En av iGjerstads lesere har sendt inn en julefortelling fra bygda
En av iGjerstads lesere har sendt inn en julefortelling fra bygda

Ei julefortelling frå Gjerstad

"Gamlingen strekte ryggen og smilte i skjegget mens han tenkte –« E e jaggu glad e blei født gjersdøling!»
NN

Snøen lå glissen på jordet, og tona var bare blank svall. Faulane flaug skuffa innom juleneket, som hang som ein blaut bonning på pålen med sida låvebrua. Gamlingen satt med kjøkkenbordet og kikka ut, mens han supa på kaffien som va kokt for tredje gong på samme gruten. Radioen va like dau som humøret til gamlingen. Det va kje lenger maulig for ein gammal krok å få med seg nyhetene etter at Oslofolka hadde bestemt at dei skulle legge ned signalene og sende via nåke dei kalte DAB. Gamlingen forstod seg ikkje på slikt. DAB. Hå va i veien med dei gamle signalene? Kansi dei va for gamle, utgåt på datto – slik som gamlingen au følte seg.

 

Det va lenge sia han hadde vært nerover i bygda. Han hadde ikkje bil, men der sto ein gammal moped under låvebrua. Den brukte han dei få gongene han måtte nerover til kolonialen å handle. Nå nærma det seg den tida at han måtte ta turen igjen, for han va tom for både kaffi og brød. Han plag høre værmeldinga på nyhetene, og slik kunne han planlegge handleturane etter når det var tålig vær. Nå som han ikkje hadde radio va det ikkje så lett lenger.

 

Sola gløtta fram bak det grå skydekket, og han fant ut at han konne like gjønne få det overstått. Han tok på seg støvla og den tykke termojakka, fant fram votter og handlekassa, som han konne ha varene i på heimturen igjen. Han tredde halvhjelmen ned over dei kvite hårtustane sine, og stappa det buskete sjegget på innsida jakka. Han tusla forsiktig over tona, og røska mopeden ut av skjulet onner låvebrua. Der va lite bensin på tanken, men det burde i alle fall holde ned til Esso hvis han passa på å rulle i nedførbakkane. Det hette visst ikkje Esso heller lenger. Det va lenge sia Sigmund dreiv stasjonen. Det va nye folk hver gong han måtte innom, og navnet va nåke så langt ut i alfabetet at han va kje kar om å hugse det.

 

Mopeden starta på tredje forsøk. Det va mildvær, så då va an kje så umaulig å rå med denna gamle lorthaugen. Gamlingen sette støvla ned i bakken, å håpa at det ikkje va så altfor glatt nedover. Kansi Vegvesenet hadde fått ordna slik at der blei strødd nåka kønn han konne få feste i når han kom seg til storveien.  Tidligere va det dessa unge karane i Trydalsgrenda som brøyta og strødde. Då va vegen greit kjørbar, sjøl for ein mopedist. Nå va det uttabygdsfolk som hadde fått jobben. Dei tok mindre betalt, men så va dei ikkje over halvparten av bygdevegane heller.

 

Han kjørte nerover, og kom seg greit til storveien. Då han kom over dalsletta begynte den gamle lorthaugen å fuske. Gamlingen banna nåke inni halvhjelmen, holdt inne clutchen og rulla forbi Nørkjær og utføre Mostadbakkane. Hver gong han slapp clutchen hosta mopeden og gamlingen va redd den kom te å ta kvelden for han. Då han nærma seg bilverkstedet bestemte han seg for å stoppe og høre om denna karen som hadde overtatt etter Olav Jakob kansi konne nåke om motorer. Slik bilane va stella i dag så tenkte gamlingen at en nok helst måtte være elektriker skulle en konne fikse bil, men han fekk nå høre om han kansi hadde lært nåke på skulen alikevel.

 

Der sto uhyggelig mykje bil på utsida, så tenkte at der kansi ikkje va ledig tid. Men mopeden kom aldri til å hjelpe han heim igjen, så han fekk inn å høre om der va maulighet til litt bistand alikevel. Inne på verkstedet stod der au bil over alt, så det va tydelig at dei hadde mykje å gjøre. Han snåva i dørstokken på vei inn, og gikk rett i synet på sønnen te Olav Emil på Kveim.  Gamlingen og Olav Emil va gode busser i gamledager. Nå va kje Olav Emil meir, men synet av sønnen hans vekka gode minner. Om ikkje guttevalpen som nå dreiv verkstedet visste nåke om mopeder, så va han nå sikker på at han fekk hjelp av den nevenøttige karen frå Kveim. På Kveim konne dei oppdra unger. Han visste ikkje om nåken av ongane frå Kveim som ikkje va arbeidssomme, nevedøktige og flinke folk.

 

Han forklarte for Kveimsgutten hå som va gale, og lurte på om der va maulighet for at dei konne ta ein kikk for han. Ung-gutten kom au ut, med ein sigarett hengans frå monnvika. Gamlingen målte guttevalpen med augene, og tenkte at så svart som han va både i kleene og på nevane så konne det jo hende at han faktisk gjorde jobber som ikkje va elektriske au.  Karane gikk ut, kikka på mopeden, prøvde å starte han og fant fort feilen. Det va kansi ei stonn sia der va gjort nåke vedlikehold på an, så det konne jo hende der måtte blåsast litt reint her og der.

