Anne Grethe Grunnsvoll serverer årets lokale julehistorie til våre lesere.
Anne Grethe Grunnsvoll serverer årets lokale julehistorie til våre lesere.

Endå ei julehistorie frå Gjerstad

"Med nevane i et hardt grep om stuttorven, og armane heva opp, klar til høgg, hadde han lirka opp kjykkendøra med det eine beinet. "
// Anne Grethe Grunnsvoll.

Snø, sludd, regn, kaldt, mildt. 
Det einaste som var stabilt var gråværet. Desembermåneden va krofsli i år. Gamlingen subba over tona, og kjente at sørpa trakk inn på hosene. Han hadde kjøpt nåka fine hoser i fjor te jul, og dei hadde han gåt så mykje med at der va hål både på stortåa og begge helane. Det va kje blitt lyst ennå. Det blei omtrent meddagsbel før der va ordentlig dagslys på denna tida. Han slo lens med sia uthusa og hutra i stillongsen. Han grudde se te mopedturen neover, for han visste at det kom både te å bli både kaldt og bløtt. Han subba inn igjen og la ein pinne i åmmen. Det knitra godt, og han tømte i se ein kaffisík, mens han kraup så tett innat varmen han konne, uten å brenne seg. Radioen kakla ein julesang i borte i vønnøyskarmen. 

 

Ein dag han kom heim frå butikken, hadde han hørt nåken som preka på et uforståelig språk inne på kjykkenet. Han va sikker på at nå hadde han slika østeuropeiske innbruddstjuvar på besøk, og grepe tak i ein stuttorv han hadde ståans me inngangsdøra. Han blei så vond med tanken på at nåken hadde tatt seg til rette i hans hus, at det begynt å røkke i det eine augelåket hans. Det gjorde det når han blei skikkelig urven. Han skulle ikkje la nåken ta med seg verdisakene sine uten kamp i alle fall. Med nevane i et hardt grep om stuttorven, og armane heva opp, klar til høgg, hadde han lirka opp kjykkendøra med det eine beinet. Då døra gikk opp viste det seg at kjykkenet va skål tomt. Ikkje et mennesk va der. Det va radioen som hadde gått over te å snakke utenlandsk. Eller vestlandsk. Han forstod i alle fall ikkje hå dei sae lenger.

 

Kan hende han duppa av litt føre ommen, men då han kom te se bestemte han se for at nå konne han ikkje utsette turen lenger. Han samla seg, og gikk ut i gangen for å finne fram jakka og hjelmen. Det va oppholds, men han regna ikkje med det kom te å vare så lenge. Mopedlorten va som vanlig tungstarta, men etter nåka gloser og litt hardfør elting ront på tona, så starta han.  Gamlingen spant ut te storveien, og konstaterte at selvfølgelig hadd’kje krokungane fått te å holde veien kjørbar nå heller. 

 

Han slura over Lundmyra og registrerte då han kom te Jomfruland at skjeltet te Gjerstadbakeren ikkje sto med veien. 
Nei, det va vel bare på fredagane det. Han fekk vann i kjeften bare med tanken på søsterkaka ho baka. Han rakk’kje tenke meir på søsterkaka før mopeden sklei i sørpa , framhjulet vrengte seg og både gamlingen og mopeden gikk lokst utføre i grøfta. Gamlingen lå på magen i snøen og måtte kjenne etter om alle kroppsdelane hang på ennå. Då han hadde forsikra seg om at han va like heil, begynte røkkinga i auga. Han heiste seg opp på knea, såg se ront og banna høgt og inderlig om desembervær, lortmoped og ikkje minst dei ubrukelige mannskapa dei hadde te å vedlikeholde veiane. Han skulle jaggu gå ned på kommunehuset, slå i bordet til ordførerkvinnfolket og høre om det va blitt slik at en måtte gå tebars te hest og kjerre hvis en skulle konne ta seg fram i denna bygda. Han va så vond at snøen brånte ront han.

 

Mens han holdt på med glosene sine stoppa der ein bil på veien. Gamlingen tidde. Ut av bilen kom der ei dame, som han visste at budde øvst i bygda. Ho va gift med ambulansemannen, så hvis han nå va blitt ødelagt, konne kansi ho få sett han sammen igjen. «Hi du slåt deg?» spørte ho. Gamlingen kikka på ho under hjelmen. Ho va frå Åmli konne han høre. «E vett kje ennå» svarte gamlingen. «E trur igronn det e verre med mopeden min». Dama stølpa ut i grøfta og hjalp gamlingen opp. Ho va sterk te kvinnfolk å være. Dei kikka på den vridde saken som ein gong hadde vore ein moped. Ho va enig i at det så mørkt ut å få den kjørbar igjen. I alle fall i dag.

