iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    AKTUELLE SAKER

    Advarer mot hasardiøs kjøring med elsparkesykkel

    22. april 2026

    Velkommen til skytestevne i jaktfelt på Solem skytebane

    21. april 2026

    Kjernekraft i fokus på utsolgt Framoverlent 2026

    21. april 2026
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    • Hovedsiden
    • Politikk
    • Sport
    • Kultur
    • Kontakt oss
    • Om oss
    • Annonser
    Facebook Instagram
    iGjerstad.no – Nyheter fra Gjerstad
    Kåre Dalane. Arkivbilde.
    Meninger

    Valg 2023: – Trygve Slagsvold Vedum stiller ikkje til lokalvalg i Gjerstad.

    By Rune Hagestrand15. august 2023

    Share
    Facebook Twitter LinkedIn Pinterest Email

    Det gjør ikkje Erna, Jonas eller Sylvi heller. Valgkampen, i alle fall i riksmedier, handlar ofte mest om dei, ikkje minst no under Arendalsveka. Men her i Gjerstad må me klare oss med våre lokale heltar. «Etter bylgjedal kjem båra», heiter det i Gjerstadsongen. Slik er det oftast i rikspolitikken òg. Høgrebølger og venstrebølger, og av og til ei SP- eller Frp-bølge kjem og forsvinn att. Vidar Sandbeck song i førre hundreåret at populariteten kjem og populariteten går. Denne sommaren har vist oss at desse visdomsorda er like aktuelle i dag.

    No gjeld det kommunevalget. Koalisjonar og samarbeid går på kryss og tvers i kommunane, ofte heilt ulikt det som gjeld på riksplan. Kva er då viktig? Svaret er enkelt: Kven som kjem inn i kommunestyret, og kva dei står for. Noko av svaret finn me i dei lokale partiprogramma, på valglistene og gjennom kjennskap til folk som har vore i kommunestyret før, og som ønsker å kome inn att. Partiprogramma er viktige, men dei omfattar ikkje alt. Gjennom ein 4-års periode kjem det opp ei rekke saker med nye problemstillingar, og som ingen tenkte på då dei skreiv programmet. Då er det viktig å ha folk med gode holdningar, og som er villige til å kjempe for synet sitt.

    I den perioden som no snart er slutt har Gjerstad Senterparti hatt ei svært aktiv kommunestyregruppe, som har arbeidd for saker dei synest er viktige. Fleire av frå denne gruppa stiller no til valg på nytt, og mange nye, friske stemmer er komne til.Senterpartiet har den lågaste snittalderen på listekandidatane, og har den einaste lista med folk under 30 år.

    Men kven er ho som står på toppen av lista, har folk spurt meg. Det er Maria, det. Ho er eit godt eksempel på slike folk me ønsker i bygda. Ung, initiativrik yrkeskvinne, som har flytta til Gjerstad og etablert seg her, og har engasjert seg i lokalsamfunnet og politikken. Folk i Gjerstad er heldige dersom dei får Maria Heiland til ordførar.

    For Gjerstad Senterparti er det viktigaste at heile bygda skal vere ein god plass å bu for alle, og at Gjerstad framleis skal vere ein eigen kommune. Den første delen er viktig: Politikken må sørge for at folk blir tatt vare på og får utfolde seg ut frå føresetnadane sine. Dei fleste som stiller til valg er nok einige i det. Korleis me skal få det til, kan variere. Og dessutan vil Senterpartiet at heile bygda skal vere levande, med liv og gode tilbod. Dette vil alltid vere ei viktig sak for Senterpartiet. Dei som har følgt med i kommunestyremøta i denne perioden har sett at Senterpartiet har arbeidd aktivt for desse sakene. Som det førande opposisjonspartiet har Senterpartiet kjempa for å  få til gode løysingar. Og det vil Senterpartiet halde på med, anten det blir i opposisjon som no, eller i posisjon som gir større makt til å få gjennomført SP-politikk. Det er det velgarane som avgjør!

    At Gjerstad skal vere ein eigen kommune, vil Senterpartiet vere den fremste garantisten for, dersom dei får makt til det. Dei kan sjølvsagt ikkje garantere for kva for tvang eller verkemiddel ei eventuell ny Høgreregjering kan finne på, men vårt standpunkt er klart.

    Kva blir så dei viktigaste kampsakene i komande periode? Me som har gått på søndagsskulen har lært om dei fire B-ane. No er det tre B-ar som gjeld: Brannstasjon, barnehage og bibliotek. At desse framleis blir i kjørkebygda er vel verd å kjempe for.

    Dei folka som står på valglista til Senterpartiet er svært godt kvalifiserte til å finne gode løysingar for bygda. Her er mykje ungt blod. Folk med friske meiningar og god kunnskap, og folk med lang erfaring frå kommunepolitikken. Så får Trygve og Jonas og dei andre halde på med sitt. No er det Gjerstad som gjeld, og Senterpartiet vil kjempe for at Gjerstad skal vere ei god og levande bygd.