 

Gamlingen fekk ein kopp kaffi fra termosen dei hadde på kontoret, og mens Kveimsgutten skrolla i vei, blei mopeden gjort klar til å fortsette handleturen. Gamlingen begynte å gruble på hvor dyrt dette konne bli. Slika verkstader tok seg grovt betalt hadde han hørt. Kansi det ikkje blei nåken handletur alikevel. Kansi han måtte levere frå seg alle pengene sine her til denna karen på verkstedet…

Då kaffi koppen va tom, kom karen inn igjen og sa at mopeden va klar.

Gamlingen reiste deg ustøtt og kremta; «Hå mykje vi detta koste me då?» Den andre bare smilte, og sa «Det ska kje koste deg ei krone. Det va bare moro å få lov å legge nevane på ein slik fin gammal doning. E fylte opp litt bensin på tanken au. Der va litt kondens. Nå må du kjøre forsiktig. Her e fryktelig glatt i dag.»

Gamlingen syns nå det va reint for gale at han ikkje skulle betale nåke, men guttevalpen virka så fornødd at gamlingen prøvde å vise hå takknemlig han va i håndtrykket han ga då han skulle reise.

 

Gamlingen gikk ut og satte seg på mopeden. Den starta greit og gikk som ei klokke nedover mot Skålisvingen. Gamlingen smilte i skjegget. Der va litt glatt på utsida den gamle butikken, men han satte den høgre støvelen godt i bakken, så den ga støtte fram til han begynte på kjørkekleiva.

Han tenkte på Torstein i det han passerte huset der Torstein og Vesla budde og dreiv butikk i tidligere dager. Det va gilde folk, og der va kje den ting ikkje du kunne finne i butikken til Torstein. Der va au gode mauligheter for ein skroll og ein god latter når Torstein begynte å fortele frå dei gode gamle dagane. Kan hende han smørte litt på innimellom, men det va nå det som gjorde ei historie interessant syns gamlingen.

 

Då han nærma seg toppen av kjørkekleiva fekk han se ei ugoskli stor gran som va kommen opp med sia Almuestaua. Han slakka på gassen, for nå blei han reint forfelt. Det va rektig nok ei stonn sia han hadde vore neraføre, men at der skulle ha vokse opp ei slik ei i mellomtida syns han va merkelig. Han svingte inn med gamlebanken og parkerte mopeden med kjørkemuren. Detta måtte han se nærmere på.

 

Då han kom bort te grana konne han se at der va hengt lys på, og når han kom heil innte fekk han se at denna va nok satt opp midlertidig. Gamlingen rista på haue og fnyste. Hå i alle dager slags påfunn va detta? Han så seg rundt, for han ville ha greie på åffår dei kasta vekk god ved på slikt vas.

Han konne ikkje se kjørketjeneren nåken vei. I det han skulle gå, fekk han se at der hang nåke anna pønt på treet. Der hang nåka lapper. Han tok ned ein og leste; Jente 9 år, vinterklær og dukke. Der stod nåke med mindre skrift men han va kje kar om å greie å lese det.

 

Så fekk han se kjørketjeneren parkere bilen sin borte med bårehuset. Han gikk med stutte og bestemte skritt bort til han og vifta med lappen. «Hå sla e detta for nåke?» spørte han. Kirketjeneren sto rolig og trakk litt på smilebåndet. Han forstod nok at gamlingen stussa. «Du, det e julegaveønske frå onger i bygda som kanskje ikkje får så mykje til jul» svarte kirketjeneren. Gamlingen kikka skrått på han under halvhjelmen. Detta forsto han ikkje nåke av. Kirketjeneren forklarte at i Gjerstad va der mange familier som ikkje hadde nok penger til å gi ungene sine julegaver, og derfor hadde kreative folk på kommunen funnet en måte som bygdefolket kunne hjelpe. Du bare kjøpte ei gave som passa med lappen du hadde henta på treet, og leverte detta sammen med lappen på Prix eller på Eurospar på Brokelandsheia.

 

Gamlingen grubla. Familier som hadde så klein råd at dei ikkje konne gi julegaver? I Gjerstad? Detta minna han om juletider onner krigstida. Han trudde nå folk va bære stilt nå i dessa tider. Han takka kjørketjeneren for svar, og subba bort te mopeden sin igjen. Nei, detta va nytt for han. Og så hadde kjørketjeneren sagt at det var kreative folk på kommunen? Det blei litt mykje å fordøye, men han trudde ikkje kjørketjeneren laug for han. Han sto så høgt oppi tårnet og ringte i klokkene, at gamlingen va sikker på det måtte være han som hadde best kontakt med Han der oppe. Då konne ein ikkje lyge i alle fall.

