Oskar Tore Brendalsmo
Oskar Tore Brendalsmo

Den femte statsmakt?

" Blir demokratiet tynna ut av dette «knefallet» for Facebook, Instagram og Twitter? "
Oskar T. Brendalsmo

Lovgjevande, utøvande og dømmande makt, - det seiast det at pressa er den fjerde statsmakt, - då som opinionsformidlar og opinionsskapar. I våre dagar er dei sosiale media komen inn på den politiske arenaen, dei gravande sanningssøkjande journalistane i den solide pressa er sett litt til side, i ein viss grad. Brukarar av Twitter, Facebook, Instagram og  - kan hende endå fleir, får meldingane sine rett inn i lomma og IPhonen til dei styrande organa. Denne plattforma av sosiale media – slik den breier om seg, kan då sjå ut som om dei vert ei lovgjevande, utøvande og dømande makt i seg sjølv. Det kjem an på kor gode dei er til å utnytte denne plattforma.

Sjølv er eg ingen brukar av sosiale media, men eg er samfunnsinteressert og les mykje politisk og anna samfunnsstoff og kan sjå at personar frå styresmaktene somme tider kan la seg påverke av desse nye media. Blir demokratiet tynna ut av dette «knefallet» for Facebook, Instagram og Twitter?  Kan interessegrupper køyre målretta kampanjar i desse media for å få gjennom sine saker? Eg meiner ein kan sjå teikn på det.

Årsaka til at eg er ute med dette nå, er at det er stortingsval til måndag. Stortinget: Det regellagande organet. Før var Stortinget fylt opp av ideologisk styrde kvinner og menn. No er det ikkje lett å få auga på parti-ideologien lenger – utanom dei ytste fløyene, brorparten har samla seg i midten – kan hende i «Facebook-tåka», medan verdas miljøskute har stø kurs mot stupet. Det eg bed veljarane om no er: Tenk ideologi, og - om du har gløymt eller ikkje veit kva ideologi er; søk på google.

Oskar T Brendalsmo

Flere saker

Arrangørene av "Movemberkonserten" i Gjerstad oppfordrer alle til regelmessig legesjekk.

Vennegjeng arrangerer konsert med viktig budskap

Spente elever fikk vite mer om livet i havet på utsiden av Risør

3.klasse på tur til Akvariet i Risør

Boken "Det store spillet" gis ut av Estate Forlag før jul i år

Estate Media lanserer ny bok i eget forlag

Tarald & Bygdebandet inviterer til countrykveld fredag 29. september

Lager countryfest på Lyngrillen

Vinner du Vipps-konkurransen kan du spenne deg fast for en heftig driftingrunde i Skien!

Støtt opp om Team Olav H. Hasdal og vinn en driftingrunde!

Hannah og Harald Lunden i God Morgen Norge (skjermdump: TV2)

Følg den sterke historien om Hannah på TV2

"Superlæreren" Håvard Tjora holder foredrag på Risørhuset 20. september.

Abelseminaret åpner til uka

Bli med på Gjerstadmarsjen, denne gang forhåpentligvis i fint vær!

Bli med på Gjerstadmarsj søndag 17. september