    Kåre Dalane

     

    Share. Facebook Twitter Pinterest LinkedIn WhatsApp Email
    Rune Hagestrand
    • Website

    More Cases

    Nyhet 22. april 2026

    Advarer mot hasardiøs kjøring med elsparkesykkel

    Lokal 21. april 2026

    Velkommen til skytestevne i jaktfelt på Solem skytebane

    Næringsliv 21. april 2026

    Kjernekraft i fokus på utsolgt Framoverlent 2026

    Artikkel 21. april 2026

    Hva betyr det å samle smålån i ett lån?

    Nyhet 19. april 2026

    Dramatikk da Per Vetle vant med Hauk Viktor i Sverige

    Nyhet 19. april 2026

    En innbringende lørdag på Sørlandet travpark

    Lokal 16. april 2026

    Løkki Athene vant på Klosterskogen

    Meninger 16. april 2026

    Spinn og uro om overtidsbetaling

    Kultur 16. april 2026

    Velkommen til vårfest med Gjerstad skolekorps

    Kronikk 14. april 2026

    Fra mange små til få og store: Femti år med landbruk i Gjerstad

    Kultur 13. april 2026

    Dette er de 10 mest kjente gjersdølingene gjennom tidene

    Lokal 13. april 2026

    Fra lokalbutikk til E18-vinner: Eventyrlig vekst for Vinmonopolet på Brokelandsheia

    Kultur 13. april 2026

    Revyviser på Verket

    Kronikk 13. april 2026

    Samfunnssikkerhet krever samarbeid – nå mer enn noen gang

    Kultur 12. april 2026

    NORSK SKANDALE: 22.000 flasker god vin går rett i vasken!

    Artikkel 8. april 2026

    Over 4000 HV-soldater har øvelse

    Kultur 6. april 2026

    Støtt opp om skolekorpset lotteri

    Nyhet 4. april 2026

    Stallhestene til Per Vetle Kals travet inn 180 000 på Klosterskogen

    Nyhet 3. april 2026

    Horg Faxen seiret i Sverige – vant 75 000

    Meninger 2. april 2026

    – Innfør maxpris på diesel og bensin

    Kronikk 2. april 2026

    Tillit og kontroll i kulturminnevernet

    Nyhet 31. mars 2026

    Per Vetle Kals vant med Linde Høvding

    Kronikk 31. mars 2026

    Fra skateboardforbud til formuesskatt

    Kronikk 30. mars 2026

    – Drivstoffavgiftene må ned!

    Leave A Reply Cancel Reply

    Kontaktinformasjon:

    Redaktør: Rune Hagestrand
    Telefon: 934 33 700
    E-post: post@igjerstad.no

    Siste Saker

    Advarer mot hasardiøs kjøring med elsparkesykkel

    22. april 2026

    Velkommen til skytestevne i jaktfelt på Solem skytebane

    21. april 2026

    Kjernekraft i fokus på utsolgt Framoverlent 2026

    21. april 2026
    6,309

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)

    igjerstad.no

    7 days ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/spinn-og-uro-om-overtidsbetaling/ ... See MoreSee Less

    Spinn og uro om overtidsbetaling - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    De siste ukenes debatt om overtidsbetaling for deltidsansatte preges av mye uklarhet, men også bevisst gale uttalelser. Flere av arbeidstakerorganisasjonene gir inntrykk av at Norge allerede har fåt...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/velkommen-til-varfest-med-gjerstad-skolekorps/ ... See MoreSee Less

    Velkommen til vårfest med Gjerstad skolekorps - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Lokal nettavis for Gjerstad i Agder. Vi har fokus på nyhetsstoff for gjersdølinger ute og hjemme, og muligens også for noen andre :-)
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/fra-mange-sma-til-fa-og-store-femti-ar-med-landbruk-i-gjerstad/ ... See MoreSee Less

    Fra mange små til få og store: Femti år med landbruk i Gjerstad - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Gjerstad har en lang historie knyttet til jorda og skogen. De siste femti årene har landbruksnæringen imidlertid gjennomgått en formidabel transformasjon. Utviklingen i Gjerstad speiler en nasjonal...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    De beste tilbudene på flagg og vimpler i mange størrelser får du hos www.flaggbutikk.no ... See MoreSee Less

    Photo

    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    igjerstad.no

    1 week ago

    igjerstad.no
    igjerstad.no/dette-er-de-10-mest-kjente-gjersdolingene-gjennom-tidene/ ... See MoreSee Less

    Dette er de 10 mest kjente gjersdølingene gjennom tidene - iGjerstad.no - Nyheter fra Gjerstad

    igjerstad.no

    Vi har fått hjelp av kunstig intelligens (KI) til å foreslå en liste over de 10 mest kjente gjersdølingene gjennom tidene. Dagens moderne samfunn med sosiale medier og internett som sprer opplysni...
    View on Facebook
    · Share

    Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

    Facebook Instagram
    • Home
    • Buy Now
    © 2026 No Limit Events AS

    Type above and press Enter to search. Press Esc to cancel.

    Scroll Up