 

Han svingte ned til butikken og parkerte mopeden sin med døra inn til sminkesalongen. Der va satt et tre inn i hjørnet, som va pønta og stelt, men denna va mindre enn den dei hadde dolla te oppme Almuestaua. Inne i salongen satt det kvinnfolk og kjasa. Dei stella håret og skrolla. Han hørte at dei lo godt av nåke. Ein gong han va neraføre fekk han se at der gjekk mannfolk au inn i salongen å stelte seg på håret. Det totte han va fryktelig narraktig. At mannfolk gikk til barbereren hadde han hørt om, men det va nå jålete det au. Sjøl så kløpta han se med den gamle sauesaksa som lå i uthusa. Den funka fint den.

 

Inne på butikkem va der lite folk. Dei holdt på med utpakking av varer, så han måtte fløtte litt på nåka askar som stod i veien her og der. Før i tida så gjekk han til Lydia å sa hå han skulle ha, så pakka Tordis det og Håkon kjørte det heim for han. Han og Håkon skrolla felt då. Av og te så hente det dei tok ein røyk au, mens dei preka om nytt i bygda og minna innaen om åssen det va før i tida.

 

Nå va der så mykje nytt i butikkane, at du konne få kjøpt alt maulig rart. Det va nå ikkje så mykje han skulle ha. Han måtte nerover igjen før jul alikevel, for han va ganske sikker på at butikkane va nok stengt i romjula.

 

Fleskepølse måtte han ha. Dei laga ikkje fleskepølse sånn som den han åt når han va ung, men han likte nå smaken, og flesk va godt for helsa meinte han. Kvitseidsmør, mjølk og ein nøkkelost. Nåke saltpølse, poteter, kokekaffi og et par brød. Der låg nåke kakestell au, men han ville helst ha det ferskt og ikkje så gammalt at dei måtte pakke det i tjukk plast for at det ikkje skulle mygle. Han kom te kassa, bledde opp ein lapp som han betalte med. Han kjente ikkje jentungen i kassa, men ho smilte og virka nå som ei godt oppdradd jente. Kanskje ho va innfløtter? Nei, ho preka nå dialekt. Ho konne minne om Heiland slekta, men han va kje sikker.

 

Gamlingen festa varene godt bak på handlekassa, knepte jakka og starta mopeden. Han trengte ikkje å ned te bensinstasjonen for han på bilverkstedet hadde fylt på godt på tanken. Det begynte å fryse på igjen, så det skulle bli ein kald tur heim.

 

Han trega litt på at han ikkje hadde kjøpt med seg litt kake. Kansi kjøpkake ikkje va så gale alikevel. Då han kom te Røed fekk han se et skilt i krøsset. Han stoppa mopeden for å lese. Gjerstadbakeren, åpent, Rønningen. Han hadde hørt om at der va åpna bakeri i Rønningen, men han hadde aldri vore innom der. Nå hadde han jammen sjansen. Ska se det blei fersk kake alikevel. Han smilte under halvhjelmen, svingte mopeden mot Trydal og tok av mot Rønningen. Han rakk akkurat å helse på Tobben, sønn til Edith. Han skrudde på traktoren sin. Driftig kar, tenkte han, før han måtte nedi med begge beina. Der va ugoskli glatt inn onner heia bort til Rønningen.

 

Han konne kjenne lokta, så han behøvde ikkje lure på hen bakeriet va. Der va mykje folk, men han trudde ikkje alle dei va frå bygda. Dei preka ikkje slik. Han helste på et kvinnfolk som flaug mellom ovnar og knøer inne i bakeriet. Gjerstadbakeren sjøl sto bak disken og smilte og preka. Føre han i køa sto ei lys flott jente, med tri små unger. Gjerstadbakeren og jenta preka og lo, og dei snakka om nåka hytter som der tydeligvis va mykje folk på. Han klarte ikkje heilt å få sammenhengen, for det hørst ut te at det va hytter som va bygd oppe i trea. Kanskje det va ungane som hadde bygd dei? Slike som han bygde heime når han va guttunge. Men han fekk det ikkje te å stemme at der va mykje folk, for der konne nå umaulig være plass te vaksne oppi slik ei hytte.

 

På disken låg der kaker, boller med både krem og sylter, brød og rundstykker. Søren at han kjøpte butikkbrød, for her va jo ferske heimbaka brød av alle slag, og dei lukta himmelsk. Heilt te venstre i hylla låg der jammen med søsterkake au. Der va bare ei igjen, så han håpa ikkje den fine jenta skulla ha den. Han hadde flaks. Ho kjøpte mykje boller med krem, men søsterkaka blei igjen. Då det blei hans tur peka han på søsterkaka og Gjerstadbakeren la den fint ned i ein papirpåse for han. Den va fortsatt lunka, men han regna med den blei kald inna han rakk heim. Han fekk legge den inni jakka, så konne dei dele på varmen, søsterkaka og han.

 

Han sette seg på mopeden, kjørte over Trydal-skjeiet og videre forbi Holmen Gård og Lundmyra. Sola rakk ikkje så godt hit på denna tida av året, og lufta va mest blå av kulda. Men han kjente lunken fra søsterkaka mot bringa og gleda seg til å komme heim og smake.