 

 

«Skulle du på butikken el?» spørte ho. Ja, svarte gamlingen. «Eg kan kjøyre deg hvis du vi?» sa kvinnfolket. Gamlingen måtte tenke seg om. Han va blitt klissblaut heilt gjennom te onnerboksa, og kjente at han begynte å bli kald. Men han va tom for brød og mjelk. Kvinnfolket utbrøyt plutselig «Men sjå, du hi slåt hål!» Gamlingen kjente i panna. Jaggu, der rant det blod. Nei då fekk han nok komme se heim igjen. Kvinnfolket sa nåke om at han burde te doktoren, men det meinte gamlingen at ikkje hadde nåke føre seg. Det va nok bare ei skråme. Ho hjalp han opp i bilen, og sa ho skulle få nåken te å hente mopeden hans for han. Gamlingen satte seg taus inn i bilen. Detta va både ulilig og ubeleilig på ein gong.

 

 

Bilen laga'kje ein lyd då ho satte den i fart. 
Gamlingen visste at nåka biler nå gjekk på straum, så detta måtte være ein slik ein. Kvinnfolket va god te å kjøre bil, å føre han visste ordet av det så stod han i tona heime. Ho tebau se å hjelpe han inn, men det ville han klare sjøl. Han hadde nåka onnerbokser hengans te tørk over ommen på kjykkenet, å det fekk nå være måte på å ulilig og ubeleilig ting skulle bli. Han takka kvinnfolket veldig for hjelpa. Han tebau se å betale, men det ville ho’kkje. Ho spørte ein gong te om han ikkje ville ut te doktoren, men det va’kje tale om. Han stabba inn på kjykkenet og tok av seg hjelmen. Den hadde han sotte med på haue heile veien. Han vrengte av seg de blaute kleene, og dei bytta plass med onnerboksene på snora over vedåmmen.

 

Det hjalp godt å få på tørre kleer. Ei vaskefille, som ikkje va heilt rein, hang over utslagsvasken, og han fekk vaska vekk alt blodet i panna og nedover kjaken. Han brukte siste klunken av nåke heimbrygg han hadde ståans, å tørka i såret for å forsikre seg om at det ikkje kom vondt i. Det svei nåke ubekelig, men såpass tålte han. Han kikka i speilen. Det va plagede litt av et høgg han hadde fått. Måtte vore ein stuve, eller kansi styret på mopeden som hadde råmt han. Han sette på ein plasterlapp, og la seg litt på divanen. Han hadde litt vondt i haue.
 

Plutselig banka det på døra
Gamlingen lå under dyna og lurte på om han skulle lest han ikkje va heime. Nabokjærringa va reist te nåke famelie østaføre i jula, så han følte se trygg på at det ikkje va ho. Det banka igjen. Denna gongen meir bestemt. «Hallo!» ropte ein mannestemme frå utsida. Gamlingen prøvde å reise seg, men beina ville ikkje lye. «Kom inn» peip han te slutt.  Utgangsdøra gikk opp, og inn kom ambulansemannen. «Hei du! Kjerringa ringte og sa at du hadde skamfært deg? Ho va så bekymra, så då tenkte e at e konne svinge innom å se åssen det gikk med de?»

 

Gamlingen blei varm i bringa. Han hadde fryktelig vondt i haue, og følte se litt stusselig, så omtanken gjorde godt for en gammal kropp. «Det ska e sei» sa ambulansemannen. «Du har fått de ein skikkelig trøkk. Det kuttet der må nok syast». Gamlingen protesterte. Han flaug’kje te doktoren for småting. Han hadd’kje vore hos doktoren på fleire år. Etter at Vatnedalen slutta hadd’kje gamlingen vore kar om å forstå målet på ein einaste doktor som va kommen te bygda, så han så’kje nåke vits i å flyge dit. «E tok me meg nåke som e kan rense såret med. Åsså kan e sette på nåka strips. Kan hende det holder» sa ambulansemannen. Gamlingen kjente at han likte godt denna karen.

