt, lærte e de temmelig fort.
Når e tenker tebake på detta, så må e sei at en hadde bære ti te den enkelte kunde før i tia, enn nå, å kundene måtte ha vore temmelig tålmodige me ein jentunge som ville sele te dei. Å tålmodige va dei, hokser mange a dei som i da er forbi, Karen Dalane som sa far midt i mot, ho va tøff totte e, ikkje mange som torde det, i alle fall ikkje e på den tia. Så va det Kari og Kåre postmann, Ingeborg og veivokter Anders Norheim, å så Ola då han va så flink me hestar, meiner at far og han eigde ein hest i hope ei stond, han va bror te Ingeborg å budde i etasjen over dei. E hokser alle som trygge og gilde naboar.
E gikk mellom husene te naboane og totte de va heilt naturlig. Fekk e nåke nytt, som ein kjole eller anna kjøpt i byen, så gikk e rondt å viste me fram. Å heldigvis så kjytte folk a den lille fremmelige jentungens nye kleer. E slutta med slikt itterhvert.
I butikken hadde mi allslags varer, de va kleer te kvinnfolk og karfolk, matvarer a alle slag, hesteskosaum, fiskesen og fiskekrokar, koppar og kar, og gjødning te gårdane. De va gildt å høre på å slag folk hadde bruk for, hadde mi de ikkje i butikken, så skaffa far det, det tok bare nåken daer eller veker, alt ittersom.
De va ikkje bistandig at kundane va så tydelige om hå dei skulle ha, Halvor Lia va ein gild kar oppate Lia, i nærheten av Landsverk, han snakka vel ikkje så mykje me folk, å de va spennans å finne ut a hå han skulle ha når han kom te butikken me sekk på ryggen. Hokser far fortelte at Halvor trenge ein ny «hålting». Far fant itterhvert ut at detta dreide se om helsetrøye, altså ei ondersjorte som så ut som fiskegarn, dei likte mange a karfolka å ha onner skjorta sommarsti.
Når Tulla Mostad kom med mopeden sin og skulle handle brøstholdar blei de au mykje latter, for ho å far måtte finne ut a hvilken som best holdt brøstene på plass gjennom alle homplane i veien, de va ikkje asfaltert før i tia, og Anders veivokter hadde begrensa ressurser te å fylle igjen alle hålene, værst va det i vårløysinga. Men dei fant ut a de, og ny brøstholdar blei kjøpt inn.
Men det gikk helst i mjælk og brø, litt meddasmat og pålegg, og nåken våga se au på å kjøpe frukt. De hente at varer me datomerking blei for gammalt te å sele i butikken. Den maten va svinn sa far, så den konne mi ha. På den måten blei mi kjent med servelatpølse på skjeva og andre ting som va etans men ikkje selans.
Nåke e likte veldig godt, va å hente brød hos Håkon Hagestrand, han va bakar i bygda og faren te ein a mine klassekameratar, Bjørn. E likte veldig godt Bjørn den tia, de sa e te han ein gong mi hadde klassefest på Holmen Gård, då blei han forfelt, så trur ikkje han hadde merka de så godt då mi va små og gikk på skulen. Men hente brød hos Håkon gjorde e når dei mi hadde bestilt og fått kjørt te butikken gikk tom før tia. De gilde me å hente i Bakeriet, va at e brukte å få nåken kakerestar a Håkon, og slikt har e bistandig vore glad i. Så e va ikkje vrang når far spørte om e konne hente brød.
Far va slik at han spørte om kan du/vil du gjøre det eine eller det andre. Ein gong drista e me te å spøre tebars; sia du spør; kan e sei nei te detta? Nei va ikkje e svar på slika spørsmål sa far, de måtte betraktes som ein ordre. Men åffar spør du då? lurte e på. De hørs bære ut, meinte han, og de e vel i gronnen rett.
Når det nærma se storhæljer som jul og påske, brukte far å kjøpe inn ekstra med gosaker, slik som kokosbollar. Ett år hadde han forregna se skikkelig, og satt igjen me alt for mange. Detta resulterte i at Jørund, Jo å e fekk hver sin ask med kokosbollar som måtte etast.
Det tok mange år før e ensa ein kokosbolle igjen, for dessa hadde lagt lenge å va blitt temmelig seige. Det va gyselig godt heilt te de bare va gyselig.
Åra gikk å de å stå i butikken blei meire plikt og mindre moro, men stort sett så likte e de godt. Gilde kunder, ansvar for resultat og hvis e då ikkje fekk kjeft for å ha gjort nåke feil eller nåke som ikkje va gjort som skulle ha vore gjort, så va de i gronnen greit.
E va vel 15 år første gongen e hadde fullt ansvar for butikken ei heil veke, mor og far skulle på tur sammen uten ongar for første gong sia dei gifta se. Rektignok hadde mi butikkdame, Irene, ho va like gammal som eldste bror min, altså to år eldre. Men detta totte e va overhendig gildt, å være sjef i egen butikk. Når reisende (agentar som skulle sele varer te butikk) kom kjørans inn på tonet, sa Irene at e skulle sette me på kontoret, så sendte ho dei inn der for å snakke med «sjefen». Dei fekk se ein overraskelse. Mi kjøpte litt, men ikkje så mykje, torde ikkje det, va redd for kjeft når far kom heim igjen. Men merkelig nok, han va temmelig fornødd då han og mor kom heim etter ei vekes ferie, nåke va selt, regnskapet var ført og stemte, og lite va ødelagt eller kjøpt for mykje.
E forsto på far at e egna me som kjøpmann, og om e hadde ønska de, hadde han lagt te rette for at e konne overta butikken. Men slik ble de ikkje, det blei ein bergensar på meg, og dei e ikkje lett å fløtte på. E har ikkje angra på det, men tenker med glede på den tia då verden va liten og orger og gleder knytta se te ein butikk og ei bygd.
Astrid Skaali Wolden.