 

Då han kom seg vel heim parkerte han mopeden inn under låvebrua, tok med seg handlekassa inn på kjøkkenet. Han fyrte opp i ovnen, og dro stolen innte for å få litt varme. Huset holdt ikkje så godt på varmen, men hvis han lukka døra ut i gangen og inn til bestestaua blei der fort grei lonk. Han satte kaffikjelen på kok, og gleda seg te varm kaffi og søsterkake. Kaffikoppen va ein gong kvit,men ikkje nå lenger. Gamlingen likte best smaken av kaffien når innsida av koppen hadde dei fine marmorerte merkene etter tidligere kaffislurker. Mens han venta på at kaffien skulle trekke ferdig, begynte han å dele opp søsterkaka. Han kjente spøttet samla seg i kjeften, og jammen va der ikkje lunk i kaka ennå. Den smaka som reine himmelen! Då det meste av kaka va eten opp, og magen var mett på både kaffi og kake, duppa han av i stolen, med beina på krakken innat ovnen.

 

Då han våkna konne han minnes at han hadde drømt, og det va nåke med ein lapp. Jaggu! Lappen frå grana med Almuestaua! Den hadde han jammen i jakkelomma si ennå. Han tok den fram og kikka på den. Jente 9 år, vinterklær og dukke.  Tenk at ei lita jente ikkje hadde vinterkleer, og kanskje ikkje dukke å leike med.

Gamlingen hadde hatt ei søster, men ho døde av tuberkulose då ho va 10 år. Han hugsa godt at ho bestandig gikk med ei dukke i armen, uansett hå dei holdt på med.

Og nå hadde han lappen her. Det ville jo sei, at ingen andre konne vete at denna jenta på 9 år ønska seg vinterklær og dukke. Dette va litt a et dilemma.

 

Det va 10 dager igjen til jul. Han va ganske sikker på at julenissen ikkje fantest, så det va lite å håpe på hjelp i frå. Der va rektig nok mange ting som konne tyde på at han hadde hatt fjøsnisse på gården - mens han ennå hadde dyr i alle fall. Men fjøsnissen ordna ikkje julegaver. Dei fant mest på faenskap hvis ikkje dei blei stella fint med.

Han begynte å trave ront på kjykkengolvet. Skulle han kle på seg og kjøre nedover og henge lappen på treet igjen? Han kikka ut. Det va blitt mørkt og gradestokken viste 8 blå. Nei, det blei ikkje nåke ikveld i alle fall. Han skulle jo nedover om ei vekes tid. Han konne henge lappen tebasj då. Men då va det jo rett opponner jul. Kansi ingen henta lappen på treet så nære julaften?

 

Han gikk inn på sofaen. Det va her han sov når vinteren kom. Det blei så kaldt på loftet, og han ville ikkje sløse vekk ved med å fyre opp to plasser. Då va det lettare å fløtte dyna ned på sofaen. Gamlingen gliste for seg sjøl. Han syns han va temmelig smart og sparsommelig. Dei som jobba med økonomi i kommunen ville nok jønne lære et par ting av han ja, for han va go med penger. Det va kje så vanskelig. Han brukte bare ikkje penger på ting han ikkje trengte. Han måtte forresten ut te banken au før jul. Han hadde ikkje så mange lapper igjen i lommeboka nå.

 

Han totte det va blitt fryktelig tungvindt, detta med penger og regninger. Nå va der ikkje så mykje regninger som kom i posten lenger, for han hadde fått hjelp av ei dame i banken te å ordne det. Istaen for at postdama kjørte det opp i postkassa, så kjørte ho det rett te banken. Ja det va i alle fall slik bankdama hadde forklart han detta. Han skreiv onner på nåke som hette avtalegiro, og så gikk regningane rett te banken. Akkurat det va veldig lettvint. Dei prøvde au å lure på han et bankkort. DET va visst lettvint det. Gamlingen gliste for seg sjøl. Han va kje så lettlurt. Han va lurare enn bankdama i alle fall. For hvis han hadde bankkort så visste han jo ikkje hå mykje penger han hadde. Han konne jo ikkje få gjort opp for seg hvis han ikkje visste å stor kapitalen va! Nei, det va mykje lettare å kjøre ut i banken, ta ut det han trengte og få med ein lapp med hå mykje der va igjen på kontoen. Han fekk ta skulebussen på mandag og reise ned i banken på Brokelandsheia.

 

Det va mest ufattelig åssen der va blitt laga. Før om åra måtte dei ta Åsbøruta til Kragerø når dei skulle handle. Nå va der blitt handelsby på Brokelandsheia. Snart kom der vel te å bli slik ein stadion på Sundsmyra au. Ufattelig åssen kommunen steller seg. Han sleit fortsatt med å forstå at kjørketjeneren hadde kjøte av folka på kommunen, og sagt at dei va kreative.

 

Mandag morra sto gamlingen klar då skuleruta kom. Det va kommet litt snø oppå holkeføret, så han måtte være forsiktig. Ikkje nåke vær å ta avstad på moped i allefall. Han hadde på seg ei stor lue, termojakka, og ei bukse som va mest like gild som finbuksa. Det va kje slik dongeri, men ei mørkeblå bukse med bare et par flekkar på. Mest som ny den altså.