 

Såret blei rensa og stelt. Gamlingen fekk ein tabelett for haueverken, og ambulansemannen sette inn ein halv liter med cola på sida divanen. «Pass på å drikke mykje» sa han. Gamlingen lova det. «Vett du åssen e kan få henta mopeden min» spørte han. «Ikkje tenk på det.» fekk han te svar. «Den henter e å ein kamerat itterpå. Ska se om mi kan få sett han i hop au.» Gamlingen likt’kje å være andre te bry, men ambulansemannen va veldig bestemt. Han sa han skulle komme innom seinare å kikke te han. Gamlingen kjente at han gleda se te å få preke med mannen igjen. Koselig kar. Gildt at han hadde fonne se slik ei trivelig kjerring frå Åmli.

 

Gamlingen tok ein slurk av colaen. Han konn’kje hokse sist han smaka brus, men han hoksa godt den første gongen.  Det va ein gong han hadde vore med far sin te Kragerø for å sele ein hest. Far hans va så godt fornødd med handelen at han hadde kjøpt krembolle og cola te dei begge to. Det hadde vore svært for ein liten gøtunge å komme med til byen. Gamlingen smilte med minnet om far sin, å søvna som ein stein.

 

Ut på ettermiddagen kom ambulansemannen innom igjen. 
Dei hadde henta mopeden, men der måtte nok ein del skruing te for å få han på veien. Dei hadde sett han ner på gamle butikken på Mostad, for der holdt det te ein gjeng som likte gamle mopeder. Gamlingen sleit med å forstå at nåken konne like slika gamle lorthauger. Han regna med at den skrothaugen han hadde, gikk like mykje på bensin som banneord. Det konn’kje være loft og kjærlighet i alle fall.

Ambulansemannen hadde au med seg brød, kaffi, røykepølser og mjelk. Han hadde komme te å tenke på at gamlingen ikkje hadde komme se te butikken, så han tok med litt mat i tefelle. Gamlingen kjente at han va skrubbsulten, så han bau ambulansemannen på ei skjeve. Dei åt og skrolla godt. Gamlingen lo godt hver gong ambulansemannen fortelte nåka historier som va litt «på kanten.» Slikt likte han. Han konne nåka sjøl au. Ambulansemannen fortelte om ein hestekar på indre vei som va kjent for å ikkje akkurat slå av for kjensfolk. Hestekaren hadde fortelt at ein gong han gikk på dass, hadde han så trøkk i magen at han blåste dassen rein for vann. Gamlingen lo så han holdt på å sette skjeva i halsen.

Ambulansemannen lo godt når gamlingen fortelte om utlendingane på radioen, og at gamlingen trudde han hadde tjuvar på besøk. Han fekk synt han åssen en bytta kanal, og endelig konne gamlingen høre stemma te nyhetsdama frå Kristiansand igjen. Dei blei enige om at hvis haueverken ikkje va vekk i mårå så skulle gamlingen bli med ut te Brokelandsheia å snakke med doktoren. Så kan du få handla før jul au, sa ambulansemannen. Gamlingen gikk med på det. Han totte det va lite å ha haueverk for, uten eingong ha smaka ein dråpe.

 

Neste mårå kom ambulansemannen tebars. 
Han totte ikkje såret i panna så bra ut, så sjøl om gamlingen ikkje hadde haueverk lenger, så ville han ha han med seg te heia. Gamlingen satte seg inn i bilen. Detta va ein anna bil. Ein stor bil med store gode seter. Dei kjørte utover, og gamlingen tenkte på mopeden. Hvis den nå va heilt vrak, så måtte han få se ein anna. Men han hadde nå erfaring med at hvis mopeden va ugrei, så va det tydeligvis fortsatt på Mostad dei konne få fiksa det. Han lurte på åffår dei ikkje va på verkstedet, dessa mopedfolka. Det konne nå ikkje være gildt å ha mopeder i butikken?

 

Då dei kom til heia, loste ambulansemannen han forbi venterommet og inn i ein gang. Ambulansemannen kjente alle dei som jobba her, og dei visste ikkje hå godt dei konne gjøre for  gamlingen. Det va sikkert fordi han hadde med seg sjølvaste ambulansesjefen, tenkte han. Han blei onnersøkt av ein doktor som snakka fullstendig uforståelig dansk. Men det virka te at ambulansemannen forstod hå an sa, eller i alle fall lesst han som. Gamlingens panne blei rensa på nytt, og nye strips blei satt på. Doktoren sa nåke som han sjøl syns va moro, men gamlingen va kje kar om å sjynne å han sae. Ambulansemanne lo au, så då tok gamlingen ein sjans på å le litt halvhjerta han au. Han konne au lesst han forsto dansk.