 

Der va kje mange ungane på bussen ennå, men han visste at der va fleire som va gode te å yngle lenger nedover i bygda. Som regel va bussen full inna dei kom til Ausland, for på indrevei hadde dei jobba iherdig for å få opp folketallet. Bussjåføren va ein ukjent mann. Gamlingen skjønte at han ikkje va bygdekar, for han konne ikkje alle orda ennå. Ungane som kom på helste blidt på sjåføren, og han smilte og skøya med ungane. Han va tydeligvis godt likt.

 

Der kom på unger på Vevstad, Grunnsvoll, Flaten, Åsvang, Stålrød, Hausen, og Eskeland. Blide og velfødde ungar- slik ungane bestandig har vore på indrevei.

 

Før om åra va det Auslandsbrørne som kjørte ruta med skuleongane. Dei va ugoskli flinke te å kjøre buss. Dei sakka mest kje på gassen då dei sendte bussen gjennom jernbaneundergangen mellom Ausland og Apland. Denna nye sjåføren va kje så dreven, så han lirka bussen forsiktig gjennom undergangen. 

 

Då dei kom til Gjerstad skule gikk dei minste ungane av, og bare dei største blei igjen. Dei skulle ut til Sunde. Eller Abel som denna nye skulen blei kalla. Då bussen kjørte forbi juletreet på Almuestaua smilte gamlingen lurt. Han hadde bestemt seg for å kjøpe julegave sjøl til Jente 9 år, og det tenkte han å få unnagjort i dag.

Det va jo sjølsagt at han konne få ordna detta, når han først skulle i banken og der va så mykje butikkar på Brokelandsheia.

 

Då ongane gikk av på ungdomsskulen møtte han blikket på mest alle ungane. Dei smilte til han og sjåføren, og sa «Ha det» i det dei for ut døra. Han va litt overraska, for han trudde mest ikkje ongar i dag visste å folkeskikk va for nåke. Men hvis foreldra hadde hatt Strat på skulen så hadde i alle fall dei lært folkeskikk, og det lærte dei nok videre til sine unger igjen.

 

Då dei kom til Brokelandsheia stoppa bussen med Lyngrillen. Sia der ikkje va åpent i banken rektig ennå, gikk han inn her og kjøpte seg en kopp kaffi. Der va lite folk, bare nåka sjåfører som satt i et hjørne og preka. Etter ei stund gikk dei ut i kulda for å røyke, og gamlingen satt igjen aleine. Han satt og funderte på hen han skulle få tak i dessa tinga til Jente 9 år, og kom fram til at han fekk spøre i banken. Kansi ei av damene der va kjent med butikkane her ute.

 

Då banken opna gikk han inn og møtte ei dame han visste va dotter til Knut på Ulltveit. Ho va et fornuftig mennesk te bankmennesk å være. Det va ho som hadde hjulpe han med denna avtalen slik at han slapp å styre med posten og regninger i eninga. Ho hjalp han denna gongen au. Han fekk tatt ut penger, og fekk lappen der det sto hå mykje som va igjen av kapital på konto.

Han spørte ho, «hvis e skulle kjøpe ei dokke og nåke vinterkleer te ein jentunge, kem a butikkane bør e gå te då?» Ulltveit jenta svara at dokke og vinterkleer kunne han finne både på Europris, og Kong Kurs, ja te å me på Eurospar hadde dei nåke stillongs og luer. Gamlingen takka for hjelpa og gikk ut.

 

Europris og Eurospar? Va Gjerstad nå blitt så internasjonale at dei måtte blande inn Europa au? Ja ja, han fekk gå til Europris for det lå nærast.

Han tok med seg ei korg i tilfelle han fant mykje vinterkleer her i butikken. Der va såper og bikkjemat, kjeks og vaskemidler. Å der va julepønt og julelys i lange baner. Han fekk auge på ein julenisse i keramikk, med kvitt bustete sjekk og rufsete hår under lua. Den minna han om nåken, men han kunne ikkje i farten ta hvem. Han bestemte seg for å kjøpe nissen, for han syns den så koselig ut. Å det gjorde nå ikkje nåke om han pønta litt til jul han au.

 

Der va et voldsomt utvalg av kleer, både te store og små. Han kjente på et par sokker som va så mjuke at det va mest som å kjenne på et koppelam. Han ville jammen ha et sånt par sjøl au. Hvilken størelse brukte Jente 9 år tru? Han fekk se ei blid dame som gikk i kleer som konne tyde på at ho jobba der. Han spørte ho. Ho va i alle fall ikkje frå bygda for ho snakka slik som dei gjør i Risør. «Ei jente på ni år, ho brukæ nok ca 35 tenke e» sa ho. Han plukka med seg et rosa par i størelse 35-37, så hadde ho nåke å vekse i. Han tok et rosa par sjøl au. Han likte leten, og dei va så mjuke at han konne godt tenke seg slika sjøl. Han fant ei fin lita jakke, og ei lue med en fin dusk, å slika klaffar som gikk ner over ørene. Då fraus ho i alle fall ikkje på seg øreverk tenkte han.

 

Dei hadde mykje forskjellig på denna butikken. Der va verktøy au. Han fant nåka arbeidshansker som virka utrulig gilde. Dei va fòra au, så dei konne han bruke når han måtte ut på mopeden. Men nåka dokke fant han ikkje. Der va dokker, men ikkje ei som han tenkte at Jente 9 år ville like. Men kansi ho likte sukelade? Der va mykje å velge i, og han tok ein stor plate med mjelkesjokolade til Jente 9 år, og fruktnøtt til seg sjøl. Va jo kje farlig å ha litt å kose seg med når det blei jul, tenkte gamlingen, gikk te kassa og betalte.

 

Så traska han forbi nåka klesbutikkar, Gryting regnskap, banken, apoteket og ein liten kafe. Den hadde han ikkje lagt merke te før, men der virka trivelig. Han gikk inn, for han va blitt kaffitørst etter handlinga. Ei blid dame helste på han då kan kom inn. Disken ligna mest på verktøybenken hans heime. Han stussa litt. Bord og stoler va godt brukt, og minna han om møblene hans heime på kjøkkenet. Der va rektig så heimekoselig, og dama bak disken helte i ein stor kopp kaffi. Ho spørte om han ville ha nåke som het kaffe latte, men han visste ikkje hå det va. Ho hadde munker au, og han tenkte at når han først va på bytur så konne han nå skeie ut med ei munke.

 

Han satt innerst i kafeen med kaffikoppen og munka si, og kikka på alt der va i rommet. Ho som dreiv denna plassen, selte forskjellige ting, frå kleer, smykker og ting te å henge på veggane. Det va lurt tenkte gamlingen. Kombinere to ting i ein butikk. Han kjente at han va god og varm i kroppen. Munka hadde han for lengst ete opp, sjøl om han prøvde å drøyge ho så lenge som mauli, for ho va så god.

 

Då kom der et kvinnfolkfølge inn døra. Dei skravla og lo, og hadde nok ikkje sett inanen på lenge for dei hadde mykje å preke om. Han visste kem dei va alle i hope, og dei helste på han før dei sette seg ned. Den eine dama va ordføreren i bygda. Det syns gamlingen va stas. At der va et grepa kvinnfolk som bestemte. Han va av den oppfatning at mannfolka va gode på kar-arbeid, men skulle en få gjennomført nåke så måtte der ei bestemt kjerring te. Han skulle like å se den mannen som turde å sei imot kjerringa si dersom ho slo i bordet. Alle visste det, at det va kjerringa som bestemte. Hvis ho slo seg vrang så blei det ikkje mat, å då måtte en vaske kleene sine sjøl. Han hadde aldri fonne seg ei kjerring. Han va litt redd for dei.

 

Han hørte kvinnfolka diskuterte. Nå va dei tydeligvis ikkje heilt enige med bordet der. Dei snakka om at skulane skulle slåast sammen i bygda. Holdt dei på med detta ennå? Han konne hokse at dei la ned grendeskulane når storskulen i Gjerstad blei bygd. Det va på slutten av 60 talet trudde han. Det gikk nå greit det au. Ungane fekk fleir å leike med og han trudde lærerane au syns det va gildt at dei blei fleir te å rå med ungane. Men det va kansi Strat som holdt dei alle i ørene. Det va kje sikkert ei slik sammenslåing gikk like beint føre seg når dei ikkje hadde Strat lenger.

 

Han slurpa i seg siste kaffi-siken og gikk ut døra. Her va au ein slik sminkesalong fekk han se. Konne det være drivans med fleire slika i bygda? Men folk va kansi blitt så narraktige. Han kvakk litt då han så karane i sjukebilen, men dei virka ikkje stressa, så det konne ikkje haste.

 

Han gikk inn i butikken som hette Kong Kurs. Merkelig navn totte han. Men bevare meg vel så mykje varer her va. Han fant ikkje fram i alt som fantes her. Han blei litt redd for å gå se vill, så han gikk te kassa og spørte mannen der om hjelp. Hadde dei dokker kansi? «Nja,» sa mannen, « dokker har e ikkje så mykje greie på, men e trur mi har noe dokkestell inn te høgre der borte». Mannen blei med han bort. Han preka gjersdøling, så gamlingen fekk tillit te at dei skulle finne ut av detta. Der va tri forskellige dokker å velge mellom, men ingen som va så fine som gamlingen hadde tenkt. Han takka for hjelpa og gikk skoffa ut av butikken igjen.

 

Han tusla videre og fant ut at han fekk høre på Eurospar då. Ulltveit jenta hadde snakka nåke om denna butikken au. Då han kom inn helste han på ei frå husflidslaget som satt å selte lodder. Han kjente ho frå ungdomstida, men han hadde ikkje sett ho på fleire år. Dei skrolla litt før han spørte om ho visste om dei hadde dokker i butikken her? Ho trudde ikkje det, men dei hadde så mykje anna. Ho kytte voldsomt av den uhorvelig lange kjøttdisken dei hadde. Gamlingen blei i tvil. Han konne jo ikkje gi Jente 9 år ei pakke med sylte istaen for dokke… Men kansi dei hadde ordentlig fleskepølse? Han gikk inn for å ta kjøttdisken i nærare augesyn.