 

Dei reiste se for å gå, og gamlingen fant fram pengboka. Dansken rista på haue. Han skulle ikkje betale nåken ting sa ambulansemannen. Detta va «på huset» sa han. Gamlingen blei blank i augene, og takka doktoren og sjukepleierane for hjelpa, i det han gikk ut. Han takka te å me ei som satt å venta på venterommet, for han va så forfjamsa. At ikkje doktoren tok betalt ein gong…

 

Ambulansemannen kjørte han te butikken, og han fekk kjøpt fleskepølse og alle dei beste tinga han visste å ete i jula. Der va så mykje varer, at det va vanskeli å velge. Den gilde kjøpmannen sto med kjøttdisken og smilte og preka med alle som kom forbi. Han stakk te gamlingen nåke sylte sammen med fleskepølsa. «Det her er den beste sylta du kan få! Bare si ifra i kassa at det er julegave fra meg!» sa kjøpmannen. Gamlingen takka, tok kjøpmannen i neven og kraup inn i vrimlen av handlegalne folk. Han kjente knapt et mennesk, å det va nåke uhorvelig å folk putta i korvene sine. Det måtte være her heile sørlandet gjekk og handla.

 

Ambulansemannen skulle au innom nabobutikken, så då benytta gamlingen sjansen te å få kjøpt se ei flaske med kjøpebrennevin han au. I tefelle der kom fremmen i jula… På vei tebars måtte ambulansemannen innom te dei som hadde ambulansevakt. Gamlingen kjente godt dei to som va på jobb. Den eine hadde vakse opp i traktene der gamlingen budde, og han hoksa godt far hans. Han dreiv bensinstasjon i fleirfoldige år. Som far sin, konne au denna karen fortele gode historier. Det gikk mykje i jakthistorier, å dei mimra om eljjakt før i tida. Gamlingen hoksa best at karen som guttonge konne være nåke fantelig. Men det va nå slik guttongar skulle være. Gildt mennesk va han nå i alle fall blitt uansitt.

 

Då ambulansemannen va færi kjørte dei heimover. Gamlingen blei aldri lei av synet av bygda opp Gjerstadveien. Sjøl om det i dag va nåke tåkete over Gjerstadvannet, så konne han bare lokke augene og se bygda føre se. Gjerstad bygd - traust og trygg. Ja den sangen passa godt.  Gamlingen ville jønne gjøre opp for turen og maten, som ambulansemannen hadde hatt med dagen i førveien. Ambulansemannen va like bestemt, og sa at «ein gong e det du som må hjelpe me.» Gamlingen konne ikkje komme på nåke i verden han skulle konne hjelpe denna staute karen med, men han vil’kkje falle ut med han.

 

Då gamlingen la se om kvelden grubla han felt på åssen det gikk med mopeden. 
Han va’kje nåke begeistra for lorthaugen, men han va temmelig avhengig av an alikavel. I sommer, når det va på det varmaste, hadde han kjørt opp te Meåna for å bade. Det va mest ikkje te å holde ut den heten dei hadde hatt i år. Han konne hokse at det hadde vore varmt om sommaren før, tørke au, men då va han yngre å konne bløyte se i hvilken som helst badeplass. Nå totte han at han måtte skåne folk for sveiseblink, for han va kje slik ein som likte å gå tønnkledd sjøl om det va sol ute.

 

Han flirte med tanken på badeturen te Meåna. Han hadde kledd a se te bare onnerboksa og vassa uti vannet. Det hadde vore nydelig badevann, men det va så lite vann at han konne knapt få te å sømme. Han hadde dukka under fleire gonger, og han hadde vore så fornødd at han hadde te å me nynna litt for se sjøl. Plutselig hadde der kommen folk gjennom skauen. Han hadde hørt målet på kvinnfolk, og i panikken hadde han dokka onner vannet for å gjømme se. Han gredd’kje holde pusten så lenge, og te slutt måtte han heve se opp av vannet. Han blåste lungene tomme for loft, mens han kasta se over vannskorpa. Han hørte kvinnfolka skrike å rope «Å herregud! Det er Nøkken!!»  Han må ha skremt livskiten ut av dei, for dei sprang astá før han rakk å sei nåke. Han flirte. Han kom ikkje te å friste nåke kvinnfolk i alle fall, hvis dei tok feil av han og Nøkken...