 

Her va så mykje frukt og grønnsaker at han blei mest forfelt. Hå sla skulle folk me alt detta? Han fant greit fram te kjøttdisken, og karen bak disken preka og lo høgt med dei som stod i disken. Gamlingen kjente ikkje te karen, men han virka nå veldig trivelig sjøl om det va tydelig at han va bykar. «Å hva kan jeg hjelpe denne karen med» sa mannen bak disken og smilte. Gamlingen blei mest litt blyg. «Jau, e lurte på om dikkan hadde fleskpølse» spørte han. «Jaja men sann, visst har vi fleskepølse. Hvor mye vil du ha?» svarte mannen bak disken. Gamlingen tenkte litt. Konne han få så mykje fleskepølse han ville? «E må ha så det rekker te over jul» svarte han. Mannen bak disken smilte, og forsvant bak i lokalet. Etter ei stonn så kom han tebake med ein solid snabb med fleskepølse «tror du dette holder?» spurte han? Jau, gamlingen trudde det skulle være meir enn nok. Han fekk med litt lungmos og sylte au, for det va lenge sia han hadde smaka. Gamlingen fant inga dokke her, så han tusla te kassa og betalte.

 

På vei ut ropa dama får husflidslaget på han. «Du, hvis du tar lodd av meg, så kan hende du vinner dokka mi har som gevinst?» sa ho, og holdt opp den finaste dokka gamlingen hadde sett. Det va akkurat slik ei dokke han ville gi til Jente 9 år!! Gamlingen klødde se i haue. Han syns ikkje nåke om å spele vekk penger, men nå va han tom for alternativ. Og dokka va jo så fin, med sid kjole og langt hår. Jau, han ville ta sjansen. Han kjøpte lodd for 100kr, og skreiv navnet sitt sirlig i boka. Han hadde ikkje telefon, så dei fekk komme heim te han med ho hvis han skulle vinne. Dei skulle trekke på onsdag, så då fekk han krysse fingrane for at han vant dokka slik at Jente 9 år fekk det ho ønska seg til jul.

 

Gamlingen kikka på klokka. Det nærma seg tida for å ta bussen heimover, men først ville han innom å se om dei hadde nåke drikkans i nabolokalet. Før hendte det at han stella seg med slikt sjøl, men han blei så klein sist at han trudde mest der måtta ha kommet rotter i satsen. Han såg på dei fine flaskene, i alle farger og fasonger, og han bestemte seg for at han ville ha med seg ei flaske av det brune slaget. Så hadde han nåke å by på dersom han skulle få fremmen i romjula. Dama bak disken va god te å hjelpe han å finne nåke han konne like, og sjøl om han syns det va uhyggelig dyrt, va han temmelig sikker på at det kom te å smake.

 

Godt fornødd labba gamlingen te bussen. Det begynte å bli skomt, og gamlingen syns det va så fint med alle dei fine lysa ront forbi. Då bussen kjørte opp Gjerstadveien satt gamlingen og tenkte på alt han hadde sett og hørt på turen, og dei gilde folka han hadde preka med.

 

Han fekk mest klump i halsen då han så bygda som lyste så trivelig inst i Gjerstadvannet, med kjørka som ein trygg bauta oppå vollen på øversia prestgården. Bygda lå liksom å ønska han velkommen heim igjen.

 

Der va nåka hus som hadde mykje lys te jul. Ein hadde te å me fylt både treer og heile verandaen i blå og kvite lys, med nåka store lys som mest måtte blende dei som va i verdensrommet. Gamlingen bekymra seg for om dei hadde tenkt på å dyr strømmen va, men dei om det. Han va kje slik ein som skulle svartmale alt andre dreiv med.

 

Då han kom heim satte han nissen på kjykkenbordet (han konne fortsatt ikkje komme på hvem den ligna), putta sjokoladen og polpåsen i skåpet og fleskepølsa, sylta og lungmosen i kjøleskåpet. Arbeidshanskene la han fint i gangen. Deretter fyrte han opp i ovnen, åt litt lungmos, og gikk rett til sofaen og søvna som ein stein. Han drømte om julelys og store kaffikoppar med munker til.

 

Tirsdag og onsdag brukte han tida til å høgge ved, bytte ut juleneket og pusle i verkstedet sitt. Han tenkte veldig på om han kom te å vinne dokka til Jente 9 år. Han strødde godt i tona sånn at dei skulle komme greit fram, hvis dei nå skulle kjøre heim med gevinsten te han.  Mørket kom, og gamlingen begynte å miste motet. Klokka nærma seg sju, og det va snart leggetid. Gamlingen fekk klump i brøstet. Han hadde så inderlig håpa å vinne. Men det va nok som far hans sa, at slik speling med penger drar deg rett ut i uløkka. Gamlingen slekte lyset og gikk og la seg. Han fekk kjøre ned med jakka, lua og sokkane. Så kom ikkje Jente 9 år te å fryse om ikkje anna.

 

Neste mårra sto han opp tidlig. Det va fremdeles mørkt ute, men han la i ovnen og gikk ut te utedoen for å slå lens. Detta va en slik ein dag som aldri heilt kom fram i lyset, tenkte gamlingen. Det va overskya og både kaldt og rått i lufta på same tida. Han grudde seg til å sette seg på mopeden i slikt vær. Han smørte seg ei skjeve, la på nåke fleskepølse og kjente at han va skikkelig sulten. Han hadde jo knapt ete i går, for han hadde opplevd så mykje at det hadde han reint glømt. Og detta va fleskepølsa si!! Ska sei dei vet å lage fleskepølse ut på heia tenkte gamlingen.

 

Etter frokost satte han seg med bordet og kikka på det han hadde handla dagen før. Jente 9 år kom nok til å like jakka, og dei mjuke sokkane. Lua virka veldig god og varm. Han tok på sine egne rosa mjuke sokker. Nå kom han aldri te å fryse på beina meir i si tid!

 

Då kom der plutselig bil opp i tona. Han fekk nå aldri besøk, og han kjente at hjertet begynte å slå i brøstet. Va det tjuvar tru? Eller Jehovas Vitne?

Han smaug se ut i gangen og gløtta ut bak gardina. Det va ho frå husflidslaget!!

Han forta seg å åpne døra, og glømte heilt at han sto i bare stillongsen. Og de rosa lodne hosene… Dama frå helselaget smilte bredt da ho så han.

 

Ho åpna bagasjelokket og tok ut ein påse. «Kan tru du vant» hoia ho til gamlingen. Det kvite håret henners sto litt bustete opp bak pannebandet ho hadde på seg. Ho va rød i kjakene og latteren smitta over på gamlingen. Dei gikk inn på kjøkkenet og han helte i ein kopp kaffi til kjerringa. Han skalv på nevane så spent va han. «Du vant tri ting! Makan til vinnerlykke!» sa ho. Tri ting?  Gamlingen kikka på ho med store auger. «Hå vant e då?» spørte han? «Du vant ein keramikknisse» lo ho, og tok ut akkorat same nissen som han hadde kjøpt på Europris. «E tykker an ligner på du» lo kjerringa og satte den på bordet med sia den andre.

Gamlingen blei først litt snurt, men så konne han ikkje anna enn å le med ho. Det va jo jaggu heilt sant. Ikkje rart han ikkje kom på kem den ligna…

 

«Og så vant du sjølvaste hovedpremien!! Ein DAB radio!!» Gamlingen slo nevane sammen, så forfelt blei han. Dei radioane visste han at va dyre. Nå konne han få med seg værmeldinga igjen!

 

«Men vant e ikkje dokka» spørte han? Kjerringa kikka på han over brilleglasa og spørte:»Hå ska du gamle mannen med ei dokke?» Gamlingen kikka i gulvet, og så fortelte han heile historia om den store grana, og dei små lappane, og at han så jønne skulle ha gitt Jente 9 år ei dokke sammen med vinterkleene.  Kjerringa blei litt blank i augene då han fortelte åffer han så jønne ville vinne ei dokke. «Men du,» sa ho, «du vant dokka. E konne ikkje begripe åffår du ønska så inderlig å vinne denna, men nå forstår e det!»

 

Gamlingen blei heilt mållaus. Der va jo dokka! Nå kom Jente 9 år te å bli glad!!

 

Kjerringa bøy se te å levere gava til Jente 9 år på butikken for han, og gamlingen takka gladelig ja. Då slapp han å fryse på seg halsvondt på turen, og han va sikker på at gava kom trygt fram.

 

Då julekvelden omsider kom, satt gamlingen foran ovnen i stillongs og med de rosakledde beina på krakken. Han va god å mett, for han hadde ete lungemos og skjeve med både Kvitseidsmør og fleskepølse. Nå satt han med fruktnøttsjokoladen og et glass med litt brunt kjøpbrennevin. Han konne like jønne smake på an, så han ikkje kom te å by på kleint brennevin hvis der skulle komme nåken i romjula. På DAB radioen spela dei fine gamle julesanger. Det va kje så dum investering dei lodda alikevel, smilte han for seg sjøl.

 

Han tenkte på Jente 9 år og lurte på om ho blei glad då ho åpna pakkene i kveld. Han trudde det. Han tenkte på alle dei fine folka han hadde møtt nå før jul, på guttongen på verkstedet, Kveimsgutten, skuleongane, kjørketjeneren, bankdama og de trivelige folka i butikkane i bygda -og ikkje minst ho blide dama frå husflidslaget…

 

Gamlingen strekte ryggen og smilte i skjegget mens han tenkte –« E e jaggu glad e blei født gjersdøling!»

 

GOD JUL  FRA EN GJERSDØLING 

Flere saker

Skolene begynner igjen mandag 20. august

Per Vetle Kals på seremoniplass etter dagens NM-sølv for stallansatte

Sølv til Per Vetle Kals i NM for stallansatte

Soten vant med Per Vetle Kals i sulkyen

Per Vetle Kals på andreplass i NM før siste løp

Per Vetle Kals. Foto: Hesteguiden.com

Kan toppe suksessår med NM-tittel

Garli Moe Garlin vant på Bjerke onsdag

The Double for Tor Martin

Moe Tyr var suveren i kveldens V76-omgang på Bjerke Travbane

Moe Tyr med full kontroll på Bjerke travbane

Fra Brokelandsheiadagene 2016. Foto. Smeland Media

Flere nye utstillere til årets folkefest på heia

Per Vetle Kals med dobbeltseier i kveld

Per Vetle herjet på Sørlandet Travpark søndag