 

Men han va nå like glad med det. Han likte å være sin egen herre, og ikkje bli dikkedert av nåke kvinnemennesk i alle fall. Bortsett fra den nabogaupa då, for ho turde han ikkje å sette seg opp imot. Han va sjeleglad då han hørte at ho ikkje skulle være heime i jula. Han hadde lova å kikke etter huset hinnars mens ho va vekk, å gi kjetta nåke mat. Ja –katten hinnars altså. Han hadde glømt å gjøre det i to dager nå, men den katten va nå så feit at den lei nok inga nau. Han fekk gå bort å kikke te ho i mårå.

 

Dagen itter gikk gamlingen bort og sjekka husene te nabokjerringa.
Han tusla inn i uthusa for å fylle i kattekoppen.  Den va skål tom, og gamlingen kjente at han fekk dårlig samvittighet. Tenk om ho hadde gåt sulten. Han ropte forsiktig på pusen, og han hørte ei forsiktig mjauing inne bak vedskjulet. Men ho kom’kje fram. Satt ho fast kansi? Han gikk inn i rommet og myste. Plutselig fekk han se nåka auger som blinka inne bak snøskuffer og jernriver. Han stussa litt, og gikk nærare. Skulle du ha sett på maken – der med sida kjetta lå det ein bitteliten kattonge. Gamlingen rekte fram neven til kattemor. Ho reiste seg, og gnei seg mot leggane hans mens ho mjaua sårt. Han løfta forsiktig opp kattungen. Han totte den va litt kald. Kansi dei fraus? Forbaskade kvinnfolk. Hadde ho bare reist ifrå katten sin når ho skulle ha ongar? Nåka folk skulle bare ikkje hatt dyr!
 

Han fekk tenkt seg litt om. Han hadde nå heller ikkje tenkt at ho va med kattongar. Han trudde ho bare va feit. Den feilen hadde han gjort før. Han hadde kommentert te et kvinnfolk, at nå hadde ho gått drektig så lenge at nå konne det kje være lenge igjen. Kvinnfolket hadde sett på han med reint skjær hat i blikket og svart at «E fekk ongen for fire månar sia!». Han va glad han ikkje hadde kvinnfolk i hus…

 

Han likt’kje å gå ifrå katten og den lille kattungen ute i dei kalde uthusa, så han bestemte seg for å ta dei med seg heim. Så slapp han å stølpe bort te nabokjerringa for å gi dei mat. Kattemor fulgte mjauans med han gjennom snøen. Då dei kom inn, stelte han te et pledd bortme ommen og la kattongen forsiktig ned. Kattemor åt godt og kraup ned sammen med ungen, og snart så sov dei begge to. Gamlingen smilte. Så fine dei va. Katter laga ein egen ro i heimen. Når dei ikkje herja og laga faenskap selvfølgelig.

 

I kveldinga kom der ein bil inn i tona.
Bak på bilen va ein henger, og oppå hengeren sto ein moped. Det va kje hannoms så han stussa. To store mannfolk kom ut av bilen. Han konne kje ta dei igjen, men han trudde ikkje dei va frå bygda. Dei helste med neven og sa hå dei hette. Då fekk han plassert dei. Fellsingar. Dei hadde prøvd å stelle mopeden, men det måtte kjøpast nåka nye deler for å få han i sving igjen. Mopeden va så gammal, at dei måtte bestille deler frå utlandet, så då blei det både dyrt og drygt å få mopeden kjørbar igjen. Men dei lurte nå på om dei konne få kjøpe an av gamlingen? Eller om dei konne kasthandle i den dei hadde på hengeren. Motoren va nyoverhalt og den gikk som ei klokke.

Gamlingen kikka lenge på dei to karane. Dei måtte være skvær gåene i toppakningen begge to. Kasthandle et vrak, mot ein som va heil? Nei, sjøl om han syns detta va så galent at han mest tenkte dei fortjente å bli lurt, så hadde han ikkje samvittighet te det. Mopeden va mest like gammel som han sjøl, å va mest’kje vedlikeholdt dei siste femten åra.

Karane sto på sitt. Det va jo nettopp det dei likte. At dei konne få pusse opp, å sette istand ein så flott gammal moped. Gamlingen gikk med på å kasthandle, men han ville ha det skriftlig, at dei ikkje kom te å bruke det mot han når dei fant ut å for ein lorthaug dei hadde handla te seg.

 

Julaften satt gamlingen igjen foran ovnen.
Kattongen lå i fanget hans, mens kattemor lå med ommen og sov. Det va stor måne og skikkelig frost ute. I glasset hadde han litt av det brune kjøpebrennevinet. Måtte passe på å prøvesmake. Det va viktig. Han va så glad for at han kjente så mange gilde folk.

Ei historie sa at då vår Herre delte ut galningar gikk der hål i sekken over Gjerstad. Han totte nå’kje dei va galne i Gjerstad i forhold te andre stader. Eller kansi dei va litt galne, hvis der va ein egen klubb som likte gamle lorthaugmopeder i bygda? Nei, gjersdølingane va godhjerta og ronne i kantane.  Nåken hadde vore på døra hans og honge ei søsterkake på klinka i løpet av førjulshælja. Han visst’kje kem, men han tenkte at bakerinna i Rønningen hadde mykje omtanke for andre, så han tippa det va ho som hadde sendt kake opp te han. Ho visste å godt han likte den.

 

Gøtungen på Trydal hadde vore innom å tat vekk snøen i tona hans.
Der kom et dugelig snøfall rett føre jul, så han va redd han måtte grave se ein tunell ut te storveien. Trydalsgøten hadde kjørt avgårde før han rakk å teby han betaling, men han fekk ta turen innom dei ein dag på nyåret å gjøre opp me han. Han kikka ut på desembermørket, og tenkte på ambulansemannen og kjerringa. Så greit dei hadde ordna opp for han, når uhellet va ute. Han hadde prøvekjørt den nye mopeden au. Den starta tvert, og der va kje så mykje som et fusk på veien ront Trydal. Han dro seg fram som ein Drabant, sjøl om veiane va ubrøtt som vanlig.  Dei skulle vel trege, dessa fellsingane som hadde endt opp med hans gamle lorthaug. Ja fellsingane va nåka raringer. Det hadde dei bestandig vore. Gamlingen lo for seg sjøl.  

E e jaggu glad e blei født gjersdøling!!

 

 

**************************************************

 

Jeg ønsker med dette alle mine sambygdinger en god jul!
Kanskje har du noen i nabolaget som hadde blitt glad for en julehilsen på et julekort? Eller en liten telefonsamtale der man ønsker en fredfull jul. Det kan gi mye glede, å få en liten hilsning og vite at noen tenker på en når julefreden senker seg i de tusen hjem.

Det er ikke så mye som skal til for å sende litt julevarme til noen som kanskje er alene i jula, eller som en vet at kanskje gruer seg spesielt til jula i år. For noen er det første jul uten et kjært familiemedlem, for noen er det sykdom som gjør at jula blir annerledes, og for noen er jula en tid der man kjenner ekstra på ensomheten.

Ta godt vare på hverandre!

 

Julehilsen fra Anne Grethe

Flere saker

Gode prestasjoner i NM i Orkdal

Fartskontroll i Øvre Gjerstad i dag resulterte i 8 forenklede forelegg. Illustrasjonsfoto.

Ny fartskontroll på Gjerstadveien ga penger til statskassen

Slik foreslås den nye veitraséen fra Dørdal til Tvedestrand Slik foreslås den nye veitraséen fra Dørdal til Tvedestrand

Slik foreslås den nye veitraséen fra Dørdal til Tvedestrand

Balder er tilbake i hjemlige omgivelser

Balder er tilbake i god behold

Har noen sett Balder??

Forsvunnet etter å ha blitt påkjørt

Brokelandsheia får fortsatt nyte godt av nærhet til E18

Nye Veier går for Brokelandsheia!

Anette Dahl kommer på besøk til Gjerstad

Spennende jaktforedrag med Anette Dahl

Nye Veier informerer Gjerstad kommune om fremdriften i konsekvensutredningen for ny E18 gjennom Gjerstad. Illustrasjonsbilde.

Får vite mer om rangeringen av E18-traséene